Oljedirektoratet

Grunnundersøkingar

Det er viktig å undersøke om havbotnen er eigna til å plassere innretningar for havvind. Vindturbinane må forankrast i havbotnen på ein måte som tåler ekstreme verforhold.

Undersøkingar av undergrunnen er difor første steg for å vurdere om han er eigna for å plassere ein vindturbinpark i eit utlyst område.

Kartlegginga kan identifisere potensielle risikoar som kan føre til utfordringar ved etablering av havvindpark, for eksempel:​

  • Kor eigna havbotnen er (rørsle, ujamnskapar, stabilitet, osb.)
  • Store steinblokker på havbotnen eller i undergrunnen​ som skaper ustabilitet for plasseringa
  • Gasslommer i undergrunnen som kan skape ustabilitet

Grundige undersøkingar

Ei grunnundersøking består av geofysiske målingar utført av tre instrumentsett:

Skrogbasert datainnsamling

  • Batymetri
  • Backscatter data
  • Botnpenetrerande ekkolodd 
  • Vasskolonnedata​

Måling med instrument som blir taua djupt

  • Magnetometer
  • Sidesøkande sonar ​

Seismikk

  • Ultrahøg oppløyseleg 2D med sparkerkjelde

Data som er henta inn frå grunnundersøkingane blir stilt saman for å kartleggje eventuelle avvik i eller på undergrunnen som kan vere til risiko for etablering av havvindparken.

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 15.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00