Oljedirektoratet

Geobank

Sokkeldirektoratet lagrar kjerneprøvar og borekaks frå leite- og produksjonsbrønnar på norsk sokkel. I tillegg blir olje- og referanseprøvar for geokjemiske standardar lagra.


Kjernevising og prøveuttak

Geobank er tilgjengeleg for vising av kjerneprøvar og for uttak av prøvar for studiar. Kjernevising og uttak av prøvar må bestillast i god tid.

Prisar

Desse prisane gjeld for tilgang til Sokkeldirektoratets kjernevisingsrom og prøveuttak:

  • 08.00-15.30 (08.00-14.45): 3200 kroner per dag per rom
  • Utenom normal arbeidstid: 600 kroner per time
  • Helg: 800 kroner per time

Ved uttak av kjerner eller kjernevising utenom arbeidstid må to personar frå Sokkeldirektoratet vere til stades, og timeprisen vil derfor doblast.

Alle som bruker visingsrom og Geobank utenom ordinær arbeidstid skal vere registrert i Sokkeldirektoratets besøkssystem. Besøkande må også melde ankomst og når dei forlet bygget til den ansvarlege i Sokkeldirektoratet.


Elektronisk søknadsskjema for uttak av geologisk prøvemateriale frå leite- og produksjonsbrønnar

Geologisk prøvemateriale består av desse prøvetypane:

  • Borekaks
  • Konvensjonelle kjernar (ikkje sideveggskjernar)
  • Olje frå funn og felt

Sokkeldirektoratet skal motta rapport, analyseresultat, tynnslip, mikropalentologiske og palynologiske preparat for alle studiar basert på direktoratet sitt geologiske prøvemateriale innan seks månedar etter prøveuttak. Dette gjeld også studiar basert delvis på materiale frå Sokkeldirektoratet.

Bestilling for norske geokjemiske standardar (NGS)

Søknader om prøvar frå norske geokjemiske standardar (NGS) må innehalde:

  • Søkaren sitt namn, postadresse, telefonnummer, e-postadresse og ein kontaktperson
  • Beskriving av normal analytisk aktivitet i laboratoriet
  • Beskriving av kva NGS-prøvane skal brukast til

Mottakarane av NGS-prøvane skal sende data frå sine analysar av prøvane til Sokkeldirektoratet for framtidig avgrensing av standarden og kalibrering.

Sjå Sokkeldirektoratets Faktasider for meir om litostratigrafi.

Digital palynologi

​Geobank bruker verdens største mikroskopskannar til å gjere palynologiske preparat tilgjengeleg gjennom Diskos. Sjå lenker for mer informasjon.

 

 

Oppdatert: 17.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.