Aktivitetar og resultat
Sokkeldirektoratet arbeider for at ressursane på norsk kontinentalsokkel blir forvalta på ein måte som gir størst mogleg verdi for samfunnet.
Denne delen av årsrapporten samanfattar hovudaktivitetane i 2025 og viser korleis direktoratet gjennom kunnskap, rolla som pådrivar og ansvarleg forvaltning bidreg til ein effektiv, berekraftig og langsiktig utvikling av ressursane på sokkelen.
Hovudmål
Hovudmålet til direktoratet er å bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda på norsk kontinentalsokkel. Dette skal gjerast gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning, der det blir teke omsyn til helse, miljø, tryggleik, utslepp av klimagassar og andre brukarar av havet.
Direktoratet skal vidare bidra til forvaltninga av CO2-lagringspotensialet på kontinentalsokkelen for å leggje til rette for reduserte utslepp av klimagassar og forvaltninga av norske havbotnmineralressursar.
Mål- og resultatstyring er eit grunnleggande prinsipp i statleg styring. Sokkeldirektoratet blir i hovudsak styrt gjennom tildelingsbrevet frå Energidepartementet, som årleg fastset mål, rammer og prioriteringar.
For å oppnå hovudmålet har direktoratet i 2025 arbeidd med ulike aktivitetar og oppgåver som var kategoriserte under desse delmåla i tildelingsbrevet frå Energidepartementet:
- Delmål 1: Rasjonell og heilskapleg arealforvaltning, tildeling av attraktivt leiteareal og langsiktig ressurstilgang
- Delmål 2: Arbeid for samfunnsøkonomisk lønnsam utvinning av petroleum gjennom forsvarleg og effektiv leiting, utbygging og drift
- Delmål 3: Effektivt innhente, forvalte, gjere tilgjengeleg og formidle data, analysar og kunnskap om norsk kontinentalsokkel
- Delmål 4: Leggje til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen
- Delmål 5: Leggje til rette for sikker lagring av CO2
I tillegg til delmåla var desse særskilt prioriterte oppgåvene sette opp for 2025 i tildelingsbrevet:
- Iverksette ny organisering med styrka leiarkapasitet
- Medverke til å realisere lønnsam utvinning frå tette reservoar, herunder medverke til samarbeid og samordning i petroleumsnæringa
- Bistå departementet i å etablere ei styrka oppfølging av felt i drift for å leggje endå betre til rette for god ressursforvaltning og auka verdiskaping
- Vidareutvikle undergrunnsforståing for å ta opp problemstillingar og medverke til god ressursutnytting mellom petroleum og lagring av CO₂.
Nedanfor følgjer nærare omtale av arbeidet til direktoratet innanfor dei ulike delmåla og særskilt prioriterte oppgåvene i 2025. Rapporteringa følgjer strukturen i tildelingsbrevet med delmål og tilhøyrande aktivitetar og oppgåver. Sjå kapittelet «Ressursbruk» i kapittel 2 av årsrapporten for ei oversikt over korleis ressursbruken er fordelt per delmål.
Særskilde prioriteringar
Særskilde prioriteringar er område der Sokkeldirektoratet har vorte beden om å gi ekstra innsats for å styrkje ressursforvaltninga og auke den samla verdiskapinga på sokkelen. Desse prioriteringane har styrt viktige delar av ressursbruken til direktoratet og bidrege til målretta oppfølging av tema med stor betydning for langsiktig utvikling av petroleums- og energisektoren.
Arbeidet har samtidig gitt eit betre fagleg grunnlag for styring, avgjerder og vidare politikkutvikling.
Oppdrag: Implementere ny organisering med styrkt leiarkapasitet
Basert på arbeid som blei initiert i 2024 blei det i 2025 framforhandla og implementert ny organisasjonsmodell i Sokkeldirektoratet.
Den nye modellen er kjenneteikna av styrkt leiarkapasitet, tydelege beskrivingar av roller og ansvar, avvikling av lagmodellen, vidareføring av fagnettverk, og organisering av tidsavgrensa arbeid i prosjekt.
Styrkt leiarkapasitet
Den totale leiarkapasiteten er styrkt frå 18 til 21 leiarar totalt i direktoratet. Ressursforvaltninga var tidlegare organisert i to hovudområde.
I ny struktur er ansvaret fordelt på tre hovudområde; Sokkelutvikling, Områdeutvikling og teknologi, og Regelverk, lisens- og arealforvaltning. Det samla talet på leiarar innan ressursforvaltninga er auka frå 10 til 12.
Vidare er det etablert eit eige hovudområde for Forbetring og digital omstilling. Her er også leiarkapasiteten auka frå fire til seks leiarar.
I samsvar med framforhandla protokoll, kan leiarkapasiteten i direktoratet styrkast ytterlegare dersom talet på tilsette aukar.
Direktoratet fører vidare ein modell med to stabseiningar. Begge desse har noko justert ansvar.
Tydelege roller og ansvar
Dei ulike einingane i organisasjonen (hovudområde, område og stabar) har dedikerte leiarar, tydelege beskrivingar av tilhøyrande ansvar, og er tildelt menneskelege ressursar.
I tillegg til leiarrollene finst det definerte roller som fagleiar og prosjektleiar. Ingen av desse rollene har ressursansvar, og dei er derfor ikkje formelle leiarroller. Begge rollene er også tidsavgrensa.
Prosjekt
Tidsavgrensa oppgåver blir i stor grad utførte gjennom prosjekt. Desse blir prioriterte to gonger i året. Prosjekta blir bemanna med ressursar og ein prosjektleiar.
Prosjektorganisering gir fleksibilitet i oppgåveløysing, høve til å tilby varierte oppgåver og eksponere medarbeidarar for interessante og utviklande oppgåver.
Lagmodellen er avvikla
Sokkeldirektoratet har i fleire år praktisert ein lagmodell der oppgåver blei løyste i lag og der medarbeidarar har bidrege i fleire lag i parallell.
Lagmodellen er avvikla. Ansvar for både oppgåver og ressursar er no tydeleg plassert i faste organisatoriske einingar.
Fagnettverk blir vidareført
Det er etablert fagnettverk innanfor relevante fagområde som geofag, feltutvikling, reservoarteknologi, samfunnsøkonomi og juss. Desse blir leia av ein fagleiar.
Fagnettverka skal vere ein arena for fagleg utvikling og erfaringsoverføring og har eige budsjett. Det er forventa at medarbeidarar deltek i fagnettverk innanfor eige fagområde.
Organisering av arbeidet med å endre organisasjonsmodell
Før forhandling om ny organisasjonsmodell diskuterte partane organisasjonsendringar i ei partssamansett arbeidsgruppe.
Implementering fram mot dag 1 var delt inn i 4 arbeidsstraumar:
- Menneske og organisasjon
- Økonomi, verksemdsstyring og førebuingar til dag 1
- IT og system
- Prosjekt, fagnettverk og ressursstyring
Etter dag 1 (1. april 2025) har uteståande oppgåver blitt adresserte i og mellom dei respektive organisasjonseiningane. Dette inneber mellom anna justeringar av roller og ansvar og tilpassing av møtestruktur.
Ei gjennomgåande evaluering av organisasjonsmodellen er avtalt gjennomført innan utgangen av 2026.
Oppdrag: Bidra til å realisere lønnsam utvinning frå tette reservoar, under dette bidra til samarbeid og samordning i petroleumsnæringa
I fleire år har Sokkeldirektoratet jobba med å kartleggje moglegheiter for utvinning frå tette reservoar. Moglegheiter og ressursestimat i tette reservoar har vore omtalte i dei publiserte ressursrapportane frå direktoratet heilt sidan 2017.
I 2025 blei arbeidet med tette reservoar gjennomført av ei prosjektgruppe for å adressere det særskilde oppdraget Aktivitetane har omfatta møter med operatørar for å få ei oversikt over porteføljane og planane deira for å modne fram slike prosjekt, og møte med leverandørar for å få oversikt over relevante tilgjengelege teknologiar.
Sokkeldirektoratet har vidare utført modelleringsstudiar for å illustrere mogleg auka utvinningsgevinst ved å ta i bruk teknologi for auka brønnproduktivitet, slik som hydraulisk oppsprekking. Særleg har arbeidet og modelleringa utført på Victoriafunnet blitt presentert i mange eksterne forum og skapt stor interesse i næringa. Dette arbeidet er også presentert på ein internasjonal konferanse i Oman i 2025 og publisert som ein teknisk artikkel.
Vi har også arrangert fagturar til både SLB og Halliburton sine teknologisenter i Paris og Houston for å byggje kompetanse på relevant teknologi. Dette var lærerikt, og ga oss eit godt grunnlag til å vurdere korleis tilsvarande teknologi kan brukast til verdiskaping på norsk sokkel.
Tette reservoarer
Sokkeldirektoratet definerer tette reservoar som reservoar med så låg gjennomstrøymingsevne (permeabilitet) at brønnteknologi utover konvensjonell brønnteknologi er nødvendig for å oppnå høge nok produksjonsratar til at utvinninga blir lønnsam.
Slik teknologi kan vere brønnstimulering i form av hydraulisk oppsprekking eller bruk av tynnhullsboring (t.d. Fishbones).

Biletet viser Sokkeldirektoratet i Permian Basin, Midland, USA. Foto: Erika Johana Tovar/Halliburton.
