Norske geokjemiske standardar
Sokkeldirektoratet tilbyr norske geokjemiske standardar (NGS) til bruk i laboratorier som arbeider med organisk-geokjemiske analyser. Standardene er utviklet for å sikre pålitelege og samanliknbare analyseresultat.
Dei norske geokjemiske standardane (NGS) består av referansemateriale som blir forvalta og distribuert av Sokkeldirektoratet gjennom Geobank. Standardane blir brukte til kalibrering og kvalitetssikring av organisk-geokjemiske analysar.
NGS består av tre godt karakteriserte prøver: to kjeldebergartar og éi råolje. Desse materiala gir eit felles referansegrunnlag som bidreg til konsistente og samanliknbare analysar mellom ulike laboratorium.
Lenker til nyheitsbreva Norwegian Geochemical Standards (volum 1-3) er tilgjengelege nedanfor. Nyheitsbreva inneheld bakgrunnsinformasjon, analysedata og dokumentasjon knytt til standardane – og er derfor eit nyttig supplement for brukarar av prøvene.
- NGS nyheitsbrev, volum 1: (SR-1, ein kjeldebergart frå Botneheiaformasjonen på Svalbard):
https://www.sodir.no/globalassets/1-sodir/fakta/geologi-eng/ngs/sr-1.zip - NGS nyheitsbrev, volum 2: (JR‑1, ein kjeldebergart frå Jet Rock-formasjonen i Storbritannia):
https://www.sodir.no/globalassets/1-sodir/fakta/geologi-eng/ngs/jr-1.zip - NGS nyheitsbrev, vol. 3: (NSO‑1, ei råolje frå Nordsjøen):
https://www.sodir.no/globalassets/1-sodir/fakta/geologi-eng/ngs/nso-1.zip
Oppdatert: 23.06.2026