Mykje olje og gass igjen på norsk sokkel
17.02.2021 I den oppdaterte ressursrekneskapen anslår Oljedirektoratet at det er 8 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalenter (Sm3 o.e.) igjen på norsk kontinentalsokkel.
Det er 19 ganger meir enn det volumet som skal produserast frå Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen.
Ressursrekneskapen er ein oversikt over Oljedirektoratet sitt estimat for dei totale påviste og ikkje-påviste petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel.
Av de ressursane som er igjen på norsk sokkel, er 4,2 milliarder Sm3 o.e, eller 52 prosent, påvist. Estimatet for ressursar som ikkje er påvist, er på 3,8 milliardar Sm3 o.e. Om lag 60 prosent av desse ligg i områder som er opne for petroleumsverksemd.
Dei totale påviste og ikke påviste petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel er berekna til 15,8 milliardar Sm3 o.e. Dette er 28 millionar meir enn per 31. desember 2019.
Direktør for sokkelanalyser og dataforvaltning May Karin Mannes opplyser at 49 prosent av ressursane, eller 7,8 milliardar Sm3 o.e, selt og levert.
Produksjonen på norsk sokkel i 2020 var på 229 millionar Sm3 o.e.
Oppdatert: 19.02.2021