Sokkeldirektoratet har i 2025 identifisert ei rekkje prosjekt og funn som kan vere aktuelle for teknologi som hydraulisk oppsprekking, eller andre tiltak for å auke brønnproduktivitet, og dermed mogleggjere lønnsam utvinning frå tette reservoar. Det er gledeleg at fleire selskap no set søkjelys på desse ressursane, og at fleire av dei vel å søkje på areal som inneheld prospekt og påviste funn med tette reservoar i tildelinger i forhåndsdefinerte områder (TFO) 2025.
Resultat frå arbeidet med dette særskilde oppdraget er publisert mellom anna på direktoratet sine nettsider.
Oppdrag: Bistå departementet med å etablere ei styrkt oppfølging av felt i drift for å legge endå betre til rette for god ressursforvaltning og auka verdiskaping
Det systematiske arbeidet med oppfølging av aktivitetar i utvinningsløyve heldt fram i 2025. I løpet av året blei departementet og direktoratet samde om målsetjingar for arbeidet med oppfølging og korleis direktoratet best kunne utøve rolla som pådrivar. Prioriterte område er baserte på saker og tema der innsatsen til ressursstyresmaktene vil utgjere størst forskjell.
I 2025 har direktoratet også arbeidd med å betre kunne prioritere oppfølginga av funn, felt og område og korleis dette arbeidet kan bidra til ein effektivisering av oppfølginga av næringa. Dette er blitt følgt opp og har vore tema i møter med industrien. Ved slutten av året blei måloppnåinga gjennomgått, og område for forbetring identifisert som grunnlag for vidareføring av effektiviseringsarbeidet i 2026.
Oppdrag: Vidareutvikle undergrunnsforståing for å adressere problemstillingar og bidra til god ressursutnytting mellom petroleum og lagring av CO2
Fleire av dei tildelte CO₂-lagringsløyva ligg nær produserande petroleumsfelt, noko som reiser spørsmål om sameksistens. Både injeksjon av CO₂ og petroleumsproduksjon påverkar trykket i akviferen og desse aktivitetane kan dermed påverke kvarandre.. For å handtere dette blei det i 2025 etablert eit prosjekt som vurderer samspelet mellom CO₂-lagring og petroleumsverksemd.
Prosjektet bruker ein regional reservoarmodell for å analysere korleis aktivitetane påverkar kvarandre. Arbeidet skal gi styresmaktene eit fagleg grunnlag for avgjerder og bidra til tilrådingar om best mogleg samla ressursutnytting mellom petroleumsnæringa og framtidig lagring av CO₂.

Figur 8: Den rød linja markerer ytterkanten til den statiske og dynamiske modellen Sokkeldirektoratet jobbar med for å svara ut den særskilde oppgåva.
Delmål 1: Rasjonell og heilskapleg arealforvaltning, tildeling av attraktivt leiteareal og langsiktig ressurstilgang
Sokkeldirektoratet arbeider for ei rasjonell og heilskapleg arealforvaltning som sikrar langsiktig og føreseieleg tilgang på attraktive leiteområde. Gjennom kontinuerleg oppdatering av ressursgrunnlaget, faglege vurderingar i konsesjonsprosessar og tydelege råd til Energidepartementet, legg direktoratet til rette for at potensialet på sokkelen kan utviklast over tid. Slik bidreg vi til at areala blir brukte effektivt og at nye ressursar kan påvisast og realiserast til beste for samfunnet.
Oppdrag: Ha god oversikt over petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel og gjennomføre eige arbeid for å innhente og behandle data, under dette data frå næringa
Sokkeldirektoratet oppdaterer jamleg estimata for uoppdaga ressursar, både i opne område og i område som ikkje er opna for petroleumsverksemd. Det er framleis betydeleg potensial for uoppdaga ressursar på norsk sokkel i alle havområde. Forventningsverdien av dei totale uoppdaga ressursane er estimert til å vere 3,5 milliardar standard kubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar som kan utvinnast.
Sokkeldirektoratet er oppteke av å synleggjere desse ressursane, mellom anna gjennom publisering i ressursrapporten, ressursrekneskapen, og på ulike konferansar og presentasjonar. Ein ny ressursrapport blir publisert i 2026.
Oppdrag: Gi faglege råd til departementet ved vurdering av petroleumsressursane og konsesjonsrundar
Sokkeldirektoratet gjennomførte geologiske, tekniske og økonomiske vurderingar av alle søknadane til TFO 2025 (tildelingar i førehandsdefinerte område). Dette danna grunnlag for forslag til nye utvinningsløyve med tilhøyrande arbeidsforpliktingar.
19 selskap fekk i januar 2026 tilbod om andelar i totalt 57 utvinningsløyve gjennom TFO-ordninga. Av dei 57 utvinningsløyva er 31 i Nordsjøen, 21 i Norskehavet og 5 i Barentshavet. 20 av utvinningsløyva er tilleggsareal til eksisterande utvinningsløyve. Dette viser at selskapa framleis har stor tru på at det er meir å finne i område med kjend geologi og i nærleiken av eksisterande infrastruktur.
Å utnytte ledig kapasitet i eksisterande infrastruktur for olje og gass er viktig for den vidare verdiskapinga på sokkelen. Då er det nødvendig at selskapa aktivt leiter etter og finn ressursane som er i nærleiken av infrastrukturen. Sokkeldirektoratet har foreslått utviding av TFO-arealet i 2026 basert på kriterium gitt i Meld. St. 28 (2010-2011) Ei næring for framtida – om petroleumsverksemda, og eit forslag til utviding blei lagt ut på høyring.
Oppdrag: Bidra til at areala på norsk kontinentalsokkel blir forvalta slik at den samla verdiskapinga blir høg, og at det blir sikra god sameksistens mellom etablerte og nye næringar som gjer bruk av havet
Meldesystemet til Sokkeldirektoratet for kommersielle undersøkingsaktivitetar i samband med leiting etter og overvaking av petroleumsressursar, leiting etter og overvaking av lokasjonar for CO2-lagring og dessutan leiting etter lokasjonar for plassering av havvindanlegg, bidreg til god sameksistens mellom næringar.
Data frå undersøkingsaktiviteten blir gjorde tilgjengeleg for interessentar via Sokkeldirektoratet sine nettsider. Dette bidrar til at planlegging og samhandling i havområda kan skje på best mogleg fagleg grunnlag, kostnadseffektivt og med minst mogleg konflikt mellom næringar.
Sokkeldirektoratet innrettar seg etter Energidepartementets praksis for tildeling av petroleums- og CO2-lisensar der ein no har opna for overlappande tildeling av petroleum og CO2-lisensar, dette for å leggja til rette for god sameksistens, eit døme på dette tildeling av EXL008 (leiteløve) som overlappar med PL 1093 i Nordsjøen.
Oppdrag: Utfordre gjeldande teoriar og kunnskap som ligg til grunn for rådande tenking om dei prosessane og elementa som må til for å få danna ein petroleumsakkumulasjon. På denne måten skal Sokkeldirektoratet sikre best mogleg kunnskap om ressursgrunnlaget på norsk kontinentalsokkel.
Sokkeldirektoratet er oppteke av at forståinga av og kunnskapen om danninga av petroleumsressursar på sokkelen stadig blir utfordra og utvikla. Dette skjer gjennom næringa og styresmaktene si vilje og evne til å investere i ny kunnskap og nye data, og dessutan sjå på eldre data med oppdatert kunnskap og nye idear. Sokkeldirektoratet følgjer opp ved å etterspørje denne typen aktivitetar, og dessutan kommunisere behov for ein diversifisert leiteportefølje. Direktoratet utfører også eige arbeid, presenterer resultat av dette, og har samarbeid med både styresmakter i andre land og akademia.
Eit døme på slikt arbeid er arbeidet Sokkeldirektoratet har gjort med å kartleggja ein ny kjeldebergart i Norskehavet og Barentshavet.
Delmål 2: Arbeide for samfunnsøkonomisk lønnsam utvinning av petroleum gjennom forsvarleg og effektiv leiting, utbygging og drift
Sokkeldirektoratet arbeider for at petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel blir forvalta og utnytta på ein samfunnsøkonomisk lønnsam måte gjennom heile verdikjeda – frå leiting til utbygging og drift.
På grunnlag av faglege vurderingar, ei aktiv rolle som pådrivar i utvinningsløyva og tett dialog med aktørane bidreg direktoratet til at moglegheiter for langsiktig verdiskaping blir identifiserte, modna og realiserte. Slik sikrar vi at ressursane blir utvikla på ein forsvarleg, effektiv og kunnskapsbasert måte til beste for samfunnet.
Oppdrag: Vere pådrivar for å sikre at moglegheiter for langsiktig verdiskaping blir vurderte innan leiting, utbygging og drift på norsk kontinentalsokkel. Under dette bidra til at aktørane innanfor sektoren som har ansvar for leiting, utbygging, drift og disponering, arbeider aktivt for at tildelt areal blir utforska tidsriktig og effektivt, at funn blir bygd ut og at tiltak for å auke utvinninga frå felt i drift blir identifiserte og gjennomførte.
Lisensforvaltning
Ved utgangen av 2025 var det over 530 aktive utvinningsløyve på norsk sokkel, forvalta av 23 rettshavarar i ulike samansetningar. Direktoratet følgjer opp verksemda gjennom heile livsløpet for utvinningsløyvet for å sikre langsiktig verdiskaping. Dette inkluderer etterspurnad etter planar, alternative løysingar og avgjerder, og dessutan oppfølging av at planar blir følgde og nye planar initierte ved behov.
