Vassinjeksjon

Vassinjeksjon blir brukt som trykkstøtte i reservoaret. Det injisterte vatnet skyv olja frå injeksjonsbrønnen mot produksjonsbrønnen.

Det injiserte vatnet er behandla formasjonsvatn eller sjøvatn. I 2019 er det 41 felt på sokkelen som har vanninjeksjon.​

Ekofisk blei opprinneleg produsert med trykkavlasting, og hadde ein forventa utvinningsgrad på 17 prosent. Seinare har vassinjeksjon bidratt til ei betydeleg auke i oljeutvinninga. Omfattande vassinjeksjon begynte i 1987, og sidan har området for vassinjeksjon blitt utvida i fleire fasar.

Erfaringar har vist at vatnet fortrenger olja langt meir effektivt enn venta, og den endelege utvinningsgraden på Ekofisk er estimert til over 50 prosent.

 

Mobil olje

 

Figur: Tverrsnitt av eit reservoar som viser eit eksempel på fordeling av olje og vatn etter vassflauming, og fordeling av væskene på porenivå.

Les mer:

Kvifor får vi ikkje ut all olja?

Gassinjeksjon

VAG

Tilleggsbrønnar

Avanserte utvinningsmetodar (EOR)

 

Oppdatert: 17.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.