Oljedirektoratet

Diskos

Datalagring

Diskos National Data Repository (NDR) blei oppretta og utforma av Oljedirektoratet (OD) og oljeselskapa representert på norsk kontinentalsokkel i 1995.

Diskos er eit nasjonalt datalager for leite- og utvinningsrelatert informasjon frå norsk sokkel, som er delt mellom myndigheiter og oljeselskap.

Funksjonar

  • Tabellvisning og grafisk brukargrensesnitt
  • Alle tilgjengeleg brønndata, seismikk og produksjonsdata
  • Datatilgang etter eigarskap eller bruksrett
  • Nedlasting av data online eller på media
  • Funksjonalitet for databytte mellom oljeselskapa

Utfordring

Moderne leitemetodar medfører innhenting av enorme mengder data, medan logistikken forbunde med tradisjonell datalagring ofte har vore både lite effektiv og dyr. Aktørane har dermed måtta bruke unødig mykje tid på å søke etter data og samle inn data av varierande kvalitet. Effektiv datastyring er difor viktigare enn nokon gong.

Dette er bakgrunnen for at Diskos sette opp de naudsynte behovskrava og inngjekk ein avtale med IBM om å utvikle PetroBank, ei løysning som dekte både programvare og maskinvare for oppbevaring av petroleumstekniske data for oljeverksemda. Diskos har sidan oppstarten i 1995 hatt fleire ulike leverandørar, men det var først i 2015 at den første PetroBank-programvara blei bytta ut. Diskos NDR blir i dag drifta av Landmark, og den nye løysninga er sky basert og har ein open API tilgjengeleg. Alle data, inkludert tryggleikskopiar, blir også lagra i sikre lagringsfasilitetar i Noreg.

Samarbeidspartnarar i Diskos

Tanken om ein nasjonal datalagringsbank oppstod i 1992 i samarbeid mellom oljedirektoratet (OD) og dei fire dåverande oljeselskapa Hydro, Saga, Statoil samt Mobil. Diskos-gruppa tel i dag i underkant av 30 medlemmar. I tillegg har Diskos nærmare 40 assosierte medlemmar (ikkje-oljeselskap og norske universitet).

Diskos-gruppa utviklar spesifikasjonar for programvare, driftsoperasjon og en kommersiell struktur. Medlemmene i gruppa bidreg både økonomisk og teknisk.

Eit nasjonal datalager

 Diskos dataoppbevaring er eit system som er blitt utforma for å lagre store mengder digitale data på vegne av selskapa og det offentlege. Dette betyr at digitale data frå den norske kontinentalsokkelen nå finst i det nasjonale datalageret. All informasjonen i databasen er tilgjengeleg direkte på nettet for medlemmane i Diskos-samarbeidet. I tillegg finst det ein offentleg portal med utvalde metadata som er tilgjengeleg for ikkje-medlemmar, der offentlege data er tilgjengeleg på media fra Diskos sin databaseoperatør Landmark mot ein administrativ kostnad.

Ved bruk at databasen Diskos kan informasjon overførast direkte til arbeidsstasjonane hos medlemmane i høg hastigheit og med lave kostnadar, og ein kan kjøpe og selje data berre ved å endre eigarrettigheitene i datalageret. Dette er også ein praktisk metode for offentleggjering av data når konfidensialitetsperioda går ut.

Medlemmene i gruppa har ein avtale om graden av datakvalitet for alt som blir lagra i basen, slik at brukarane kan stole på at data dei hentar ut er av kjent kvalitet, levert på avtalefesta dataformat. Systemet inneheld offentleg, kvalitetsgodkjent kulturelle data (kystliner, lisensinformasjon, installasjonar osb.) frå Sokkeldirektoratet.

Type data

  • Seismikk- og navigasjonsdata
  • Brønndata
  • Produksjonsdata

Diskos database - programvare

Diskos NDR er no ei sky basert teneste. Data er lagra hos sky leverandørar under kontrakt med Landmark.

Først finn brukaren fram til data dei treng i datalageret. Utvalet av data ein har stadfesta tilgangrett til, blir gjort i ei tabellvisning eller eit geografisk brukargrensesnitt. Bestillinga av dei utvalde data blir henta opp frå lagringsmedia/sky. Data blir så overført til brukaren sitt system for vidare tolking. Denne lagringa og tilgangen av data både for eit selskap, felles, kommersielt og for myndigheitene, utgjer utan tvil ein betydeleg fordel for oljeindustrien og andre brukarar av det nasjonale datalageret.

Diskos-gruppa bidreg til bruken og utviklinga av standardar for næringa.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 31.05.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00