Direktoratet bidreg til at dei beste løysingane for samfunnet blir valde, og vi utfører også eige arbeid som kartleggingar, simuleringsstudiar og områdestudiar. Behandling og oppfølging av søknadar gjer at moglegheiter for langsiktig verdiskaping blir vurderte innanfor leiting, utbygging, drift og avslutning på norsk sokkel.
Leiting
Sokkeldirektoratet har over fleire år vore ein pådrivar for auka leiteaktivitet i lite utforska område på norsk sokkel. Dei siste åra har selskapa fokusert på leiting nær eksisterande infrastruktur, noko som gir god lønnsemd på kort sikt.
For å realisere heile verdipotensialet på norsk sokkel, trengst det likevel meir leiting i område med lite utbygd infrastruktur, som i det nordlege Norskehavet og i Barentshavet. Det er også ønskjeleg at selskapa tar større risiko i mindre modne områder.
Områdevurderingar
Direktoratet legg stor vekt på at det blir gjort gode områdevurderingar ved planlegging av nye utbyggingsprosjekt, og etterspør at rettshavarane innarbeider relevante løysingar for god ressursutnytting. Avgjerder om ny infrastruktur set rammer for ressursutvikling i området, og rettshavarane må vise at vald løysing gir mest verdi. Områdestrategien er viktig for langsiktig og god ressursforvaltning. Lønnsemdsanalysane til Sokkeldirektoratet er basert på samfunnsøkonomisk verdi, med lågare avkastningskrav enn næringa, noko som fremjar langtidsperspektiv. Direktoratets analysar tar heller ikkje omsyn til ulike eigarskap til ressursane i motsetning til selskapa sine bedriftsøkonomiske analysar.
Langsiktig verdiskaping ligg også til grunn for tilrådingar til Energidepartementet om vurderingar av framtidige tiltak og potensial. Dette bidreg til auka verdiskaping for samfunnet på lang sikt.
Erfaringsoverføring
Direktoratet er alltid på utkikk etter erfaringar og kunnskap som kan delast for å skape auka verdiar. Direktoratet har eigne arrangement og bidreg på fleire arenaer for kunnskapsdeling, som FORCE, eit samarbeidsforum for olje- og gasselskap og styresmakter i Noreg. FORCE arbeider for framtidig verdiskaping gjennom kunnskapsdeling innan berekraftig utvinning, forbetra leiting, energieffektivitet og miljø. I 2025 blei det arrangert 20 arrangement under FORCE. Sokkeldirektoratet arrangerer også årleg ein Teknologidag der næringa vert invitert inn til å presentere korleis dei brukar teknologi for å sikre god ressursforvaltning på sokkelen.
Sokkeldirektoratet oppmodar aktørane på norsk sokkel til samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av utvinningsløyve og selskap, inkludert spesifikke teknologiar, metodar og potensial for samordning. Dette er beskrive under “Særleg følgje opp auka utvinning, effektive områdeløysingar og realisering av tidskritiske ressursar” og “Vere ein pådrivar for utvikling og bruk av ny teknologi, mellom anna digitalisering, i alle delar av verdikjeda med mål om god ressursforvaltning og størst mogleg verdiskaping”.
Barentshavet
I Barentshavet er det to hovudtema som har hatt fokus i 2025. Vi har følgt utviklinga av Wisting-prosjektet tett, der vi har vore ein pådrivar for områdefleksibilitet, optimal utvinning og gassavsetningsløysing. Vi har også arbeidd med å oppnå ei tilrettelegging i Snøhvit Unit for å kunne ta imot gass frå oljefelt som har behov for gassavsetning. Dette gjeld i første omgang for Goliat, men vil med tida også vere aktuelt for Johan Castberg-feltet.
Det same behovet vil også vere til stades ved realisering av andre påviste ressursar i Barentshavet, som til dømes Alta/Gotha. Den totale kapasiteten til Hammerfest LNG på Melkøya er ein avgrensande faktor i denne samanheng. Samtidig er det viktig for området at ein legg til rette for fleksibel tilknyting slik at ein kan optimalisere utvinninga frå alle felt i området.
Norskehavet
I Norskehavet er utnytting av eksisterande infrastruktur heilt sentralt. I Vøringbassenget er innretninga Aasta Hansteen infrastruktur med ledig kapasitet og lang gjenverande teknisk levetid.
Sokkeldirektoratet har vært pådrivar for å modne påviste ressursar for mogleg tilknyting, og å oppretthalde leiteaktiviteten slik at kapasiteten på Aasta Hansteen kan utnyttast for å skape størst mogleg samfunnsøkonomisk verdi. Ein dedikert nettverkstudie blei gjennomført for dette området for å simulere optimal utvinning av påviste ressursar i området som fagleg grunnlag for pådrivarrolla vår i dei ulike utvinningsløyva i området.
Sokkeldirektoratet har i 2025 vore opptekne av at rettshavarane modnar fram og konkretiserer framtidige potensial, til dømes i Halten-området. I dialogen med selskapa har Sokkeldirektoratet vore tydeleg på at det er viktig å planlegge langsiktig og å sjå på tvers av løyve og innretningar for å finne dei beste og mest effektive løysingane som gir størst mogleg verdiskaping.
Nordsjøen
I Nordsjøen har Sokkeldirektoratet til dømes hatt dialog med rettshavarane i Balder-/Grane-området om framtidige tiltak og potensial som vil støtta opp om god ressursforvaltning. Også her er det essensielt å sjå på tvers av løyve og innretningar. I arbeidet er det viktig at rettshavarane har gode og langsiktige planar som sikrar at det blir arbeidd for maksimal verdiskaping.
I framtida er det sannsynleg at det vil bli få sjølvstendige utbyggingar. Dei aller fleste områda i Nordsjøen har eksisterande infrastruktur, og det er viktig at det blir lagt til rette for tilknyting av eksisterande og framtidige funn.
I Snorreområdet blei det i 2025 etablert eit områdeforum av og med felt og funn som blir vurderte knytte opp til Snorrefeltet. Målet med forumet er å få til ein open dialog og betre forståing på tvers av alle aktørane i området, noko som vil gjere samhandling og samarbeid enklare. Sokkeldirektoratet har støtta initiativet og har ei observatørrolle i forumet. Direktoratet er også positive til liknande initiativ i andre område.
Tilsvarande har området rundt Troll, Fram og Gjøa ei rekkje store og små felt, i tillegg til mange funn og kartlagde prospekt som treng ei utbyggingsløysing. I 2025 blei det i PL 1182s gjort eit av dei største funna i området (Kjøttkakefunnet, brønnbane 35/10-15 S), og rettshavarane er no i gang med å sjå på mogelege utbyggingsløysingar. Direktoratet prioriterer oppfølginga i dette området og har i 2025 spesielt vore oppteke av at ressursane i Troll – Gjøa området kan bli utvikla og har utfordra rettshavarane på å vurdere alternative utbyggingsløysingar.
I Grane / Balder området er det planlagt elektrifisering av innretningane. Dette er per i dag det einaste gjenståande elektrifiseringsprosjektet på norsk sokkel som ikkje er vedteken. Prosjekt i Grane-/Balder-området omfattar også at det blir vurdert ei løysing med bygging av ei ny plattform, Grane B. Direktoratet har i vår dialog med rettshavarane vore oppteke av at planlagde tiltak må vere ressursforvaltingsmessige og samfunnsøkonomiske forsvarlege. Derfor har Sokkeldirektoratet i 2025 gjort det tydeleg for aktørane at det må takast omsyn til dei ressursforvaltingsmessige konsekvensane for heile Grane-/Balder-området ved planlagde tiltak og prosjekt.
Oppdrag: Bidra til at rettshavarane planlegg og gjennomfører kostnadseffektive utbyggingsprosjekt som er i samsvar med beste industripraksis og baserte på erfaringsoverføring frå tidlegare prosjekt, inkludert operasjonalisering av ettersjåplikta
Godt tidlegfasearbeid er grunnleggjande viktig for gode prosjektgjennomføringar. Sokkeldirektoratet gjennomfører derfor ein møteserie med utvalde prosjekt som er i gjennomføring, både for operatørar og rettshavarar. Formålet med møta er å følgje opp status og innhente erfaringar frå prosjekt i gjennomføringsfasen. Direkte møte med rettshavarane gjer at Sokkeldirektoratet på kort tid kan få fleire detaljar om status, risiko og erfaringar frå prosjekta som elles er vanskeleg tilgjengeleg i statusrapportar og annan prosjektdokumentasjon.
Ved utarbeiding av plan for utbygging og drift (PUD) skal alle rettshavarar utanom operatøren skriftleg gjere greie for kva aktivitetar dei har gjennomført og planlegg å gjennomføre for å oppfylle ettersjåplikta i tilknyting til utarbeiding og gjennomføring av PUD. Under dette kjem eventuelle eigne studiar, eksterne studiar, verifikasjonar, deltaking i ulike komitear i utvinningsløyvet og andre aktivitetar.
Sokkeldirektoratet vurderer innspel for å avgjere om ettersjåplikta er godt teken hand om i planane. Dette bidreg til å sette fokus på betydninga av ettersjåplikta og at det blir lagt til rette for aktivitetar som operasjonaliserer plikta.
