Oljedirektoratet

Ny datatype i Diskos: Multi-gigapiksel palynologiske preparat

robert-w

Geolog Robert W. Williams identifiserer og merker fossilt mikroplankton på eit digitalt palynologisk preparat. I bakgrunnen er maskina som digitaliserer Oljedirektoratets store arkiv av mikroplankton, pollen og sporer frå leite- og produksjonsbrønnar på kontinentalsokkelen. Foto: Arne Bjørøen

13.03.2023 Oljedirektoratets digitaliseringsprosjekt Avatara-p har produsert over 30 000 digitale palynologiske preparat frå 284 frigitte brønnar. Dette stadig veksande datasettet på 57 terabyte er no tilgjengeleg i Diskos.

Diskos er ei felles løysing for lagring og distribusjon av seismikk-, brønn- og produksjonsdata frå norsk sokkel. Databasen blei sett i drift i 1995 som eit samarbeid mellom Oljedirektoratet, Statoil, Norsk Hydro og Saga Petroleum. 

Kvart mikroskoppreparat er gjengitt med over ti gigapiksler, altså ti milliardar pikslar. Dette er det første offentlege arkivet i verda av digitale palynologiske preparat.

Palynologi tar for seg mikrofossil som består av biopolymer av hydrogen, karbon og oksygen – med andre ord mikroplasten til naturen.   

Basert på taksonomi

Som alle felt innan paleontologi, er palynologi basert på taksonomi, å identifisere små fossil til artsnivå basert på forskjellar av både grove og fine strukturar. Denne vitskapen appellerer til geologar som har spesialisert seg i å kjenne igjen mønster og morfologi blant mange komplekse former.

Palynologer bruker omhyggjeleg og detaljert analyse gjennom eit mikroskop. Dei identifiserer og tel tusenvis av eksemplar av tusenvis av artar vunne tilbake frå tusenvis av brønnprøver. Dei reduserer denne kolossale kompleksiteten til tre fundamentale observasjonar:  alderen, avsetningsmiljøet og nærværet til avsetninga av eldre, omarbeidde avsetningar.

400 millionar  år med avsetningar på kontinentalsokkelen har late etter seg eit enormt arkiv av mikroplankton, pollen og sporar som klargjer Noregs geologiske, geografiske og miljøhistorie.

Samarbeid med medisinsk ekspertise

Palynologisk analyse er arbeidsintensiv og tidkrevjande. Optisk design og biletteknologi har blitt kraftig forbetra, men mikroskopi har blitt ståande uendra i fire hundreår.

Gjennom samarbeid med medisinsk ekspertise i Finland har OD fått innsikt i teknologiske framsteg som patologi, hematologi og cytologi har drive fram i snart 30 år. Forsking og utvikling med tanke på automatisert medisinsk diagnostisering av digitale vevsprøver viser seg  å vere brukande også til palynologiske problemstillingar.

Palynologer har auka kunnskapen vår om store delar av Noregs geologiske historie gjennom 50 år med tallause analysar av mikroplankton, pollen og sporar. Utvida analyse gjennom maskinlæring vil potensielt avdekkje endå fleire sider av Noregs djupe historie.

 

 

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 15.03.2023

Siste nyheter

Boreløyve for brønnbane 6610/7-3
11.07.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 6610/7-3 i utvinningsløyve 1014, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Avgrensning av funn i Nordsjøen (35/10-12 S)
10.07.2024 Wellesley Petroleum har påvist olje og gass i avgrensingsbrønnen Gnomoria Appraisal (35/10-12 S) i Nordsjøen, om lag 100 kilometer sørvest for Florø.
Boreløyve for brønnbanene 35/6-5 S
04.07.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbanen 35/6-5 S i utvinningsløyve 1110, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbane 31/1-4
03.07.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanen 31/1-4 i utvinningsløyve 923 B, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Ledig stilling som økonomimedarbeider
02.07.2024 Har du lyst å jobbe med rekneskap og økonomi i staten? Vi har ledig fast stilling som økonomimedarbeidar.
Er du vår nye IT-sikkerhetsrådgiver?
01.07.2024 Ønsker du å være med og sikre Norges data om sokkelen? Trives du i spennet mellom taktisk og operativt sikkerhetsarbeid? Da kan du være vår nye IT-sikkerhetsrådgiver.
Norsk sokkel i stadig utvikling
28.06.2024 Direktør Torgeir Stordal deler her nokre tankar om kva som har prega aktiviteten på norsk sokkel i første halvår.
Gassfunn i Barentshavet (7324/8-4)
28.06.2024 Aker BP og partnerne har funnet gass i undersøkelsesbrønn 7324/8-4 (Hassel) i Barentshavet, rundt 300 kilometer fra nordkysten av Norge.
Olje- og gassfunn i Nordsjøen (36/7-5 S, A, B og C)
27.06.2024 Vår Energi har gjort et gass- og oljefunn i brønn 36/7-5 S «Cerisa» og sidestegene 36/7-5 A, B og C.
Anbefalte blokker til utlysning på offentlig høring
26.06.2024 I forbindelse med første konsesjonsrunde for mineralvirksomhet på havbunnen, har Energidepartementet sendt ut forslag om blokker til utlysning på offentlig høring.