Forord

Forord

Verda endrar seg raskt. Energimarknadene er urolege, geopolitikken er i endring, og teknologiutviklinga går stadig raskare. Midt i dette står norsk sokkel, som gjennom fleire tiår har levert energi, inntekter og verdiskaping til det norske samfunnet. 

Historia byrja på midten av 1960-talet, med dei første leiteløyva og trua på at det fanst olje- og gassressursar på norsk kontinentalsokkel. Sommaren 1966 blei den første undersøkingsbrønnen bora. Tre år seinare kom Ekofisk, funnet som endra Noreg. Produksjonen starta i 1971, og året etter blei Oljedirektoratet, no Sokkeldirektoratet, etablert. 

Sidan den gongen har oppdraget vårt vore å medverka til at hovudmålet med norsk petroleumspolitikk blir nådd. Me skal mellom anna bidra til størst mogleg verdiskaping for samfunnet gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning – og samtidig ta omsyn til helse, miljø, tryggleik og andre brukarar av havet. 

For å lukkast med dette må styresmaktene ha best mogleg kunnskap om ressursgrunnlaget på norsk sokkel. Ei sentral oppgåve for Sokkeldirektoratet er difor å byggja kunnskap om ressurspotensialet og dela analysar som gir innsikt i korleis det kan utvikla seg over tid. Ressursrapporten 2026 er eit viktig bidrag til dette arbeidet. 

Seksti år etter dei første leiteløyva er behovet for kunnskap om ressursane på norsk sokkel framleis stort. Me veit langt meir no enn pionerane på 1960-talet gjorde, men framtida er ikkje gitt. 

Ressursane finst. Kor mykje som blir realisert, avheng av vala som blir tekne i dag. Ressursane på norsk sokkel kan utviklast gjennom det som har prega verksemda heilt sidan starten: kunnskap, teknologi, investeringsvilje – og mot til å utforska nye moglegheiter. 

For å ta gode avgjerder treng samfunnet eit best mogleg kunnskapsgrunnlag. Denne rapporten er eit bidrag til det. God ressursforvaltning startar med god kunnskap om ressursane.

Kjersti Dahle

Kjersti Dahle
Direktør Sokkelutvikling

Oppdatert: 20.08.2026