Oljedirektoratet

Havvind

SODIR_HAVVIND-1920x1080px

Illustrasjon av havvindmøller.

Regjeringa har store ambisjonar for utvikling av havvind på norsk kontinentalsokkel. Innan 2040 skal det tildelast område for 30 000 megawatt (MW) havvindproduksjon. Førebels er ingen område blitt tildelt.

I 2023 blei dei første prosjektområda for havvind på Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II utlyst. Styresmaktene gjennomførte 21. mars 2024 ein auksjon om tildeling av prosjektområde for havvind i Sørlige Nordsjø II. Ventyr SN II AS vann auksjonen og blir tildelt eit prosjektområde og dermed ein tidsavgrensa einerett til å gjennomføre ei prosjektspesifikk konsekvensutgreiing, og å søke om konsesjon etter havenergilova.

I 2020 blei dei første områda på norsk sokkel opna for fornybar energiproduksjon til havs. Styresmaktene har sidan dette arbeidd med å fastsetje regelverket i tett samarbeid med næringslivet og andre brukarar av havet.

Våren 2022 gav Energidepartementet Sokkeldirektoratet i oppdrag å planleggje og gjennomføre ein anbudsprosess for gjennomføring av forundersøkingar i Sørlige Nordsjø II og på Utsira Nord, med mogleg start i 2022.   ​

Første fase av undersøkinga i Sørlige Nordsjø II (austleg del) blei starta hausten 2022 og ferdigstilt i 2023.   ​

Undersøkinga på Utsira Nord blei påbegynt sommaren 2023 og ferdigstilt våren 2024.  ​

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 15.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00