Oljedirektoratet

Klassifisering av brønnar

Alle brønnar og brønnbanar som blir bora på norsk sokkel har eit nummer og ofte også et popularisert namn.

Før borestart må operatøren sende inn eit skjema for namnsetjing og klassifisering til Sokkeldirektoratet.

 

Illustrasjon av brønnbaner

 

Rettleiinga vår for korleis brønnar og brønnbanar på norsk sokkel skal bli angitt (på engelsk) gjeld alle typar brønnar. Dei offisielle nemningane er basert på kva blokk og kvadrant brønnen blir bora i (for eksempel 34/8-13 A). Av og blir også populariserte navn brukt (for eksempel Titan).

For alle brønnbanane må operatøren fylle ut et skjema for namnsetjing og klassifisering. Skjemaet skal sendast til Sokkeldirektoratet seinast to veker før borestart.

Leitebrønner (exploration wells)

I ressursforskrifta blir ein leitebrønn definert som ein brønn som blir bora for å påvise mogleg førekomst av petroleum eller skaffe informasjon for å avgrense ein påvist førekomst.

Sokkeldirektoratet gir løyve til leiteboringa og fastset nemninga på brønnbanen. Slikt løyve må vere gitt for den einskilde brønn eller brønnbane før boreaktiviteten blir sett i gang.

Løyvet blir gitt på grunnlag av registreringssøknad og boreprogram og føreset at andre løyve og samtykke som krevjast av andre styresmakter er gitt.

Leitebrønnar blir delt inn i undersøkingsbrønnar (wildcats) og avgrensingsbrønnar (appraisals).

Utvinningsbrønnar (development wells)

I ressursforskrifta er dette ei fellesnemning for brønnar som blir brukt til utvinning av petroleum.

Sokkeldirektoratet fastset neminga på brønnbanen basert på skjema sendt inn av operatøren. Utvinningsbrønnar blir delt inn i kategoriane produksjons-, injeksjons- og observasjonsbrønnar.

Andre borehol

Andre borehol er definert i ressursforskrifta § 3: hull som bores for å hente inn opplysninger om bergartenes karakteristika og/eller for å utføre geotekniske undersøkelser for plassering av innretninger, og som ikke bores for å påvise eller avgrense en petroleumsforekomst eller for å produsere eller injisere petroleum, vann eller annet medium.

Definisjonen handlar i realiteten om to typar borehol som blir reguleres av ulike bestemmingar:

  1. For traséundersøkingar og andre grunnundersøkingar kan det borast borehol for å undersøke undergrunnen før plassering av innretning. Disse borehola kan ikkje borast djupare enn 200 meter under sjøbotnen, jf. petroleumsforskrifta § 30.


  2. Ved undersøking etter petroleum kan det gjennomførast «grunne boringar», jf. petroleumsforskrifta § 4. Dette er borehol som blir bora for å hente inn data om geologisk utvikling av bergartane for å undersøke etter petroleum. I tillegg til informasjonen om geologien på borestaden, kan informasjonen knyttast mot seismiske data for å kalibrere seismiske reflektorar mot geologiske einingar og for å djupnekonvertere seismiske data.

    Desse borehola hadde tidlegare ei djupneavgrensing på 200 meter, men Sokkeldirektoratet kan no fastsetje djupna. For boring djupare enn 200 meter under sjøbotnen må det, i tillegg til registrering av boreholet hos Sokkeldirektoratet, også søkast samtykke frå Havindustritilsynet, jf. styringsforskrifta § 25.

Symbolforklaringar

Sokkeldirektoratets Faktasider kan du hente ut informasjon om kor alle leite- og utvinningsbrønnbanar er. Ei symbolforklaring viser dei ulike typane brønnbane. 

 

Oppdatert: 13.06.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.