Mineraltoktet vel i hamn

tokt1.JPG

Her er borekjernen på veg opp på dekk.

09.10.2020 Oljedirektoratet (OD) har igjen jakta mineral på havbotnen – denne gongen med hjelp av ny teknologi, iallfall i denne samanhengen.

Med fartøyet Island Valiant har OD vore på eit fem veker langt tokt på Mohnsryggen nordvest i Norskehavet. Tidlegare i veka la fartyet til kai på Hareid på Sunnmøre etter vellukka tokt.

På toktet har operatøren TIOS gjennomført boreoperasjonar på 3000 meter havdjup for å ta prøvar av mineralførekomstar.  Dei siste åra har OD vore på fleire kartleggingstokt, både i samarbeid med Universitetet i Bergen og på eigen kjøl.

Med hjelp av detaljerte data og prøvar frå havbotnen er det påvist fleire mineralførekomstar.

I desse førekomstane finst det metall og mineral som er viktige for mellom anna batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

Mohnsryggen er ein oseansk spreiingsrygg som skil to jordskorpeplater, og føremålet med dette toktet var å gjere undersøkingar under havbotnen med å bore grunne hol i mineralfelta og å teste ut boreteknologien på så store havdjup.

Oljedirektoratet er fagdirektorat også for mineral på havbotnen, og har fått i oppdrag av Olje-og energidepartementet å kartleggje og påvise mineralførekomstar i djuphavet. 

Banebrytande operasjonar

Boreoperasjonane blei gjort på meir enn 3000 meter djupt vatn med kveilerøyr, dette er ein samanhengande borestreng som er kveila på rull. I tillegg til TIOS har Island Offshore, Halliburton og Oceaneering vore sentrale for prosjektet. 

«Dette er eit ekte pionertokt», seier leitedirektør Torgeir Stordal i OD.

«Det er første gong det er nytta kveilerøyrteknologi på så store havdjup, og det er første gong slik boreteknologi blir brukt til utforsking av mineral på havbotnen».

«Sidan dette er upløgd mark, var vi ikkje sikre på om det ville fungere. Det har det gjort. Vi har tatt mange prøvar som blir nyttige i arbeidet framover», legg han til.

«Kompetanse som norsk industri har opparbeidd seg etter 50 års erfaring frå petroleumsbransjen gjorde at dette nybrottsarbeidet blei vellukka. Norsk teknologi og kompetanse banar veg også på dette området, og viser at vi er leiande innanfor utforsking av mineral på havbotnen».

Skal analysere

Dette er tredje gong OD utfører eigne operasjonar på djupt vatn for å kartleggje potensialet for mineral på havbotnen, og innsamla data og prøvemateriale skal nå analyserast.

«Resultata blir ein viktig del av grunnlaget for å vurdere kor store mengder mineral som finst i desse områda. Dette er ei oppgåve Olje- og energidepartementet har bede OD om å utføre», seier oljedirektør Ingrid Sølvberg.

skorstein2.jpg

Sulfidskorsteinar frå et utdøydd felt i eit område kalla Mohnsskatten.

Kontakt
Eldbjørg Vaage Melberg

Tlf: +47 51 87 61 00

Oppdatert: 13.10.2020

Siste nyheter

Boreløyve for brønn 31/4-A-23 F
24.10.2024 Sokkeldirektoratet har gitt OKEA ASA boreløyve for brønnbane 31/4-A-23 F i utvinningsløyve 055, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Produksjonstal september 2024
21.10.2024 Førebels produksjonstal i september 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 720 000 fat olje, NGL og kondensat.
Revidert datasett som kan forenkle planlegging av CO2-lagring
16.10.2024 Sokkeldirektoratet har gjennomgått cirka 800 brønner og revidert topp og bunn for Utsiragruppen og Skadeformasjonen slik at de blir konsistente.
Boreløyve for brønnbanane 7122/7-8 og 7122/8-3 S
10.10.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Vår energi ASA boreløyve for brønnbane 7122/7-8 og 7122/8-3 S i utvinningsløyve 229, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Høring – forslag til endringer i forskrift om fiskal måling i petroleumsvirksomheten
03.10.2024 Sokkeldirektoratet fremlegger med dette forslag til endringer i forskrift om fiskal måling i petroleumsvirksomheten (måleforskriften).
Avgrensning av funn i Norskehavet (6507/2-7 S)
03.10.2024 Aker BP har påvist gass i avgrensningsbrønn 6507/2-7 S i Norskehavet, 230 kilometer vest for Sandnessjøen.
Vil åpne tette reservoarer
01.10.2024 Sokkeldirektoratet mener at nyvinninger innen hydraulisk oppsprekking bør føre til at flere funn med tette reservoarer blir bygd ut. Direktoratet utfordrer næringen til å gå løs på et av de største av dem – "Victoria"-funnet i Norskehavet.
Visste du at du kan bestille Sokkelkartet vårt?
25.09.2024 Sokkelkartet viser blant annet alle felt, funn, tildelte områder og områder åpnet for leting etter olje og gass på norsk sokkel. Det gir også oversikt over alle utvinningstillatelser.
Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/10-13 S)
24.09.2024 Equinor og partner DNO har gjort et funn av olje og gass i den nordlige delen av Nordsjøen.
Letevirksomheten har vært lønnsom i alle havområder
23.09.2024 En analyse som Sokkeldirektoratet har utført av letevirksomheten de siste 20 årene (2004-2023) viser at verdien av funnene er over tre ganger kostnadene.