5
Utsikter framover

Utsikter framover

Hovudmålet til Sokkeldirektoratet er å bidra til størst mogleg verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda, og bidra til forvaltninga av CO2-lagringspotensialet og havbotnmineralressursane.

Målet om størst mogleg verdiskaping har lege fast meir eller mindre sidan direktoratet blei etablert, men tilpassa til at ny aktivitet og moglege nye næringar kan bli etablerte på sokkelen. Framtidsutsiktene og aktiviteten til Sokkeldirektoratet blir påverka av utviklinga i energimarknadene, investeringsviljen i industrien, teknologisk utvikling og endringar i rammevilkår nasjonalt og internasjonalt. Fleire forhold – både innanfor og utanfor verksemda – vil vere avgjerande for vår evne til å løyse samfunnsoppdraget på lang sikt.

Utsikter for norsk sokkel fram mot 2050

Hovudmålet i petroleumspolitikken er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Prognosane for produksjonen etter 2030 er usikre. Sokkeldirektoratet har derfor utarbeidd tre moglegheitsbilete for samla norsk olje- og gassproduksjon fram mot 2050.  Alle desse framtidsbileta  peikar mot ein gradvis nedgang i produksjonen i åra framover. 

Samstundes tyder alt på at Europa og Storbritannia vil trenge stabile leveransar av gass i lang tid framover. I dag kjem om lag 30 prosent av gassen desse landa brukar frå norsk sokkel. I lys av den geopolitiske situasjonen er norsk gass attraktiv. Når den i tillegg har låge kostnader og låge klimautslepp frå produksjon og transport, samanlikna med tilgjengelege alternativ, blir norsk gass særs konkurransedyktig. Styresmaktene si vurdering er følgjeleg at norsk sokkel ikkje er markedsavgrensa, men ressursavgrensa. Det er derfor avgjerande at ressursane på sokkelen blir leita etter, utvikla og produsert.

Store ressursar igjen på sokkelen

Ressursrekneskapen som Sokkeldirektoratet fører viser at det framleis er store ressursar igjen på norsk sokkel. Å halde oversikt over ressursgrunnlaget på sokkelen er ei av dei sentrale oppgåvene som direktoratet har. Dette er  ikkje minst viktig i lys av den geopolitiske utviklinga. 

For ressursar som ennå ikkje er påvist gjennom funn gir arbeidet vårt med kartlegging, leitemodellanalysar og ressursvurderingar eit viktig kunnskapsgrunnlag for våre råd til Energidepartementet i samband med utforming av leitepolitikken. I tillegg gir det eit viktig faktabidrag til industrien. Eit langsiktig perspektiv er særleg viktig i umodne område, der våre vurderingar kan belyse moglegheiter som industrien elles ikkje prioriterer å undersøkje.

Direktoratet vil halde fram med å gi råd om aktuelle leiteareal i TFO-rundar og vi vil gjere petroleumsfaglege vurderingar av korleis arealtilgang og konsesjonsrundar kan bidra til å oppnå hovudmålet i petroleumspolitikken.

Det er påviste ressursar i mange felt, og i over 90 funn. Direktoratet vil vere ein pådrivar for at næringa skal modne fram og utvikle alle lønnsame påviste ressursar på sokkelen. Når påviste ressursar i større grad er til stades i mindre funn, eller funn med komplekse reservoar, blir det meir nødvendig enn nokon gong for aktørane på sokkelen å arbeide for å redusere kostnadane i utviklingsprosjekt. Dette kan mellom anna gjerast gjennom å utvikle og ta i bruk ny teknologi. Samstundes vil det krevje at aktørane delar erfaringar og samarbeider om å utvikle gode løysingar, både i utbyggings- og driftsfasen.

Områdeforståing og koordinering av utvikling

God områdeforståing og heilskapleg forståing av infrastrukturen på sokkelen blir viktig for å sikre  at både leiting og utbygging av funn skjer til rett tid og blir knytt opp til den infrastrukturen som gir størst verdi for samfunnet.

