Boreløyve for brønn 3/7-11 S i utvinningsløyve 539
26.03.2019
Oljedirektoratet har gitt MOL Norge AS boreløyve for brønn 3/7-11 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 3/7-11 S skal borast frå boreinnretninga Rowan Viking i posisjon 56°21'48,17"N og 04°08'44,60"A.
Boreprogrammet for brønn 3/7-11 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 539. MOL Norge AS er operatør med ein del på 80 prosent.
Den andre rettshavar er Lundin Norway AS med 20 prosent. Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 3/7 og grensar mot dansk sokkel. Brønnen blir bora om lag 45 kilometer nordaust for Valhallfeltet.
Utvinningsløyve 539 vart delt ut 19.02.2010 i TFO 2009. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
![3/7-11 S](/globalassets/1-sodir/fakta/nyheter/boreloyve/2019/3-7-11-s.png)
Oppdatert: 26.03.2019
Siste nyheter
Produksjonstal juni 2024
23.07.2024
Førebels produksjonstal i juni 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 982 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 6610/7-3
11.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 6610/7-3 i utvinningsløyve 1014, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbanene 35/6-5 S
04.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbanen 35/6-5 S i utvinningsløyve 1110, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbane 31/1-4
03.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanen 31/1-4 i utvinningsløyve 923 B, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Er du vår nye IT-sikkerhetsrådgiver?
01.07.2024
Ønsker du å være med og sikre Norges data om sokkelen? Trives du i spennet mellom taktisk og operativt sikkerhetsarbeid? Da kan du være vår nye IT-sikkerhetsrådgiver.
Norsk sokkel i stadig utvikling
28.06.2024
Direktør Torgeir Stordal deler her nokre tankar om kva som har prega aktiviteten på norsk sokkel i første halvår.
Gassfunn i Barentshavet (7324/8-4)
28.06.2024
Aker BP og partnerne har funnet gass i undersøkelsesbrønn 7324/8-4 (Hassel) i Barentshavet, rundt 300 kilometer fra nordkysten av Norge.