Arbeidsforpliktelser for utvinningstillatelser

Etter tildeling går utvinningsløyvet som hovudregel inn i ein innleiande periode, kalla leiteperioden. Den innleiande perioden kan vare i inntil 10 år frå datoen utvinningsløyvet blei tildelt, jf. petroleumslova § 3-9.

Løyvet har eit bindande arbeidsprogram som er delt inn i fleire tidsavgrensa fasar.

I den første fasen kan arbeidsprogrammet til dømes vera å samla inn ny seismikk. Den neste fasen kan vera å bora ein leitebrønn. Krava til søknader og rapportering går fram av konsesjonsdokumentet for det enkelte løyvet.

Etter kvar fase må rettshavarane innan den gjeldande fristen avgjera om dei skal vidareføra løyvet til neste fase. For å gå vidare må arbeidsplikta vera godkjend som gjennomført. Avgjerda skal meldast til Energidepartementet, med kopi til Sokkeldirektoratet.

Melding om avgjerd og søknad om utsetjing av fristar

For å melde inn ei avgjerd skal du bruke skjemaet «Utvinningstillatelse – melding om beslutning» i Altinn. Dersom det ikkje vert gjort ei slik avgjerd innan fristen, fell utvinningsløyvet bort. Informasjon om arbeidsprogrammet og status for det einskilde utvinningsløyvet ligg på Sokkeldirektoratets faktasider.

Er det av ulike årsaker behov for meir tid til gjennomføring av arbeidsprogrammet før ein kan vedta å gå vidare til neste fase, kan rettshavarane søke om å få utsett gjeldande tidsfristar i arbeidsprogrammet.

Bruk skjema i Altinn

VIKTIG! Overgangen frå å bruke SMIL/L2S til å bruke skjema i Altinn gjeld frå og med 21. oktober 2026. Før endringa må operatørar og rettshavarar gi nødvendige Altinn-rettar til dei tilsette som skal bruke skjemaa.

Operatørar og rettshavarar må logga inn i Altinn via ID-porten for å senda inn

  • søknader om utsetjing av fristar (bruk skjemaet «Utvinningstillatelse – utsettelse av frister»)
  • meldingar om avgjerder knytte til utvinningsløyve (bruk skjemaet «Utvinningstillatelse – melding om beslutning»)

Desse skjemaa og kommunikasjon om dei skal ikkje lenger sendast via SMIL/Licence2Share (L2S).

Ofte stilte spørsmål om innsending av søknader og meldingar via Altinn

Kontakt

Har du spørsmål? Kontakt oss på postboks@sodir.no eller telefon 51 87 60 00. 

 

Oppdatert: 30.12.2023

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.