I 2025 har Sokkeldirektoratet hatt møte med sju pågåande prosjekt i gjennomføringsfasen. Hovudinntrykket er at framdrifta stort sett følgjer planen, men at marknaden er krevjande. Her er det ulike forhold som er med å påverke kostnader, leveringstider, ferdigstilling og produksjonsstart.
Oppdrag: Særleg følgje opp auka utvinning, effektive områdeløysingar og realisering av tidskritiske ressursar
Arbeidet med å sikre høgast mogleg utvinning frå eit felt startar allereie i planleggingsfasen av ei utbygging. Etter kvart som data blir samla inn og forståinga av eigenskapane til reservoaret aukar gjennom produksjonsfasen, kan nye eller oppdaterte tiltak for auka utvinning settast i verk. Direktoratet er derfor oppteke av auka utvinning i alle fasar av arbeidet med å følgje opp utvinningsløyve.
Det kan vere samfunnsøkonomisk lønnsamt med ei samordna utvikling av éin eller fleire førekomstar. Rettshavarane pliktar å søkje ei samordning når ein petroleumsførekomst strekkjer seg over fleire blokker, eller når det er openbart rasjonelt med ei samordna verksemd. Den faglege kunnskapen til direktoratet om norsk sokkel gjer oss i stand til å utfordre rettshavarane når det gjeld effektive områdeløysingar. Vi gjer også eigne studiar og vurderingar i område der det kan vere potensial for samordningsgevinstar.
Tidskritiske ressursar er lønnsame ressursar som kan stå i fare for å ikkje bli bygd ut innanfor eit gitt tidsvindauge. Til dømes kan minkande trykk i reservoaret på grunn av annan nærliggjande produksjon eller mogleg utfasing av eksisterande infrastruktur påverke lønnsemda i utbygginga.
Sokkeldirektoratet har i samband med dette utført ein studie i 2025 for å sjå på tidskritikalitet for vertsfelt på sokkelen. I tillegg har nettverksmodellering som nemnt blitt brukt for å vurdere områdeløysingar for førekomstar i Vøringbassenget.
Gjenopning av nedstengde felt i Ekofiskområdet
Vest-Ekofisk, Albuskjell og Tommeliten Gamma er felt i Ekofiskområdet som tidlegare har vært i produksjon fram til 1998.
Sokkeldirektoratet har over lang tid jobba for å vareta ei langsiktig og god vidareutvikling av heile Ekofisk-området, inkludert både felt i drift, nedstengde felt og leiteareal.
I samband med forlenging av utvinningsløyva i Ekofiskområdet tilrådde Sokkeldirektoratet vilkår for å sikre at alle lønnsame ressursar blir utvikla og forsvarleg vunne ut. Eit av vilkåra var å levere ein plan for gjenopning av dei nedstengde felta Albuskjell, Vest-Ekofisk og Tommeliten Gamma.
Rettshavarane tok 16. desember 2025 investeringsavgjerd for å gjenopne dei tre felta med ein planlagd produksjonsoppstart 4. kvartal 2028. Plan for utbygging og drift blir levert til styresmaktene 1. kvartal 2026.

Figur 9: Innfasing av felt som tidlegare har vore i produksjon. Illustrasjon: ConocoPhillips.
Oppdrag: Vurdere søknader og følgje opp løyve som følgjer av petroleumslov og konsesjonssystem og gi petroleumsressursfaglege råd til departementet i samband med dette
Sokkeldirektoratet behandlar søknader frå rettshavarar og gir råd til Energidepartementet i forvaltningssaker. Sokkeldirektoratet sine vurderingar og rådgiving sikrar ei forsvarleg og effektiv forvaltning av petroleumsressursane på norsk sokkel. Direktoratet gir også faglege råd til Energidepartementet slik at politiske avgjerder kan takast på eit solid, kunnskapsbasert grunnlag.
I 2025 behandla direktoratet 95 søknader om produksjonsløyve og 44 søknader om reviderte produksjons- eller brenning og kaldventileringssøknadar. Vi behandla også ein PUD (Fram Sør), fire fritak frå PUD (Isflak, Smørbukk Midt, Brage Talisker og Fram F-aust Fensfjord) og ei underretning om vesentleg endring (Balder fase 6).
Behandling av søknader om forlenging av utvinningsløyve er viktige milepælar for både rettshavarar og styresmakter. Her blir det sett rammer for vidare drift for å sikre ei forsvarleg ressursforvaltning både på funn og felt, og dessutan for å oppnå ei god områdeutvikling. Sokkeldirektoratet har i 2025 hatt fleire saker om forlenging av utvinningsløyve under behandling, eksempelvis Gjøa, Brage og Symra.
I 2025 behandla Sokkeldirektoratet 156 saker i Smil-applikasjonen (Smart interaktiv lisensforvaltning), der 85 var søknadar om utsetjing av fristar. Direktoratet gav også samtykke til oppstart eller vidareføring av tolv prosjekt, inkludert Jotun FPSO, Snøhvit Askeladd Vest, Verdande, Andvare, Ormen Lange fase 3 og Halten Øst, og behandla fleire søknadar om forlenging av utvinningsløyve mellom anna på Edvard Grieg og Symra.
Oppdrag: Bidra til gode rammevilkår gjennom arbeidet med forvaltningsplanane i Fagleg forum og i Overvakingsgruppa, og dessutan gi faglege råd til departementet
Sokkeldirektoratet bidreg i oppdateringa av forvaltningsplanane for dei norske havområda gjennom deltaking i Fagleg forum og Overvakingsgruppa. Arbeidet med forvaltningsplanar går i ein fireårssyklus, og arbeidet med ein ny forvaltningsplan er sett i gang. I 2025 har Sokkeldirektoratet teke på seg hovudansvar for kapittelet som omhandlar verdiskaping i den nye forvaltningsplanen.
I tillegg er Sokkeldirektoratet ein aktiv bidragsytar i fleire av dei andre temaa i faggrunnlaget for den nye forvaltningsplanen. Det faglege grunnlaget skal ferdigstillast i løpet av 2026.
Oppdrag: Vere ein pådrivar for utvikling og bruk av ny teknologi, under dette digitalisering, i alle delar av verdikjeda med mål om god ressursforvaltning og størst mogleg verdiskaping
Mykje av Sokkeldirektoratet sitt arbeid med teknologi har i 2025 vore fokusert rundt tette reservoar, som er beskrive under særskilde prioriteringar i denne årsrapporten.
Sokkeldirektoratet har samtidig halde fram med å stille forventningar til rettshavarane i utvinningsløyva om å bidra til teknologiutvikling og -implementering. Forventninga er at det blir etablert teknologistrategiar i utvinningsløyva som ein del av dei langsiktige utviklingsplanane.
Teknologistrategien til Sokkeldirektoratet dannar grunnlaget for pådrivet til direktoratet mot rettshavarane. Mål for teknologistrategien til Sokkeldirektoratet er å bidra til å finne meir, vinne ut meir og å redusere utslepp.
Også i 2025 arrangerte Sokkeldirektoratet teknologidagen. Dette var fjerde året på rad at arrangementet var fullteikna og at eit utval av rettshavarar på norsk sokkel presenterte erfaringane sine med teknologiar relatert til teknologistrategien til direktoratet. Dette er eit arrangement som er svært populært, og tilbakemeldingane tyder på at det resulterer i stor inspirasjon og kompetanseløft.
Sokkeldirektoratet har i 2025 delteke aktivt, saman med Energidepartementet og Forskingsrådet, i møte med operatørane på norsk sokkel for å få innblikk i korleis forsking og teknologimidlar (FOT) blir brukte i utvinningsløyva. Direktoratet bidreg i desse møta for å peike på vedhaldande behov for petroleumsforsking og sikre at FOT-midlar blir brukte i samsvar med intensjonen.
Bidrag på eksterne arenaer
Sokkeldirektoratet har delteke med foredrag på ei lang rekkje faglege konferansar og seminar både i inn- og utland. Faktaformidling og deling av kunnskap om sokkelen er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt.
Sokkeldirektoratet har i 2025 vore ein aktiv bidragsytar inn i arbeidet i Forskningsrådet, og spesielt med utvikling av programmet Energi2050. Energi2050-programmet skal arbeide for auka verdiskaping innan utsleppsfri energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineral. Programmet skal også arbeide for ein sikker, effektiv og berekraftig ressursutnytting som skal vareta energitryggleik, klima, natur og miljø.
Sokkeldirektoratet har bidrege på ulike område knytte til strategiarbeidet for programmet, og deltek aktivt i arbeidet med energitryggleik i den etablerte ekspertgruppa.
Oppdrag: Bistå Gassco i utviklinga av ressursforvaltingsmessige gode og langsiktige gassinfrastrukturløysingar
Direktoratet har starta arbeidet med ein porteføljeanalyse knytt til kva effektar endringar i gassinfrastrukturen kan ha for ressursforvaltinga. Samtidig hjelper direktoratet Gassco med å sikre at nye tiltak som blir vurderte for gassinfrastrukturen, er formålstenlege for den langsiktige ressursforvaltninga.
Sokkeldirektoratet varetek at heile ressursgrunnlaget blir inkludert, at det blir definert gode referansealternativ som tiltak blir vurderte opp mot. Alternativ med tilhøyrande eksterne effektar blir inkluderte i ei samfunnsøkonomisk verdioptimalisering.
I tillegg til eige fagleg arbeid og bidraga inn i den pågåande FGI-analysen (Future Gas Infrastructure) som blir gjennomført i regi av Gassco, har vi også tett dialog og bidreg inn i arkitektvurderingane Gassco gjer i igangverande utbyggingsprosjekt.
