Oljedirektoratet

Frigiving av data

Sokkeldirektoratet kan offentleggjere (frigi) data som ikkje er underlagd teieplikt Her finn du informasjon om regelverk, korleis du får tilgang til frigjevne data og lenkjer til artikler om data som er frigjevne dei siste åra.

Sokkeldirektoratet kan offentleggjere (frigi) data som ikkje er underlagd teieplikt. Her finn du informasjon om regelverk, korleis få tilgang til frigitte data og lenkjer til artiklar om data som er frigitt dei siste åra.

Sokkeldirektoratet har teieplikt om data, materiale og opplysningar som blir sende inn til oss. Lengda på teieplikta for  geodata er regulert i Petroleumsforskrifta § 85. Når teieplikta stansar, kan Sokkeldirektoratet frigi dataa.

Det som avgjer lengda på teieplikta er i all hovudsak om dataa er tolka eller omsettelege. Data som ikkje blir omfatta av desse to kategoriane, blir omtalte i regelverket som "andre data".

Lengda på teieplikta blir rekna frå det tidspunktet dataa vart tilgjengelege for dataeigar.

Tolka data

Tolka data er underlagd teieplikt i fem år, med to unntak:

  • For tolka data i statusrapportar (tilbakeleveringsrapportar) fell teieplikta bort frå tidspunktet området/løyvet blir gitt opp.
  • Tolka data frå tilbakeleverte område og oppgitte løyve er underlagd teieplikt i eitt år rekna frå tidspunktet området/løyvet blitt gitt opp.

Med tolka data siktar ein til produkt som er resultat av ei fagleg vurdering, og som har god nok kvalitet til å kunne danne grunnlag for avgjerder i utvinningsløyvet. Som tolka data ikkje prosesserte geofysiske data og målte brønndata eller ei framstilling av desse rekna. Denne definisjonen er meir utdjupa med døme i Rettleiar om tolka data.

Tidlegare var tolka data underlagde teieplikt i 20 år. Dette blei i 2023 endra til fem år. Som ein overgangsregel vart det bestemt at tolka data rapporterte før 1. januar 2023 skulle vere underlagd teieplikt i inntil fem år etter forskriftsendringa. Dette betyr i praksis at alle tolka data som per 1. januar 2028 er eldre enn fem år, vil bli frigitt.

Omsettelege data

Omsettelege data er underlagd teieplikt i ti år.

Med omsettelege data siktar ein til data som er samla inn berre med det formålet å legge dataa ut for sal til ein tredjepart. Det er ein føresetnad at dataa skal vere omsettelege frå det tidspunktet dei er tilgjengelege for eigaren.

Dette betyr igjen at dataa må vera tilgjengelege for alle til marknadspris frå dei er tilgjengelege for eigar og klargjord for bruk. Data som blir samla inn til intern bruk i eitt eller fleire utvinningsløyve blir ikkje rekna som «omsettelege».  I 2012 sende Sokkeldirektoratet ut eit likelydande brev med klargjering av omgrepet omsetteleg inneber.

Vidare omarbeidingar av omsettelege data, som reprosesseringar og mergar, vil ha følgjande teieplikt:

  • Dersom reprosesseringen/mergen er gjort av eit selskap til eige bruk eller bruk i eit utvinningsløyve, vil teieplikta vera to år frå det nye produktet vart tilgjengeleg for dataeigar, men minst like lang som dei underliggjande dataa.
  • Dersom reprosesseringen/mergen er gjord berre med det formålet å leggje dataa ut for sal til ein tredjepart, vil teieplikta vera ti år frå det nye produktet vart tilgjengeleg for dataeigar.

Gulboken kapittel 9.2 kan du lese meir om korleis reglane knytt til omsettelege data blir praktiserte.

Omsettelege data vil ikkje bli frigitt i samband med tilbakelevering av område eller ved utløp, bortfall og oppgiving av eit utvinningsløyve.

Andre data

Andre data er underlagd teieplikt i to år. Med andre data siktar ein til data som ikkje fell inn under kategoriane tolka data eller omsettelege data. Dette vil typisk vere ikkje-tolka data (rådata) som er i felles eige i eit utvinningsløyve.

Andre data vil bli frigitt i samband med tilbakelevering av areal eller utløp, bortfall, oppgiving av eit utvinningsløyve.

Forretningsløyndommar

Forretningsløyndommar (som ikkje er geodata) er underlagd teieplikt i 20 år.

Med forretningsløyndommar siktar ein til «tekniske innretningar og framgangsmåtar og dessutan drifts- eller forretningsforhold som det vil vera av konkurransemessig betydning å halda hemmeleg av omsyn til den som opplysninga angår», jf. forvaltningslova § 13 første ledd nr. 2.

Forretningsløyndommar vil ikkje bli frigitt i samband med tilbakelevering av område eller ved utløp, bortfall og oppgiving av eit utvinningsløyve.

 

 

Artiklar om frigitte data dei siste åra

2024

Stort areal med nye frigitte datasett i Barentshavet

Sokkeldirektoratet publiserer nye dyphavsdata

2023

Havvinddata tilgjengelige i Diskos

OD gjør enda flere data tilgjengelig

30 000 datasett er blitt offentlig tilgjengelig

Verdifulle OD-data

Oppdatering av geokjemisk database

 

2022

Deler data frå eldre brønnar

Årets første oppdatering av geokjemisk database for Nordsjøen

 

2021

Oljedirektoratet oppdaterer geokjemisk database for Nordsjøen

Oljedirektoratet gir tilgang til kvalitetssikret geokjemisk database for Nordsjøen

 

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 16.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00