Boreløyve for brønn 7/11-14 S og A i utvinningsløyve 906
17.09.2021
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnene 7/11-14 S og A, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønnene 7/11-14 S og A skal borast frå boreinnretninga Mærsk Integrator i posisjon 57°06'12,674"N og 2°37'41,559"A.
Boreprogrammet for brønnene 7/11-14 S og A gjeld boring av ein undersøkingsbrønn og ein avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 906. Aker BP ASA er operatør med ein del på 60 prosent.Dei andre rettshavarane er Longboat Energy Norge AS (20 prosent) og DNO Norge AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 7/11 og 7/12. Brønnene blir bora om lag 13 kilometer vest for Ulafeltet.
Utvinningsløyve 906 vart delt ut 02.03.2018 (TFO2017). Dette er den første og andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
![Kart som viser hvor brønnene 7/11-14 S og A er lokalisert.](/globalassets/1-sodir/fakta/nyheter/boreloyve/2021/7-11-14-s-a.jpg)
Oppdatert: 17.09.2021
Siste nyheter
Produksjonstal juni 2024
23.07.2024
Førebels produksjonstal i juni 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 982 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 6610/7-3
11.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 6610/7-3 i utvinningsløyve 1014, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbanene 35/6-5 S
04.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbanen 35/6-5 S i utvinningsløyve 1110, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbane 31/1-4
03.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanen 31/1-4 i utvinningsløyve 923 B, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Er du vår nye IT-sikkerhetsrådgiver?
01.07.2024
Ønsker du å være med og sikre Norges data om sokkelen? Trives du i spennet mellom taktisk og operativt sikkerhetsarbeid? Da kan du være vår nye IT-sikkerhetsrådgiver.
Norsk sokkel i stadig utvikling
28.06.2024
Direktør Torgeir Stordal deler her nokre tankar om kva som har prega aktiviteten på norsk sokkel i første halvår.
Gassfunn i Barentshavet (7324/8-4)
28.06.2024
Aker BP og partnerne har funnet gass i undersøkelsesbrønn 7324/8-4 (Hassel) i Barentshavet, rundt 300 kilometer fra nordkysten av Norge.