Oljedirektoratet

Vitskaplege undersøkingar

abstrakt

Den norske kontinentalsokkelen er på fleire måtar interessant òg for andre formål enn petroleumsutvinning. Norske og utanlandske forskingsinstitusjonar gjennomfører kvart år undersøkingar der det blir samla inn geologiske og geofysiske data.

Retten for andre statar til å utføre forsking på sokkelen er spesifisert i Havrettskonvensjonen, og i eige norsk lovverk. På grunn av kjennskap til sokkelen, har Sokkeldirektoratet som oppgåve å behandle desse søknadane.

I tillegg til å gjere eigne vurderingar, sender vi søknadane til høyring hos andre relevante offentlege interessentar. Alle som ønskjer å utføre vitskaplege undersøkingar på norsk sokkel må søkje om dette, for kvar undersøking.

Søknad om vitskaplege undersøkingar

Utanlandske institusjonar sender søknadane sine om vitskaplege undersøkingar i norske farvatn til Fiskeridirektoratet. Dei søknadane som blir vurderte til å omhandle sokkelen (havbotnen eller undergrunnen) blir så send vidare til Sokkeldirektoratet for behandling. Tildelte løyve blir sende tilbake til søkjar via Fiskeridirektoratet.

Søknadar frå norske institusjonar blir sende direkte til Sokkeldirektoratet. Behandlande direktorat skal få sluttrapport og kopi av relevante data og resultat frå toktet. Ein del informasjon om desse tokta er tilgjengeleg på Fiskeridirektoratets nettstad.

Oversikt over løyve

Opne i fullskjerm

Tabellen over gir ei oversikt over vitskaplege undersøkingsløyve som er tildelt av Oljedirektoratet i perioden 2004 – 2020. Den viser kva institusjonar som har fått løyve, kva slags undersøkingar som er gjennomførte og kvar desse er gjorde.

For tidlegare år er tilsvarande oversikter å finne i Sokkeldirektoratets årsmeldingar, som blei gitt ut i papirform fram til og med 2003. Ta kontakt dersom du er interessert i papir- eller PDF-versjon av desse rapportane.

 

Oppdatert: 17.06.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.