Døme på desse bidraga er ressursvurderingar som vi gir i samband med vurderinga av eit gasseksport-alternativ for Wisting og betydninga av ei områdeløysing som også omfattar Johan Castberg og andre påviste ressursar i området.
Delmål 3: Effektivt innhente, forvalte, gjere tilgjengeleg og formidle data, analysar og kunnskap om norsk kontinentalsokkel
Som fagdirektorat med ansvar for å forvalte ressursane på sokkelen, har vi unik tilgang til fakta og data. Våre analysar gir faktabasert kunnskap om ressursane på og under havbotnen. Denne kunnskapen gjer at både styresmaktene og industrien kan ta trygge, lønnsame og langsiktige avgjerder.
Oppdrag: Vere eit nasjonalt sokkelbibliotek og samle inn, forvalte og gjere fysiske og elektroniske data og informasjon tilgjengeleg. Arbeide med standardisering og heilskapleg tilnærming på innsamling og formidling av data på tvers av eksisterande og nye næringar.
Data som grunnlag for verdiskaping og effektiv ressursforvaltning
Sokkeldirektoratet speler ei sentral rolle i å støtte nasjonale ambisjonar om å utnytte data for auka verdiskaping, fleire arbeidsplassar og ein meir effektiv offentleg sektor i Noreg.
Petroleumsrelaterte data
Gjennom mange år har Sokkeldirektoratet vore ein viktig bidragsytar til utviklinga av petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel. Vi samlar inn, forvaltar og deler petroleumsrelaterte data med rettshavarar, akademia og andre interesserte gjennom Faktasider og Faktakart på nettstaden vår.
Data blir oppdaterte dagleg og omfattar informasjon om funn, felt, brønnar, produksjon, operatørar, rettshavarar og utvinningsløyve. Datamengda er stor og aukande år for år. Ved utgangen av 2025 var samla datamengd om lag 22 petabyte.
Datadeling gir konkurransefortrinn
Deling av strukturerte og opne data gir norsk sokkel eit stort konkurransefortrinn. Når tilgangen til data er god, kan aktørane konsentrere seg om tolking og analyse framfor innsamling og tilgangsstyring. Dette bidreg til store årlege gevinstar for alle rettshavarar.
Frigiving av data
Det vart frigitt data frå 1 115 brønnbanar i 2025, med totalt 65 400 dokument. 3 475 3D-datasett fordelt på 159 undersøkingar vart også frigitt i løpet av året, i tillegg til 256 datasett fordelt på 39 2D-dataundersøkingar.
Diskos og Geobank
Sokkeldirektoratet forvaltar ei av dei største samlingane i verda av undergrunnsdata. Dei digitale data blir lagra i Diskos-databasen, medan fysiske prøver blir varetekne i Geobank.
Diskos er den nasjonale databasen for leite- og utvinningsrelatert informasjon om norsk sokkel. Sokkeldirektoratet driftar databasen på vegner av medlemmene. I 2025 hadde Diskos 25 medlemmer og om lag 22 assosierte medlemmer og 39 universitet og forskingsinstitutt. Denne løysinga har gjort at rettshavarane på norsk sokkel får tilgang til data når dei treng det – i motsetning til at kvar rettshavar skulle lagra data kvar for seg.
Databasen inneheld mellom anna seismikk-, brønn- og produksjonsdata og utgjer ein sentral infrastruktur for kunnskapsdeling og effektiv ressursforvaltning.
Geobank i tal (per 31.12.2025)
- 158 430 meter kjernar frå 1880 brønnar
- 818 962 posar med cuttingsprøver frå 2357 brønnar
- 1042 havbotnmineralprøver

Figur 10: Akkumulert datavolum i Diskos-databasen 1986-2025
Oppdrag: Utvikle kunnskap om ressurspotensialet og publisere analysar som beskriv petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel
I 2025 publiserte Sokkeldirektoratet rapporten «Eit aktørbilete i endring», som gir oversikt over korleis aktørbiletet på norsk sokkel har utvikla seg over tid. Studien omfattar aktiviteten i leitefasen – frå tildeling av utvinningsløyve til eventuelle funn. Produksjonsfasen vil bli behandla i ein eigen studie i 2026.
Analysen viser at talet på selskap på norsk sokkel no er på sitt lågaste nivå sidan starten av olje- og gassverksemda. Leiteaktiviteten er i aukande grad dominert av norske aktørar og selskap med hovudaktivitet på norsk sokkel. Rapporten presenterer også ei ny selskapsinndeling og beskriv utviklingstrekk innan aktivitet og ressurstilvekst fordelt på desse gruppene.
I 2025 publiserte Sokkeldirektoratet også fleire dashbord med nøkkeltal for petroleumsverksemda på norsk sokkel. Brukarane kan hente ut interaktive talgrunnlag, statistikk og analysar om norsk sokkel. Dashborda gir oversikt over mellom anna produksjon, talet på utvinningsløyve og felt, funn- og einingskostnader og dessutan CO₂‑utslepp.
Det er også publisert statistikk for leitebrønnar og teknisk funnrate. Hausten 2024 lanserte direktoratet eit eige dashbord som viser petroleumsressursar og reservar i utvinningsløyva. Dei nye dashborda bidreg til deling av kunnskap og betre forståing av verksemda på norsk sokkel.
Oppdrag: Innhente og formidle analysar og kunnskap om petroleumspotensialet, mineralressursane og lagringspotensialet for CO2 på norsk kontinentalsokkel
Sokkeldirektoratet arbeider målretta med å innhente og formidle analysar og kunnskap om petroleumspotensialet, mineralressursane og lagringspotensialet for CO₂ på norsk kontinentalsokkel. Dei siste åra har direktoratet gjennomført omfattande toktaktivitet i djuphavet, og arbeidd med analysar i Barentshavet. Kunnskapen vår er formidla breitt i eksterne fora, og vi har lansert ein ny djuphavswebportal.
Vi har også arrangert eit eige datadelingsseminar for djuphavsdata. Vidare har Sokkeldirektoratet delt kompetanse innan CO₂-lagring i fleire nasjonale og internasjonale møteplassar, blant anna i Brussel. Samstundes er alle CO₂-løyva publisert på våre faktasider, og eit større arbeid er i gang for å oppgradere CO₂-nettsidene på sodir.no for å sikre endå betre tilgjenge på oppdatert og fagleg robust kunnskap.
Innhente og formidle analysar og kunnskap om petroleumspotensialet
Sokkeldirektoratet har over fleire år jobba med å dokumentere og ta prøver av naturlege olje- og gassutsivingar på norsk sokkel, dette for å m.a. auke forståinga av petroleumssystema våre og for å betre forstå korleis slike naturlege utsivingar best kan brukast i leitesamanheng. I 2025 var Sokkeldirektoratet med på tre vitskaplege undersøkingsekspedisjonar i samarbeid med Universitetet i Tromsø, alle med mål om å få auka innsikt i petroleumssystema ulike stader på sokkelen.
Den første ekspedisjonen kartla gassutsivingar og tok sedimentsprøver i vestlege Barentshavet og på Bjørnøyvifta for å leita etter spor av ein ung kjeldebergart. Den andre ekspedisjonen undersøkte gassutsivingar i Norskehavet og nordlege Nordsjøen med ROV (fjernstyrt undervassfarkost) og samla prøvar for å identifisera moglege nye kjeldebergartar. Den tredje ekspedisjonen dokumenterte både kjende og nye gassutsivingar i vestlege Barentshavet, og prøvetakinga har gitt ny innsikt i petroleumssystema som skal tolkast vidare i 2026.
Undersøkingane på øvre del av Bjørnøyvifta gav nye spor å følgje for å finne ut meir om petroleumspotensialet til området knytte til ny ung kjeldebergart. I Norskehavet og nordlege Nordsjøen har resultata gitt ny kunnskap om både dei naturlege utsivingssystema og samanhengen dei har med brønnrelaterte utsivingar, som vil vere viktig i vidare arbeid knytte til dette i desse områda.
Innhente og formidle analysar og kunnskap om og lagringspotensialet for CO2
2025 har vore eit aktivt driftsår med m.a. kontinuerleg oppfølging av 14 aktive CO2-løyve på sokkelen. Representantane til direktoratet i dei ulike lisenskomiteane utøver eit viktig forvaltningsansvar for innhenting av innsikt og kunnskap i dette sambandet. Alle aktørar på sokkelen er kjende med at injeksjon av CO2 kan ha påverknad på nærliggjande aktivitetar utanfor sine eigne lisensgrenser, mot andre petroleums- og CO2-løyve. For å sikre openheit i samband med grenseoverskridande påverknad har Sokkeldirektoratet gitt vilkår om etablering av samarbeidsforum mellom CO2-løyve der dette er aktuelt.
FORCE har hatt eit innhaldsrikt år. FORCE har mellom anna arrangert seminar om karbonfangst og lagring relatert til nedstengde brønnar (kjent som «legacy wells») og modelleringsstrategiar for CO2-injeksjon. Det har generelt vore god oppslutning frå næringa, akademia, forskingssenter, og styresmakter med deltakarar frå både inn- og utland i FORCE-arrangement om karbonfangst og lagring i 2025.
Innhente og formidle analysar og kunnskap om mineralressursane
Sokkeldirektoratet har i 2025 bidrege til vidare utvikling av nasjonal infrastruktur og kunnskapsgrunnlag for havbotnmineral gjennom støtte til fleire forskings- og kartleggingsmiljø. Dette inkluderer finansielle bidrag til oppgraderingar av marint utstyr og til innsamling og analyse av relevante data.
2025 har vore eit aktivt år for innhenting og deling av ressursdata for havbotnmineral på norsk sokkel. Direktoratet har samla inn omfattande djupnedata med høg oppløysing og delteke i arbeidet som stadfesta ein ny mineralførekomst i den nordlege delen av det opne området. Det er også gjennomført videodokumentasjon av havbotnen i sør, og dessutan teke inn prøvemateriale til bruk i forskingsprogram. I tillegg blei måleinstrument for langtidsobservasjon av havstraumar sett ut som del av kunnskapsinnhentinga.
Alt innsamla datamateriale er gjort tilgjengeleg gjennom fildelingsløysinga til direktoratet og inngår i igangverande ressursvurderingar. Direktoratet arrangerte også eit datadelingsseminar med fokus på ressurs-, miljø- og biologidata frå djuphavet, med bidrag frå fleire forskingsinstitusjonar og aktørar. Presentasjonane er offentleg tilgjengelege. Vidare blei Deep Sea Survey-portalen relansert, som gir tilgang til eit breitt spekter av djuphavsdata.
Sokkeldirektoratet er også partnar i EU-prosjektet GSEU, der direktoratet har bidrege med data og fagkompetanse innan djuphavsområdet.

Figur 11: Illustrasjon frå Deep sea survey-portalen, som blei lansert i juni 2025
Oppdrag: Utarbeide årlege anslag til departementet som del av arbeid med regjeringa sine plandokument, inkl. nasjonalbudsjett og revidert nasjonalbudsjett
Kvar haust leverer selskapa data til Sokkeldirektoratet for revidert nasjonalbudsjett (RNB). Informasjonen dannar grunnlaget for ressursrekneskapen, inkludert produksjons-, kostnads- og utsleppsprognosar. Sokkeldirektoratet systematiserer, kvalitetssikrar og analyserer dataa.
I februar leverte Sokkeldirektoratet data og rapport for RNB 2025 til Energidepartementet, og oppdaterte prognosar for nasjonalbudsjettet 2026 (NB) blei sendt i juni. Sjå også eigen omtale av RNB-prosjektet i kapittelet «Digitaliseringsprogrammet».
Ressursrekneskapen
Ressursrekneskapen er Sokkeldirektoratet sin årlege, systematiske oversikt over alle petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel – både dei som allereie er produserte, dei som er oppdaga men ikkje vunne ut, og dei som enno ikkje er funne.
Oppdrag: Arbeide med å utvikle standardar og retningslinjer for innsamling og forvaltning av data frå nyare næringar som havbotnmineral og lagring av CO2
I samband med at Northern Lights kom i gang med CO2-lagring i august 2025, har direktoratet publisert mengd lagra CO2. Det blir arbeidd med å definere og leggje til rette for innsamling og publisering av ytterlegare informasjon om lagringsressursar og aktivitet i alle leite- og utnyttingsløyve.
Dette inkluderer mellom anna innspel til revisjon av Lagringsforskriften og Dokumentasjonsforskriften og dialog med næringa om relevante data og effektiv rapportering. Her er det også bilateral dialog med styresmakter i andre land for utveksling av krav og praksis. Det blei i 2025 starta eit nytt IT-prosjekt for etablering av system for innsamling, forvaltning og publisering av data knytte til CO2-lagring.
Sokkeldirektoratet bidrog i 2025 med innspel til havbotnmineralforskrifta (FOR-2025-08-29-1740), fastsett av Energidepartementet. Vidare fastsette direktoratet forskrift om datainnsamling for havbotnmineral (FOR-2025-09-01-1767). Forskrifta etablerer ei rekke krav til innsamling, rapportering og innsending av ressurs- og miljørelaterte data og prøver i samband med havbotnmineralverksemd på norsk sokkel.
Sokkeldirektoratet har sett i gang eit arbeid med å utarbeide rettleiarar for ei rekkje av desse krava, under dette krav til innsamlingsmetodar, rapporteringsformat m.v. Deler av arbeidet som involverer miljørelatert datainnsamling, blir koordinert med andre relevante fagstyresmakter, under dette Miljødirektoratet. Arbeidet vidare vil også involvere vurdering av endeleg fastsetjing av institusjon for mottak, lagring og konservering av biologiske prøver.
Delmål 4: Leggje til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen
Utviklinga av havbotnmineral kan på sikt bidra til styrka forsyningstryggleik og auka verdiskaping. Sokkeldirektoratet legg til rette for at undersøking og mogleg utvinning kan skje på ein ansvarleg måte, gjennom eit solid kunnskapsgrunnlag, brei kartlegging og tett samarbeid med fagmiljø og styresmakter.
Slik bidreg vi til at nye næringar kan vekse fram på kontinentalsokkelen på ein måte som varetek både miljø, samfunn og framtidig verdiskaping.
Oppdrag: Hjelpe, gi råd og leggje til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen.
Oppdrag: Hjelpe og gi råd til departementet i samband med utvikling av konsesjonsregimet og fastsette relevante forskrifter under havbotnminerallova, og i førebuinga til utlysing av første konsesjonsrunde.
Sokkeldirektoratet har fått i oppdrag å hjelpe og gi faglege råd til departementet i utviklinga av konsesjonsregimet og i utarbeidinga av relevante forskrifter under havbotnminerallova.
For å sikre eit forsvarleg, kunnskapsbasert og heilskapleg forvaltningsgrunnlag har Sokkeldirektoratet bistått Energidepartementet med bakgrunnsinformasjon i deira forskriftsarbeid, samtidig som Sokkeldirektoratet sjølv har utvikla ei eiga forskrift som regulerer innsamling av data. Desse forskriftene som fokuserer på leitefasen legg dei nødvendige rammene for trygg, effektiv og transparent aktivitet i djuphavet. Gjennom dette arbeidet har Sokkeldirektoratet ein sentral rolle i å etablere struktur, standardar og kunnskapsgrunnlag for ein heilt ny næring på norsk sokkel.
Oppdrag: Kartleggje, vurdere og formidle kunnskap om ressurspotensialet for havbotnmineral, under dette samle inn, systematisere og tilgjengeleggjere relevante data. Samtidig skal det på tokta til direktoratet også samlast inn miljødata i opningsområdet i samarbeid med relevante fagmiljø, mellom anna universiteta i Bergen og Tromsø og etatane i Mareano.
I 2025 gjennomførte Sokkeldirektoratet tre kartleggingstokt i Norskehavet i område som er opna for mineralverksemd. To av tokta samla inn djupnedata (MBES) medan eit tokt utførde datainnhenting og videodokumentering med bruk av ROV (remotely operated vehicle).
Kartlegginga blei utført i samarbeid med UiT Norges arktiske universitet og Universitetet i Bergen. Djupnedata (MBES) med tilhøyrande gravimetri og magnetometri, og videodata er gjort allment tilgjengeleg. ROV toktet henta inn miljødata for Mareano-programmet og djupdata er og delt med Mareano.
Oppdrag: Gi Havforskingsinstituttet i oppdrag å kartleggje regionale og lokale straumforhold og styrkje kunnskapen om regionale og lokale havstraumar i ulike djup i Norskehavet og Grønlandshavet
Det følgjer av Meld. St. 25 (2022–2023) - Mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel – opning av areal og strategi for forvaltning av ressursane er at Havforskingsinstituttet skal gis i oppgåve i å kartlegge regionale og lokale straumtilhøve i djuphavet.
Sokkeldirektoratet har i 2025 inngått avtale med Havforskingsinstituttet (HI) om anskaffing av straummålarar og innsamling av data om djupe havstraumar. To straummålarar blei sett ut i Norskehavet av Sokkeldirektoratet og UiB i 2025, og det blir planlagt for å bli henta dei opp på tokt i 2026. HI har skaffa fleire straummålarar som skal setjast ut i 2026.
Delmål 5: Leggje til rette for sikker lagring av CO2
Sikker lagring av CO₂ er ein nøkkelkomponent i Noreg sitt arbeid for å nå klimamåla og utvikle ei velfungerande verdikjede for karbonhandtering. Sokkeldirektoratet legg til rette for at lagringsprosjekt på norsk sokkel blir utvikla på ein ansvarleg, robust og kunnskapsbasert måte gjennom tett oppfølging av løyve, faglege råd til styresmaktene og koordinering på tvers av aktørar.
Slik bidreg direktoratet til at CO₂ kan lagrast trygt og effektivt, og at ei ny og viktig næring får eit solid fundament for vidare utvikling.
Oppdrag: Hjelpe og gi råd til departementet med arbeid innan injeksjon og lagring av CO2, under dette ved utlysing og tildeling av areal og behandling av utbyggingsplanar
Sokkeldirektoratet følgjer opp nye og igangsette CO2-lagringsprosjekt. Vi gir også faglege råd til Energidepartementet ved søknad om forslag til utlysing og ved tildeling av løyve. I 2025 blei det tildelt tre løyve etter forskrift om utnytting av undersjøiske reservoar for transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen. To av løyva blei tilbodne desember 2024, og tildelte i februar 2025. Det har vore éin konsesjonsrunde i 2025 med utlysing i mars og tildeling i juni.
Ved inngangen til 2026 er det 13 aktive løyve; eitt utnyttingsløyve og 12 leiteløyve.
Norske styresmakter har godkjent Northern Lights-prosjektet sin utbyggingsplan for fase 2. Denne planen legg opp til kommersiell lagring av minst 5 millionar tonn CO2 per år. Her er det inngått avtalar med industrielle aktørar i inn- og utland.

Figur 12: Oversikt over løyve for lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel.
Oppdrag: Følgje opp rettshavarane og sjå til at regelverk og vilkår for tildelte løyve blir etterlevd
Sokkeldirektoratet følgjer opp studiane til rettshavarane og planlegging i alle leiteløyva, og i drift og vidareutvikling av Northern Lights. Direktoratet behandla samtykke til oppstart for Northern Lights. Etter å ha følgt utviklinga av prosjektet tett sidan tildeling av EL001 i 2019, er det svært gledeleg at mottak og injeksjon av CO2 i august 2025 fungerte som planlagt.
Direktoratet deltek etter behov i komitemøte i løyve der det er fleire rettshavarar, etter same modell som petroleum. For løyva med berre ein rettshavar har det vore arrangert eigne møte med selskapet. På grunn av mindre framdrift i prosjekt for fangst av CO2, har fleire søknader om utsetjing av tidsfristar i arbeidsforpliktingane vorte behandla. I 2025 blei det fatta to avgjerder om konkretisering (BOK), og direktoratet behandla ein søknad om oppgjeving av løyve (EXL008). Det blei bora tre leitebrønnar, som alle stadfesta gode eigenskapar for CO2-injeksjon i planlagde lagerformasjonar.
Direktoratet har hatt ein medarbeidar utstasjonert hos Gassco i 2025. Dette bidrog til ytterlegare innsikt i teknologi og verdikjeda for CO2, og til god dialog og samarbeid for utvikling av ei ny næring.
Tabellen under viser status for frist for konseptval og plan for utbygging og drift til styresmaktene, i samsvar med arbeidsforpliktingar i dei aktive leiteløyva per 31.12.2025. Direktoratet arbeidde med utvikling av krav til dokumentasjon til styresmaktene i samband med selskapa sine avgjerder.

Tabell 2: Fristar for konseptval og plan for utbygging og drift i aktive leiteløyve for lagring av CO2.
Oppdrag: Formidle fakta og kunnskap om lagringspotensialet på norsk kontinentalsokkel
Direktoratet har eit stort aktivitetsnivå nasjonalt og internasjonalt innan formidling av fakta og kunnskap om lagringspotensialet for CO2 på norsk kontinentalsokkel. Bidraget til direktoratet er generelt godt etterspurt. I 2025 har direktoratet vore bidragsytar til fleire anerkjende tekniske konferansar, m.a. arrangert av Tekna, NPF, Climit, EAGE, og Innovasjon Noreg.
I tillegg til representasjon i tekniske konferansar, deltok direktoratet også i fleire nasjonale og internasjonale forum, mellom anna med studentar gjennom Ungt Entrepenørskap i Stavanger til internasjonalt standardiseringsarbeid gjennom Standard Norge.
Norske styresmakter har faste observatørar i EUs ekspertgruppe for CO2-lagring, der Sokkeldirektoratet også er medlem saman med representantar frå Energidepartementet, og Klima- og miljødirektoratet. På denne arenaen har Sokkeldirektoratet bidrege aktivt i fleire samanhengar, mellom anna om Noregs opne dataforvaltnings- og publiseringsprosessar.
Deling av data er ein avgjerande innsatsfaktor for å mogleggjere effektiv utvikling av CO2-lager, og Europa ser gjerne til Noreg som eit føredøme i denne samanhengen.
Sokkeldirektoratet publiserte CO2 lagringsatlas allereie i 2014, og no etablerer EU-kommisjonen eit felles lagringsatlas for EU-landa. Noreg er invitert av EU til å inkludere det norske atlaset i EU-atlaset, og direktoratet har tilrettelagt for dette.
Sokkeldirektoratet har gjennom 2025 etablert nære relasjonar til NSTA i Storbritannia og Energistyrelsen i Danmark i samband med utfordringar knytt til grenseoverskridande forhold. Trykkpulsen som kjem som eit resultat av CO2-injeksjon har stor utbreiing, og Sokkeldirektoratet har hatt fleire møter om desse utfordringane med nabolanda våre om dette. Vi forventar framleis dialog om dette framover.
Sokkeldirektoratets Faktasider har i 2025 vorte oppdatert med eigne sider for CO2-lagring. Her kan ein finne informasjon om kvart enkelt CO2-løyve på same måte som ein er vand til for petroleum. I tillegg blir det offentleg publisert her kor mykje CO2 som blir injisert i Northern Lights kvar månad.
Oppdrag: Foreslå korleis regelverk for CO2-handtering kan utviklast og vidareutviklast
CO2-lagring er ei ny næring på norsk sokkel, og det er nødvendig å gjere fortløpande vurderingar av om rammeverket er tilstrekkeleg tilpassa verksemda og styresmaktenes rolle. Sokkeldirektoratet har i 2025 gitt fleire innspel og kommentarar til Energidepartement sin pågåande revisjon av Forskrift om utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2 og om transport av CO2 på kontinentalsokkelen (lagringsforskrifta).
I forlenginga av dette har direktoratet også identifisert behov for nye rapporteringsreglar som vil bli innarbeidd i Forskrift om materiale og dokumentasjon ved undersøking etter og utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2 (Forskrift om dokumentasjon ved lagring av CO2 på sokkelen). Direktoratet har også sendt på høyring forslag til revisjon av Forskrift og dokumentasjon ved lagring av CO2 på sokkelen.
Andre prioriterte tiltak og føringar for 2025
I tillegg til arbeid med delmåla og dei særskilde prioriteringane har Sokkeldirektoratet gjennomført ei rekkje viktige tiltak som støttar opp under ei heilskapleg, langsiktig og ansvarleg ressursforvaltning.
Gjennom innsats på tvers av tema som utslepp, kraft frå land, havvind, data, rettsprosessar og internasjonalt samarbeid bidreg Sokkeldirektoratet til betre avgjerdsgrunnlag for styresmaktene og auka samfunnsverdi.
Oppdrag: Hjelpe departementet i arbeidet med spørsmål knytte til utslepp frå sektoren, under dette ha oversikt over potensialet for utsleppsreduksjonar frå petroleumsverksemda og tilhøyrande moglege konsekvensar for ressursforvaltninga
Sokkeldirektoratet følgjer arbeidet i utvinningsløyva med å redusere utslepp, til dømes kraft frå land til felta, og informerer departementet om dette arbeidet.
Direktoratet utarbeider også årlege utsleppsprognosar for departementet, mellom anna for CO₂, NOx, metan, nm, VOC og produsert vatn. Sjå oppgåva «Utarbeide årlege anslag til departementet som del av arbeid med regjeringa sine plandokument, inkl. nasjonalbudsjett og revidert nasjonalbudsjett».
Oppdrag: Utarbeide eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om eventuelle framtidige kraft frå land-prosjekt, jf. omtale i Prop. 1 S (2024-2025) Energidepartementet
Å forsyne innretningar med kraft frå land er det viktigaste enkelttiltaket for å oppnå store utsleppsreduksjonar frå petroleumsverksemda på norsk sokkel. Sokkeldirektoratet har i 2025 utarbeidd ein rapport som omhandlar utvikling av kraft frå land-prosjekt på felt i drift.
I perioden 2020-2025 har talet på felt som har eller har vedteke å ta i bruk kraft frå land auka. Når prosjekta som er under utbygging kjem i drift, vil det vere 39 felt som heilt eller delvis får dekt kraftbehovet frå land. Dette inkluderer også mindre felt tilknytt vertsinnretningar som blir drivne med kraft frå land.
Rapporten omhandlar også kraft frå land-prosjekt i planleggingsfasen. Dei prosjekta som dei siste åra har vore i planleggingsfasen for omlegging til drift med kraft frå land, har vist seg å vere mindre lønnsame og meir krevjande å gjennomføre enn allereie vedtekne prosjekt. Fleire prosjekt er lagde bort som følgje av dette. Det er no berre eitt prosjekt som framleis er i planleggingsfasen, nemleg områdeløysinga på felta Balder og Grane.
Kvoteplikt og CO2-avgift er i dag dei viktigaste verkemidla for å få ned klimagassutsleppa. Rapporten viser utviklinga av desse over tid, og at dei i dag utgjer ein stor del av eit felt sine driftskostnader. Slike høge kostnader kan påverke ressursforvaltninga, særleg på felt der moglegheitene for store utsleppskutt kan vere avgrensa. I rapporten blir det drøfta korleis høge CO2-kostnader kan påverke framtidig bruk av felt som vertsinnretning, framskunde tidspunkt for nedstigning, påverke leiting og redusere lønnsemda av utvinningstiltak som inneber økt eller oppretthalden bruk av energi.
Oppdrag: Gi råd til departementet om forhold som gjeld undergrunn og botnforhold relatert til lokalisering av havvindinstallasjonar
Sokkeldirektoratet har i 2023 og 2024 samla inn geofysiske data som eit ledd i å leggje til rette for havvindinstallasjonar. I 2025 har Sokkeldirektoratet sett ut eit oppdrag med å re-prosessere seismiske data frå havvindområdet Sørlige Nordsjø II. Oppdraget omfattar mellom anna å skrive ein tolkingsrapport og samanlikne data på ein god og oversiktleg måte. Data og tolkingsrapporten vil vere til stor nytte for selskap som skal byggje ut havvindinstallasjonar i Sørlige Nordsjø II.
