Hovudleiinga
Torgeir Stordal
Direktør for Sokkeldirektoratet
Født
1962
Utdanning
Stordal er cand.scient. i geofysikk frå Universitetet i Bergen.
Erfaring
Stordal blei tilsett i Oljedirektoratet som direktør for hovudområdet Leiting i 2017.
- Begynte karrieren sin i Shell som geofysikar i 1989, og fekk den første leiarstillinga si i 1999.
- Ei rekkje leiarstillingar innanfor leiting, mellom anna leitesjef i Norske Shell i perioden 2009-2013.
- Global rolle innan ressursevaluering ved Shells hovudkontor Nederland frå 2013-2017.
- Hatt tillitsverv i Norsk Petroleumsforening og Norsk olje og gass (no Offshore Norge).
Ola Anders Skauby
Direktør for kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap
Fødd
1972
Utdanning
Skauby har Master of Management frå BI. I tillegg er han sivilmarknadsførar og har òg IT-fag, bedriftsøkonomi og engelsk i fagkrinsen.
Erfaring
Skauby begynte i Oljedirektoratet oktober 2020.
- Tolv års erfaring frå Equinor, dei siste tre åra med globalt ansvar for personalberedskap og personellsikring, med oppfølging, informasjon, rådgiving, bistand og trening innanfor desse områda.
- Ulike stillingar innan kommunikasjon i Equinor, mellom anna som pressetalsperson og kommunikasjonsdirektør.
- Forelese i marknadsføringsleiing på BI i ti år.
- Jobba med kommunikasjon og kontraktar i Subsea 7, Halliburton, Forsvarsbygg, Parpirfly og Fabi Partner.
Kristin Reitan Husebø
Direktør for rammeverk og verksemdsstyring (ROV)
Fødd
1963
Utdanning
Husebø har Master of Management frå BI.
Erfaring
Husebø begynte i Oljedirektoratet september 2020.
- Administrerande direktør i Greater Stavanger Economic Development, der ho i perioden 2014-2020 leia arbeidet med næringsutvikling i Stavanger-regionen på vegne av 15 kommunar og Rogaland fylkeskommune.
- Controller og leiar innan økonomistyring og forretningsplanlegging (1990-2000) i Equinor.
- Leiande stillingar i Prekubator Technology Transfer Office, Stavanger Helseforskning, Schibsted/Stavanger Aftenblad og Mercuri Urval i perioden 2000-2014.
- Brei styreerfaring, mellom anna som tidlegare styreleiar i Siva, statens selskap for industrivekst, frå børsnotert selskap og gründerverksemder.
Kjersti Dahle
Direktør for teknologi, analysar og sameksistens (TAS)
Fødd
1972
Utdanning
Dahle er cand.scient. i geologi frå Universitetet i Bergen.
Erfaring
Dahle begynte i Oljedirektoratet i februar 2021.
- Tilsett i OD som underdirektør i februar 2021.
- Før det meir enn 20 års erfaring frå Equinor, de siste tre åra som direktør i leiting på norsk og britisk sokkel.
- Mange års leiarerfaring der ho har leia flere avdelingar innan leiting og spesialistfunksjonar i Equinor.
- Ulike stillingar innan undergrunn og geologi i heile verdikjeda i Equinor.
Kalmar Ildstad
Direktør for lisensforvaltning (LFV)
Fødd
1963
Utdanning
Ildstad er sivilingeniør i fysikk/teknisk økonomi frå NTH (no NTNU).
Erfaring
Ildstad begynte i Oljedirektoratet i 1989.
- Ei rekke stillingar og har vore leiar i fleire omgangar i direktoratet med ulike ansvarsområde, mellom anna dataforvaltning, kompetanseutvikling og utbygging og drift.
- Gikk inn i leiinga i Oljedirektoratet som direktør for felt og funn i 2006.
Erik Garshol
Direktør for organisasjon, IT og dataforvaltning (OID)
Fødd
1971
Utdanning
Garshol er cand.psychol. frå Universitetet i Bergen.
Erfaring
Garshol begynte i Oljedirektoratet i oktober 2020.
- Ulike leiarstillingar innan HR og forbetring i Equinor. Han har vore personalsjef for landanlegga, og direktør for organisasjonseffektivitet.
- Tidlegere jobba i Bjørnson Organisasjonspsykologene.
Oppdatert: 12.06.2024