Dei nødvendige minerala

Ein gjennomskåret sulfidprøve, henta opp frå tokt på Mohnsryggen i Norskehavet i 2020. (Foto: Øystein Leiknes Nag, Sokkeldirektoratet.)

Ein gjennomskåret sulfidprøve, henta opp frå tokt på Mohnsryggen i Norskehavet i 2020. (Foto: Øystein Leiknes Nag, Sokkeldirektoratet.)

26.01.2024 Endringar er ofte krevjande. Det vil og endringa frå fossile energisystem til fornybare vere.

Om lag 80 prosent av all energien som blir brukt i verda kjem frå fossile kjelder. Dersom energiomstillinga skal endre på dette, og dersom befolkninga i verda skal få energien sin frå til dømes vindturbinar, solceller, batteri og overføringslinjer, er dette avhengig av store mengder mineral og metall.

Det vil bli behov for langt meir mineral enn det som verda i dag produserer, og mykje meir enn kva som kan gjenvinnast.

Mangedobla behov

Det internasjonale energibyrået, IEA, estimerer at behovet for kritiske mineral vil sjudoblast innan 2050 (engelsk). No har det aukande behovet for desse ressursane, desse råstoffa, fått stadig meir internasjonal merksemd. EU si «Critical Raw Material Act» (engelsk) og amerikanske initiativ er tydelege på at det er eit behov for større variasjon og meir tryggleik knytt til det å skaffe desse råstoffa.

IEA anslår at ein i dag importerer 98 prosent av sjeldne jordmetall og 93 prosent av magnesiumforsyninga til EU frå Kina. Kongo er og eit land ein er avhengig av for tilgang til kritiske og sjeldne mineral. Utvinninga som skjer i disse landa har i følge same rapport frå IEA mange negative konsekvensar for klima, natur, miljø og menneske.

Norsk bidrag

Noreg kan bidra med råstoff til energiomstillinga frå mineral på sokkelen. Sokkeldirektoratet sine undersøkingar indikerer at det kan vere betydelege mengder mineral i våre farvatn. