Kvifor får vi ikkje ut all olja?
Å sikre høg utvinningsgrad, god ressursutnytting og verdiskaping frå felta krev tilgang til rett teknologi, nok kvalifisert personell og evne til beslutningar.
Utvinningsgrad for olje er eit mål for kor stor del av olja som kan utvinnast.
I berekninga av utvinningsgrad inngår både dei mengdene som er til stades og dei antatt utvinnbare mengdene. Det er usikkerheit knytt til begge størrelsane, spesielt i tidleg fase av eit prosjekt. Berekning av volum som er til stades blir dessutan ofte utført ulikt av oljeselskapa.
Dette gjer det vanskeleg å samanlikne utvinningsgrad mellom felta. Endringar i utvinningsgrad over tid er likevel ein indikator på det arbeidet som rettshavarane gjer for å auke utvinninga.
Trenger «drahjelp»
Olja ligg i små porer i bergarten som dannar reservoaret. I eit oljereservoar er mellom 60-90 prosent av porevolumet fylt med olje og resten med vatn. For at olja skal kunne produserast, må olja som er i porene fortrengast av noko anna. Dette kan skje ved naturleg innsig av vatn når trykket synk eller av at ei gasskappe utvidar seg. Som oftast må vatn eller gass injiserast for å oppnå tilstrekkeleg fortrengning.
Sjølv med god fortrengning vil noko av olja bli liggande igjen i porene. Kor stor denne residuale oljemetninga er, vil vere avhengig av eigenskapane til bergarten og olja. Den er også avhengig av eigenskapane til stoffet som fortrenger.
Fortrenging med gass gir som oftast lågare restmetning (5-15 prosent) enn fortrenging med vatn (10-25 prosent).
Mikroskopisk fortrengingseffektivitet beskriv kor effektivt ei injisert væske (for eksempel vann eller gass) fortreng olja i reservoaret. Når vi snakkar om mikroskopisk fortrengingseffektivitet, fokuserer vi på små skalaar, som poreskala i bergarten. Variasjonar i reservoarbergartseigenskapar og fluideigenskapar kan påverke denne effektiviteten.
Fleire faktorar spelar inn
I tillegg til den olja som blir liggande igjen der det er effektiv fortrenging, vil det vere område i reservoaret der fortrenginga er mindre effektiv, og område der det fortrengande mediet ikkje når inn. Kor effektiv fortrenginga er, blir styrt av forma og utstrekninga til reservoaret, av korleis kvaliteten på reservoarbergarten varierer og av kor utvinningsbrønnane blir plassert.
Normalt blir dette delt inn i vertikal fortrengingseffektivitet, som hovudsakeleg er styrt av lagdelinga i reservoaret, og horisontal fortrengingseffektivitet, som er meir styrt av forma og utstrekninga til reservoaret og av forkastningar.
Figur 4.1 under illustrerer korleis fortrenginga kan verke både på porenivå og i større skala.
Figur 4.1 Tverrsnitt av eit reservoar som viser eit eksempel på fordeling av olje og vatn etter vassflauming og fordelinga av væskene på porenivå.
Figuren viser eit eksempel på utvinningsgrad ved ulike verdiar av dei ulike parametrane. Dersom utvinningsgraden (R) skal endrast, må minst ein av faktorane som inngår endrast.
God kjennskap til reservoaret og omfattande utredningar må til for å berekne effekten av eit tiltak og om det er kostnadseffektivt.
Utvinningsgraden kan bereknast på denne måten:
Les meir:
Avanserte utviklingsmetodar (EOR)
Oppdatert: 17.07.2024