Stordal held fram som oljedirektør

14.04.2023 Torgeir Stordal blei i statsråd i dag utnemnt til direktør for Oljedirektoratet (OD).

Stordal har fungert i stillinga sidan juni i fjor, og er gitt eit åremål på seks år i stillinga som oljedirektør, med moglegheit for fornying.

– Eg er svært glad for at Torgeir Stordal skal leie Oljedirektoratet. Torgeir er ein kunnskapsrik og erfaren leiar som har dei beste føresetnadene for å vidareutvikle direktoratet. Han har inngåande kunnskap om næringa og vi får ein etatsleiar som kan bidra til ytterlegare verdiskaping på norsk sokkel framover, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Stordal er utdanna cand.scient. i geofysikk frå Universitetet i Bergen. Han blei tilsett i OD i 2017 som direktør for leiting, og i 2020 fekk han hovudansvaret for teknologi, analysar og sameksistens.

Før han byrja i OD hadde Stordal erfaring som geofysikar og frå ei rekkje leiarstillingar, blant anna som leitesjef i Norske Shell i perioden 2009-2013 og ei global rolle innan ressursevaluering ved Shells hovudkontor Nederland frå 2013-2017. Stordal har også hatt tillitsverv i Norsk Petroleumsforening og Norsk olje og gass (no Offshore Norge).

– Energibransjen er i stor endring, og styresmaktene skal ta ei rolle i omstillinga. Dette er eit arbeid eg gler meg til å halde fram med saman med dei dyktige leiarane og medarbeidarane våre, seier oljedirektør Torgeir Stordal.

Les Olje- og energidepartementet si pressemelding her.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 14.04.2023

Siste nyheter

Avgrensningsbrønn i Nordsjøen øker anslaget (16/1-EA-4 H)
25.09.2026 Aker BP og partnere Equinor og DNO har boret en avgrensningsbrønn på funnene «Verdandi» og «Lillefix» i Nordsjøen. Brønnen øker anslaget for funnstørrelsen.
Produksjonstal august 2026
22.09.2026 Førebels produksjonstal i august 2026 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 073 000 fat olje, NGL og kondensat.
Kurs for fiskerikyndige
18.09.2026 Sokkeldirektoratet og Fiskeridirektoratet arrangerer kurs for fiskerikyndige i Bergen 3.–5. november 2026.
Aker BP har gjort et gassfunn i Nordsjøen (36/4-2) og (36/4-2 A)
16.09.2026 Foreløpige beregninger viser at størrelsen er mellom 0,15 og 2,4 millioner standard kubikkmeter utvinnbare oljeekvivalenter (Sm3 o.e.). Dette tilsvarer 1-15 millioner fat.
Boreløyve for brønnbane 25/9-5 S
15.09.2026 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 25/9-5 S i utvinningsløyve 1042.
Økende interesse for å lete
11.09.2026 Myndighetene har mottatt søknader fra 21 selskap i Tildeling i forhåndsdefinerte områder (TFO) 2026. Søknadsfristen var 1. september.
Nytt sokkelkart 2026
08.09.2026 Nå kan du laste ned eller bestille papirversjon av direktoratets nyeste sokkelkart.
Ressursrapport 2026 på engelsk
08.09.2026 Nå er ressursrapporten også tilgjengeleg på engelsk.
Ny direktør i direktoratet
04.09.2026 Siv Fagerland Christensen er på plass som direktør for staben Virksomhetsstyring, økonomi og fellestjenester. Hun er en del av Sokkeldirektoratets hovedledelse.
Meld deg på seminar om sub-basalt leting
31.08.2026 Velkommen til seminar om sub-basalt leting 15. oktober 2026 i våre lokaler. Representanter fra operatører, leverandører, akademia og myndighetene holder foredrag.