Oljedirektoratet

Teknologi

Teknologi har vore svært viktig for utviklinga av olje- og gassindustrien i Noreg.

Bilder og tekst som beskriver Sokkeldirektoratets teknologistrategi

Sokkeldirektoratets teknologistrategi.

Sokkeldirektoratet skal få industrien til å utvikle, samarbeide tettare og ta i bruk ny teknologi i endå større grad.

Målet er at teknologi skal brukast i alle delar av verdikjeda, det gir god ressursforvaltning og størst mogleg verdiskaping.

Teknologidagen 2024

Sokkeldirektoratet arrangerte teknologidag 6. juni 2024 etter samme lest som i 2022 og i 2023.

Tre hovedområde for strategien

Sokkeldirektoratets teknologistrategi trekk fram tre hovedområde som vi meiner blir viktige for norsk sokkel framover:

Strategien seier også noko om kva tiltak Sokkeldirektoratet vil bruke for å oppnå meir utvikling og bruk av teknologi.

I tillegg beskriv rapporten Teknologibruk og myndighetsinvolvering (pdf) ni forslag til tiltak, som ei arbeidsgruppe kom fram til i ein workshop. Gruppa bestod av representantar for oljeselskap, leverandørar og myndigheiter.

Finne mer, utvinne mer, redusere utslipp

Sokkeldirektoratet er særleg opptatt av teknologiar som kan bidra til å finne meir, utvinne meir og redusere utslepp, som er viktige for utviklinga av norsk sokkel. Desse områda må rettshavarane i utvinningsløyva prioritere høgt. 

Sokkeldirektoratet ønskjer at moglegheiter for bruk av teknologi er ein naturleg del av arbeidet i utvinningsløyva.

Felles retning for industrien

Sokkeldirektoratet har også bidratt i arbeidet med OG21-strategien. Den blir oppdatert kvart femte år, og set retninga for offentleg finansiert petroleumsforsking i Noreg. Strategien påverkar også planane for aktivitetar knytt til forsking og utvikling (Fou) i industrien og akademia.

 

 

Oppdatert: 15.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00