Gassinjeksjon

Gassinjeksjon blir brukt som trykkstøtte i reservoaret ved å skyve olje inn mot produksjonsbrønnen. Gassane som blir brukt til injeksjon er i all hovudsak hydrokarbonar, men karbondioksid (CO2) og nitrogen (eller nitrogenrik røykgass) kan også brukast.

Den injiserte gassen kan vere blandbar, slik at gassen og olja blir oppløyst i kvarandre og dannar ei meir mobil væske, eller den kan vere ikkje-blandbar slik at olja og gassen held seg i eigne fasar. Gassinjeksjon har god mikroskopisk fortrenging. I 2019 er det 22 felt på sokkelen som har gassinjeksjon.​

​Oseberg bruker injeksjon av gass og vatn som trykkvedlikehald i reservoaret. Injeksjon av store mengder gass høgt oppe på strukturen i hovudfeltet fører til at olja blir dytta svært godt gjennom reservoaret. Tidligare blei injeksjonsgass importert frå Troll Øst (TOGI) og Oseberg Vest.

Nå blir produsert gass delvis eksportert og delvis injisert. I 2012 fekk Oseberg Oljedirektoratets IOR-pris for sitt arbeid med å auke utvinninga ved hjelp av gassinjeksjon på feltet. ​

Les meir

Kvifor får vi ikkje ut all olja?

Vassinjeksjon

VAG

Tilleggsbrønnar

Avanserte utvinningsmetodar (EOR)

 

Oppdatert: 17.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.