Oljedirektoratet

Brønnar

MBMultimedia-130304-473-1920

Selskapa som opererer på norsk sokkel samlar inn store mengder brønndata. Sokkeldirektoratet deler og tilrettelegg informasjonen for vidare bruk.

Brønndata omfatter ikkje-tolka data (rådata) og tolka data, jf forskrift til petroleumsloven §85. Det er utarbeidd ei rettleiing for tolka data som har som føremål å definere kva data som er tolka data.

Ikkje-tolka data er vanlegvis tilgjengelige to år etter at brønnen er ferdigstilt. Unntaket er brønnar i tilbakeleverte område eller frå oppgitte utvinningsløyve, der informasjonen blir frigitt ved tidspunktet for tilbakelevering eller oppgiving.

Brønndata som er tolka eller bearbeidd av andre enn Sokkeldirektoratet, blir frigitt fem år etter at dataa er analysert. Tolka data frå brønnar i tilbakeleverte område eller frå oppgitte utvinningsløyve blir frigitt eitt år etter tidspunktet for tilbakelevering eller oppgiving.

Faktasidene

Faktasidene finnst det ei oversikt over leite-, utvinnings- og andre brønnbanar på norsk sokkel. For dei fleste brønnbanane er nøkkelattributtar lagt ut og kan lastast ned. For leitebrønnbaner eldre enn to år finnst det eit større datagrunnlag, Well Data Summary Sheet (WDSS).

Frå Faktasidene er det enkelt å eksportere leite-, utvinnings- og andre brønnbaner med tilhøyrande attributtar.

Diskos – nasjonalt datalager

Det nasjonale datalageret for leite- og utvinningsrelatert informasjon frå norsk sokkel heiter Diskos (på engelsk).

Reporting requirements for digital well data, 'Blåboka' (berre engelsk), viser datatypar som blir rapportert for nyare brønnar, og når desse blir frigitt. Ikkje alle datatyper er tilgjengelige for alle brønnar.

 

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 13.06.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00