Oljedirektoratet

Improved Recovery Award

SODIR_IMPREC_LOGO-1920x1080

Utvinningsgrad for olje er eit mål for kor stor del av olja som kan utvinnast. Dersom utvinningsgraden blir auka med bare nokre få prosent, vil dette representere store verdiar for samfunnet.

«Improved Recovery Award» er ei anerkjenning av innsatsen for auka utvinning på norsk sokkel. Vi deler ut prisen på ONS-konferansen annankvart år.

Sokkeldirektoratet deler ut «Improved Recovery Award» til utvinningsløyve, selskap, prosjekt eller enkeltpersonar for innsatsen deira for auka utvinning.

«Improved Recovery Award» er ei utmerking for kreativitet, tolmod og risikovilje når det gjeld å ta i bruk metodar og teknologi som kan auke olje- og gassutvinninga utover det som kan forventast med eksisterande planar og metodar. ​

Prisen blei delt ut for første gong i 1998. Den ble ikkje utdelt i 2002 og 2008 sidan det ikke ble funne verdige vinnarar. Sidan 2012 er «Improved Recovery Award» blitt utdelt i samband med ONS.

Tidlegere heitte prisen «IOR-prisen».

2022

Vinnar: Rettshavarne i Statfjord i Nordsjøen for å ha teke i bruk ei rekke IOR-tiltak som bidreg til ein utvinningsgrad i verdsklasse. Les nyhet. 

 

2020

Vinnar: Forskar Geir Evensen (ensemblebaserte metodar). Les nyhet og sjå presentasjon (pdf) 

Finalist: Oljeselskapet Lundin (brønntesting og IOR på Edvard Grieg) . Les nyhet og sjå presentasjon. (pdf)

Finalist: Rettshavarane på Granefeltet (IOR-tiltak og utvinningsstrategi). Les nyhet og sjå presentasjon (pdf)

Sjå presentasjon av vinnaren og dei to andre finalistane av IOR-prisen 2020 på nett-tv 

 

2018

Vinnar: Rettshavarane i Alvheim i Nordsjøen (IOR-tiltak og utvinningsstrategi). Les nyhet og sjå presentasjon (pdf)

Finalist: Teknologiselskapet Resman (tracerteknologi). Les nyhet og sjå presentasjon (pdf)

Finalist: Professor Svein Magne Skjæveland (framragande forsking). Les nyhet og sjå presentasjon (pdf)

 

2016

Rettshavarne i Åsgard (havbunnskompresjon)

 

2014

Martin Landrø, NTNU (4D-seismikk)

 

2012

Statoil (Oseberg gassinjeksjon)

 

2010

Tor Austad (UiS) og Corec (IRIS) (IOR-forsking i krittreservoar)

 

2009

FMC (havbotnteknologi)

 

2007

Talisman (satsing på marginale og modne felt)

 

2006

Halliburton og Baker Hughes (framtidsretta utvikling og bruk av avanserte bore- og brønnløysingar)

 

2005

Arne Skauge, CIPR (IOR-forsking)

 

2004

Statoil og rettshavarane i Gullfaks (langsiktig arbeid med økt utvinning)

 

2003

BP og rettshavarane i Valhall (Life of field seismic)

 

2001

Rettshavarane i Norne og Egil Sunde, Statoil (MEOR – Microbial Enhanced Oil Recovery)

 

2000

Phillips Petroleum Company (Ekofisk vassinjeksjon)

 

1999

Saga Petroleum (FAWAG – Foam assisted water alternating gas injection)

 

1998

Norsk Hydro og rettshavarane i Troll (Troll oljeutvinning)

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 19.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00