1
Melding frå etatsleiar

Melding frå etatsleiar

Tida vi lever i er prega av store endringar, både i eit geopolitisk og teknologisk perspektiv.

Aktiviteten og produksjonen på sokkelen er framleis høg, men framover er det venta at produksjonen av olje og gass vil avta, og at den vidare utviklinga av sokkelen blir dominert av mindre og meir komplekse utviklings- og utbyggingsprosjekt. Alt dette påverkar aktørane på sokkelen, og det har også betydning for måten direktoratet løyser oppdraget på. 

Ny organisering og styrkt leiarkapasitet

Ei av dei særskilde prioriteringane i 2025 var å implementere ny organisering med styrkt leiarkapasitet. Arbeidet med ny organisering av direktoratet tok til i 2024, og ny organisasjon starta opp 1. april 2025. Vi rekrutterte fleire leiarar fram til hausten 2025.

For å sikre god ressursforvaltning og størst mogleg verdiskaping har den nye organisasjonen fleire einingar som følgjer opp aktivitetane til næringa. Dette er ein respons på at det blir stadig fleire og meir komplekse funn og felt på sokkelen, og på at det årleg blir påvist betydeleg mindre ressursar enn det blir produsert, trass i høg leiteaktivitet og eit stort ressurspotensial.

Tettare oppfølging av felt i drift

Den nye organiseringa set oss også i betre stand til å hjelpe Energidepartementet med å etablere ei styrkt oppfølging av felt i drift, som var ei anna av dei særskilde prioriteringane i 2025.

I den nye organisasjonen er innsatsen meir fokusert slik at vi er sett i stand til å gjere ein større innsats der det er størst forskjell på verdiskaping for næringa og verdiskapinga for samfunnet.

Mange funn er ikkje utvikla

Det er over 90 funn som framleis ikkje er utvikla. Fleire av funna har store ressursar til stades i såkalla tette reservoar, og mange av desse har lege brakk i lang tid. Utvinning frå slike reservoar krev tiltak og teknologiske løysingar av ein skala som gjer det nødvendig med innsats på tvers av utvinningsløyve og operatørar. Sokkeldirektoratet har over fleire år arbeidd med både leverandørar og operatørar for å auke interessa for å utvikle slike funn på sokkelen.

I 2025 hadde vi eit særskilt oppdrag med å bidra til å realisere lønnsam utvikling frå tette reservoar gjennom å bidra til samarbeid og samordning i næringa. Som eit resultat frå dette arbeidet, ser vi no at fleire selskap har konkrete prosjekt i gang, og det var òg interesse for å få tildelt slike funn i tildeling i forhåndsdefinerte områder (TFO) 2025.

Samspelet mellom petroleum og CO₂-lagring

Sokkeldirektoratet har i lang tid kartlagt potensialet for å lagre CO2 på norsk sokkel. Vi har i dei seinare åra hjelpt Energidepartementet med å evaluere søknader om leiteløyve før tildeling. Potensielle CO2-lager ligg i vassfylte reservoar som kan ha felles trykkregime i undergrunnen med omkringliggjande olje- og gassførekomstar. Det betyr at produksjon av petroleum og injeksjon av CO2 kan gjensidig påverke kvarandre.

Ei av dei særskilde oppgåvene i år var å vidareutvikle undergrunnsforståing for å adressere slike problemstillingar – og bidra til god ressursutnytting mellom petroleum og lagring av CO2. Resultata av dette arbeidet gir styresmaktene eit fagleg grunnlag for avgjerder som sikrar best mogleg samla ressursutnytting på sokkelen.

Digital omstilling og sektoravgift

Frå 1. juli 2025 fekk Sokkeldirektoratet høve til å krevje inn sektoravgift frå næringa. Dette gjer at vi kan akselerere og oppskalere arbeidet med digital omstilling. Vi har eit aukande teknisk gap å fylle, og det er eit stort behov for å forbetre digital dataflyt med næringsaktørane og for å digitalisere intern dataflyt og saksbehandling. Eit pågåande tiltak er til dømes arbeidet med å forenkle innrapporteringa til styresmaktene.

I 2025 blei innrapporteringa til revidert nasjonalbudsjett (RNB) for første gong rapportert i nytt digitalt format. Dette representerer ei stor forenkling både for selskap og styresmakter, men full effekt vil først bli oppnådd når løysinga er ferdig utvikla. I 2026 skal løysinga vidareutviklast for meir saumlaus datainnsamling og analyse.

Innføring av sektoravgifta set Sokkeldirektoratet i stand til å halde fram med å utføre oppfølgingsoppgåver som rettar seg mot heile eller delar av petroleumsverksemda og som gjeld digital infrastruktur og digitalisering, dataforvaltning og -deling, kunnskapsutvikling og -deling, oppbevaring og tilgjengeleggjering av geologisk prøvemateriale.

Faktaformidling

Ei av dei sentrale oppgåvene til direktoratet er å bidra med fakta og informasjon frå sokkelen, både til avgjerdstakarar og til folk flest. Dette gjer vi gjennom nettsidene våre, rapportar, presentasjonar, seminar og den årlege «Sokkelåret»-gjennomgangen tidleg i januar.

I «Sokkelåret» deler vi fakta frå næringa i året som gjekk, og perspektiv for åra framover. Over tid ser vi stadig større mediedekning av dette arrangementet, noko som er viktig for at faktaformidlinga vår skal nå breitt ut.

Beredskapssituasjonen

Regjeringa peikar på at vi lever i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. I mai 2025 blei den første nasjonale tryggingsstrategien lagt fram. Der blir det lagt vekt på at Noreg skal halde oppe posisjonen som ein langsiktig og stabil energileverandør til Europa ved å leggje til rette for at det kan gjerast nye, lønnsame funn.
 
Samtidig blir det stilt større krav til eigenberedskap for direktoratet. I den nye organisasjonen er arbeidet med tryggleik og beredskap samla i ei eining, og det er sett i gang eit arbeid for å styrke dette arbeidet som ein respons på det endra trusselbiletet.


Stavanger, 13. mars 2026

 

Direktør Torgeir Stordal sin signatur.

 

Torgeir Stordal
Direktør for Sokkeldirektoratet

Bilde av direktør Torgeir Stordal.

 

Oppdatert: 30.04.2026