CO2-lagringsatlas for den sørlege delen av Barentshavet

Oljedirektoratet har fullført kartlegginga av moglege CO2-lager på norsk sokkel, og publiserer i dag ein atlas over den sørlege delen av Barentshavet.

CO2-atlas over Nordsjøen blei lansert for to år siden, etterfølgt av ein atlas over Norskehavet tidlegere i år.

Kartlegginga omfattar den delen av norsk sektor i Barentshavet som er opna for petroleumsverksemd. Ei nærmare evaluering viser at det teoretisk er mogleg å lagre 7,2 milliardar tonn (Gt) CO2 i reservoarbergartane i den sentrale delen av dette området. Lokalitetane der det er mogleg å lagre CO2 ligg i område der ein reknar med at det vil vere petroleumsverksemd i mange år framover. Eventuell framtidig CO2-lagring i stor skala i Barentshavet må derfor sjåast i samanheng med interessene til petroleumsindustrien.

Det er vurdert at det kan lagrast 70 millioner tonn (Mt) CO2 på strukturar der det er påvist at det ikkje er produserbare hydrokarbonar. Det er i tillegg berekna ein lagringskapasitet på dei mindre strukturane innan Snøhvit-utbygginga på 200 Mt som kan vere aktuell i framtida når gassproduksjonen her blir avslutta og strukturane blir forlate.

Til samanlikning er det berekna at den norske delen av Nordsjøen har ein lagringskapasitet på om lag 70 Gt, og Norskehavet 5,5 Gt.

Atlasane bygger på informasjon frå seismiske undersøkingar i tillegg til brønn- og produksjonsdata frå oljeverksemda, men Barentshavet er mykje mindre utforska enn Nordsjøen og Norskehavet.

«Ein stor del av dei moglege CO2-lagera vi har evaluert, er betydeleg mindre modne enn dei to andre havområda vi har kartlagt,» sier prosjektleiar Eva Halland.

Direktoratet har under arbeidet med dei tre atlasane kartlagt vassfylte formasjonar og strukturar i undergrunnen, og deretter evaluert om desse eignar seg til langsiktig og sikker lagring. Eitt av kriteria er at lagera ikkje skal ha negativ innverknad på olje- og gassverksemda no eller i framtida.

«Barentshavet er ein umoden petroleumsprovins, og det er olje- og gassverksemd i heile området. Det har derfor ikkje vore mogleg å avgrense eventuelle CO2-deponi mot petroleumsverksemd, slik vi har kunna for dei andre havområda,» sier Halland.

I Barentshavet er det ein del  naturleg CO2 i gassen. Dette er påvist av fleire leitebrønnar som er bora i området. Når olje- og gassfelta skal byggast ut, kan det bli behov for å fjerne denne CO2-gassen.

Under arbeidet med atlasen har store og små strukturar som kan brukast til å lagre CO2 for framtidige feltutbyggingar derfor blitt evaluert.

Halland viser til erfaringane frå Snøhvit, der CO2 er blitt fjerna frå gassen og deponert i undergrunnen sidan 2007.

«Dette har gitt oss god forståing av korleis CO2 kan lagrast i området,» seier ho.

Ei oppdatert samleutgåve av atlasane er planlagt utgitt neste år.

 

Kontakt
carbonstorage@sodir.no

Tlf: 51 87 60 00

Oppdatert: 18.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
carbonstorage@sodir.no

Tlf: 51 87 60 00