Direktoratet vil legge vekt på dialog med selskapa slik at det blir gjort heilskaplege samfunnsøkonomiske vurderingar av utbyggingsplanar. Dette inkluderer vurdering av framtidige tiltak og potensial, og løysingar på tvers av løyve og innretningar. Direktoratet vil vidare gjennomføre eigne analysar av område der insentivstrukturen i industrien kan gi risiko for marknadssvikt, og foreslå tiltak eller vilkår for å korrigere slike utfordringar der det er formålstenleg.

Forvaltning av CO₂-lagring

Direktoratet ventar at aktiviteten innan CO₂-lagring held fram, og vi vil bidra til ei effektiv forvaltning i samarbeid med Energidepartementet. Framover blir det særleg viktig å vidareutvikle forståinga av reservoar- og trykkforhold.

I dette arbeidet vil vi styrke det internasjonale samarbeidet med land vi deler grense med, sidan trykkforhold kan gå på tvers av landegrensene. Internasjonalt samarbeid er og viktig for gjensidig læring og kunnskapsutveksling. 

Bygge kunnskap om mineral på havbotn

Sokkeldirektoratet er fagetat for forvaltninga av mineral på havbotn, og vil framover vidareutvikle fagkunnskapen i direktoratet i samarbeid med akademiske institusjonar.

Innsamling av data vil skje basert på tildelte midlar til dette. Det vil sette direktoratet i stand til å oppdatere kunnskapsgrunnlaget slik at vi er godt skodde for å gi råd knytt til denne aktiviteten også i framtida. 

Styrke faktaformidlinga

Direktoratet vil styrke faktaformidlinga for å bidra til eit kunnskapsbasert avgjerdsgrunnlag hos styresmaktene og i industrien. Vi vil vere ein påliteleg formidlar av fakta om verksemda og utviklinga på sokkelen. Dette er viktig for å nå hovudmåla våre og for tilliten til forvaltninga av ressursane. 

Digital omstilling

Sokkeldirektoratet står midt i eit større digitaliseringsløft som skal gi meir effektiv saksbehandling, betre dataflyt mellom næring og styresmakter og betre tilgang til data og analysar for industrien.

Industrien har rapportert at verdien av data og informasjon frå direktoratet er stor, men har uttrykt uro for at direktoratet kan komme til å henge etter i utviklinga av den digitale infrastrukturen. Dei har også uttrykt uro for om kompetansen og kapasiteten til direktoratet kan bli ein flaskehals. Ei vellukka digital omstilling er derfor ein sentral del av den strategiske utviklinga til direktoratet for å møte framtidige krav og forventningar. 

Sektoravgift

Innføring av ei sektoravgift gir Sokkeldirektoratet meir føreseieleg finansiering for verksemda,  og legg til rette for langsiktig planlegging. Dette er særleg viktig for å lykkast med den digitale omstillinga, der det krevst betydelege investeringar over fleire år. Det hjelper oss og til å halde oppe kompetanse og kapasitet innan ressursforvaltninga.
Rekruttering og kompetanse

Direktoratet er inne i ein aktiv rekrutteringsfase og kan igjen bemanne på eit nivå tilsvarande tidlegare år. Samtidig må verksemda sikre kompetansefornying i lys av forventa pensjonsavgangar dei kommande åra. Stabil tilgang på kompetent arbeidskraft er ein nøkkelfaktor for evna direktoratet har til å løyse samfunnsoppdraget framover. 

Rekruttering og kompetanse

Direktoratet er inne i ein aktiv rekrutteringsfase og kan igjen bemanne på eit nivå tilsvarande tidlegare år. Samtidig må verksemda sikre kompetansefornying i lys av forventa pensjonsavgangar dei kommande åra. Stabil tilgang på kompetent arbeidskraft er ein nøkkelfaktor for evna direktoratet har til å løyse samfunnsoppdraget framover. 

 

Oppdatert: 30.04.2026