Oppdrag: Arbeide med å vidareutvikle direktoratet i eit fleirårig perspektiv slik at tilgjengelege ressursar blir utnytta mest mogleg effektivt. Direktoratet skal vurdere endra organisering og nye arbeidsmåtar, under dette bruk av ny teknologi.
Sokkeldirektoratet har i 2025 gjennomført ei omorganisering for å gjere organisasjonen meir mål- og ressurseffektiv. Sentrale tiltak er styrkt leiarkapasitet, klarare ansvar, fleksibel prosjektorganisering og satsing på digitalisering. Eit nytt hovudområde for forbetring og digital omstilling styrkjer arbeidet med datadriven utvikling, nye arbeidsformer og trygg, målretta bruk av kunstig intelligens i tråd med nasjonale digitaliseringsambisjonar.
Desse tiltaka støttar målet om at tilgjengelege ressursar skal nyttast mest mogleg effektivt og at direktoratet skal vere betre rusta for framtidas oppgåver. Sjå nærare omtale av omorganiseringa i kapittelet «Implementere ny organisering med styrkt leiarkapasitet».
Utforske kunstig intelligens
Sokkeldirektoratet utforskar aktivt korleis kunstig intelligens (KI) kan støtte rolla vår som fagdirektorat og forvaltar av store mengder sokkelrelaterte data. I 2025 har vi starta fleire initiativ for å forstå både moglegheiter og avgrensingar ved KI‑teknologi, med særleg vekt på tryggleik, kvalitet og kontroll på data.
Arbeidet omfattar mellom anna vidare digitalisering av fysisk materiale og tiltak for å gjere datakjeldene våre meir strukturerte og tilgjengelege som grunnlag for framtidige KI‑baserte analysar.
På tvers av organisasjonen er vi i gang med å byggje kompetanse og ei felles tilnærming til KI. Vi har utarbeidd interne retningslinjer for Ansvarleg bruk av KI, og alle medarbeidarar har fått tilgang til Copilot som digital assistent. Dette legg til rette for at tilsette både kan effektivisere arbeidsprosessar og lære korleis KI kan brukast på ein trygg og medviten måte i kvardagen.
Vellukka bruk av KI‑verktøy er avhengig av at data er standardiserte, komplette og konsistent strukturerte. Gjennom fleire tiår har Sokkeldirektoratet lagt nettopp dette grunnlaget gjennom sitt systematiske arbeid med datainnsamling, kvalitetssikring, standardisering og open deling.
Oppdrag: Vidareutvikle Sokkeldirektoratet sitt meldesystem for undersøkingar til å inkludere aktivitet som blir regulert under havbotnminerallova og havenergilova
Meldesystemet er Sokkeldirektoratet si digitale løysing for innmelding, behandling og deling av planar for geofysisk datainnsamling på norsk sokkel. Hovudmålet er å leggje til rette for god sameksistens mellom fiskeri- og petroleumsnæringa.
Meldesystemet for geofysiske undersøkingar blir restrukturert for å kunne handtere og formidle meir detaljert informasjon om undersøkingsaktivitetane på sokkelen. Ombygginga er eit resultat av nye regelverk med strengare krav til innmelding, men har også samanheng med at dagens brukarar har etterspurt moglegheita for å gi eit meir nyansert bilete av aktivitetane, og dessutan større fleksibilitet i saksbehandlinga. Innspel frå dagens og framtidige brukarar er viktig i arbeidet med å lage spesifikasjon for eit system som skal handtere framtidige nye næringar utan større ombyggingar.
Oppdrag: Hjelpe departementet i samband med ulike rettsprosessar
Sokkeldirektorat gav i 2025 faglege råd til Energidepartementet knytt til rettstvistar der staten ved Energidepartementet har vorte saksøkt.
Digitaliseringsprogrammet
Sokkeldirektoratet har gjennom fleire år jobba målretta for å erstatte utdaterte datasystem med ny teknolog og leggje til rette for moderne digitale løysingar. Målet er å støtte opp om god ressursforvaltning og størst mogleg verdiskaping.
Utvikling av ny digital arkitektur gjer effektiv datautveksling og forbetra funksjonalitet mogleg. Dette arbeidet er godt forankra i samarbeid med operatørar på norsk sokkel, og blei vidareført i 2025 – mellom anna med lansering av ny RNB-løysing og nye dashbord for å hente ut data.
Digitaliserte RNB-data gir betre avgjerdsgrunnlag
Sokkeldirektoratet har ansvar for å samle inn, lagre og gjere tilgjengeleg data frå norsk sokkel.
Kvart år er det vår oppgåve å hente inn informasjon om prosjekt og ressursvolum, og dessutan prognosar for produksjon, kostnader og miljøutslepp frå operatørane. Vi kvalitetssikrar dataa, gjennomfører eigne vurderingar og lagar konsistente prognosar for produksjon, kostnader og utslepp. Dette arbeidet er ein viktig del av det reviderte nasjonalbudsjettet (RNB) som blir lagt fram i mai.
Saman med næringa går eit omfattande arbeid føre seg for å få på plass ei rapporteringsløysing for RNB-data. Det vil forenkle innsending frå rettshavarane og gi meir nøyaktige data. Til årets rapportering er dataa mottekne heilt digitalt. Denne løysinga blir endå meir utvikla og tilpassa i 2026.
Dette vil sikre meir einskapleg rapportering på tvers av selskapa framover fordi data som blir rapporterte til styresmaktene også blir delt mellom rettshavarane i utvinningsløyva og blir brukt aktivt i planlegging. Felles standardar og definisjonar aukar dataverdien og gir dermed betre avgjerdsgrunnlag.
Nye dashbord gjer det lettare å hente ut data
I løpet av året har Sokkeldirektoratet utarbeidd digitale dashbord som skal gjere det lettare å hente ut data om norsk sokkel. Nøkkeltal blei lagde ut på sodir.no før sommaren. Her kan interaktive dashbord enkelt hentast fram.

Figur 13: Sokkeldirektoratet sitt digitale dashbord med nøkkeltal for petroleumsverksemda på norsk sokkel
I Sokkeldirektoratet sitt dashbord er det enkel tilgang til statistikk over leitebrønnar og teknisk funnrate.

Figur 14: Leitebrønnstatistikk frå Sokkeldirektoratet sitt digitale dashbord
I haust blei eit dashbord med oversikt over petroleumsressursane hos rettshavarane og reservar på norsk sokkel lansert.
I tillegg til informasjon om petroleumsnæringa, blei eit nytt interaktivt kart om djuphavsdata lansert. Det gir ei oversikt over kartlegging og prøvetaking som er utført i djuphavet på norsk sokkel.
Dei nye dashborda kan bidra til auka openheit og betre forståing av verksemda på norsk sokkel. Dei er også viktige steg i retning av meir datadriven forvaltning.
Dataa er også tilgjengelege på direktoratets Faktasider.
Internasjonale aktivitetar
Etter at Olje for utvikling (Ofu) blei avslutta i 2024 blei Sokkeldirektoratet sine bistandsoppgåver hovudsakleg flytta over til det nyoppretta Energi for utvikling (Efu). I 2025 har hovudoppgåva vore å etablere det nye energiprogrammet i landa Nigeria, Mozambique og Tanzania.
Hovudfokuset i programmet er utsleppskontroll og reduksjon frå petroleumssektoren. I tillegg blei det vedteke at CO2-fangst og -lagring skal omfattast av Efu-programmet. Efu er i oppstartsfasen, og det blir diskutert om fleire tema bør inkluderast i programmet. Det er også tydelege grenseflater mot andre kunnskapsprogram der Sokkeldirektoratet ikkje er involvert. Varetaking av desse blir fortløpande vurdert.
Ressursmessig var det fram mot 2025 ei nedtrapping i Ofu-programmet og dermed redusert ressursbruk dei siste åra. Samanlikna med Ofu, er Efu programmet av mindre omfang. Sokkeldirektoratet tilpassar ressursbruken etter budsjettsignal frå NORAD, og er i tett dialog med bistandsland om behovet for teknisk assistanse. Vi legg opp til at ressursbruken for 2026 blir litt høgare enn i 2025. For 2026 har vi estimert at vi kjem til å bruke tre årsverk.
Sokkeldirektoratet arrangerte eit regionalt seminar i Uganda om energitransformasjon innanfor ramma av Efu. Det var deltakarar til stades frå fem afrikanske land.
I tillegg til arbeidet med Efu bidreg Sokkeldirektoratet i arbeidet med Hav for utvikling. Sokkeldirektoratet arrangerer årlege arbeidsseminar for å halde oppe den tekniske og juridiske kompetansen til sju vestafrikanske statar om kontinentalsokkelen, knytte til innlevert felles yttergrensekrav til Commission of the Limits of the Continental Shelf (CLCS).
Sokkeldirektoratet er ei ettertrakta kjelde til kunnskap om forvaltning av ressursar. I løpet av 2025 fekk direktoratet delegasjonar frå Oman, Malaysia, Algerie, Namibia, Uruguay, Peru og Senegal som ønskte å lære meir om forvaltning av ressursar i Noreg.

Tabell 3: Ressursbruk til bistand i 2025
Oppdatert: 30.04.2026