Oljedirektoratet

Offentleg postjournal

Ifølgje forskrifta til offentleglova paragraf 6 skal alle statlege verksemder tilgjengeleggjere journalane sine for allmenta på Internett.

eInnsyn er ei felles publiseringsteneste for journalane der du kan søkje etter dokument frå statlege verksemder og bestille innsyn.

Bestiller du innsyn i Sokkeldirektoratets dokument via eInnsyn, behandlar vi innsynskravet og du får svar direkte frå oss:

Krav om innsyn kan òg setjast fram via brev eller e-post. Ver vennleg og oppgi på kva måte du vil få dokumentet frå oss.

Hugs: Kravet må gjelde ei bestemd sak eller i rimeleg utstreking saker av ein bestemd art (offentleglova § 28). Viss saks- og dokumentnummer er kjent frå offentleg journal eller anna kjelde, må du oppgi dette.

Oppdatert: 12.06.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.