ODs teknologidag: No er programmet klart
24.03.2023 Har du hugsa å melde deg på ODs teknologidag i Stavanger 7. juni?
Teknologidagen er primært for tilsette hos ressursstyresmakter og rettshavarar på norsk sokkel.
«Vi har fått på plass eit solid fagleg program med dyktige foredragshaldarar. Som i fjor håpar vi på gode diskusjonar og engasjerte deltakarar», kommenterer teknologikoordinator Arvid Østhus.
Formålet med arrangementet er å vise korleis bruk av teknologi kan resultere i auka verdiskaping på sokkelen. Dagsordenen tar utgangspunkt i dei tre satsingsområda i ODs teknologistrategi, som er innsamling av undergrunnsdata, utfordrande fat og neste generasjons produksjonssystem.
Representantar frå selskapa på sokkelen deler erfaringane og betraktningane sine innanfor desse områda – og etterpå blir det debatt.
Her er kortversjonen av dagsordenen:
- Innleiing, Arvid Østhus, Oljedirektoratet
- Kvifor er styresmaktene opptatte av teknologi? Gaute Erichsen, Olje- og energidepartementet
- Framsteg i seismisk avbilding og prediksjon av tynne sandinjektitter, TBD, Vår Energi
- Borehole Image Logs – enorme datamengder frå eit lite borehol, Dr. Brita Graham, Equinor
- Effektiv bruk av EM-data: 3D versus 2D, Dr. Martin Springer, Aker BP
- Pilotprosjekt for Coiled tubing drilling på Ekofisk, Fredrik Fossan og Anna Fordar, ConocoPhillips
- Ny teknologi – «Single-trip Multi-frac», Marius Berge-Skillingstad, Equinor
- Smarte brønnløysingar for utvinning av Heidruns djupe formasjonar, Elling Sletfjerding, Equinor
- Hywind Tampen Gullfaks – Samkøyring av vindkraftverk og gasskraftverk, Bjarne Monsen, Equinor
- Utvikling av undervassdronar, Andy Gower, TotalEnergies
- Erfaringar og strategi med 3D-utskriving og digitalt forsyningsnettverk, Brede Lærum, Equinor
- Oppsummering og avslutning, Arne Jacobsen, Oljedirektoratet
Les detaljert program og meld deg på her innan 31. mai.
Oppdatert: 24.03.2023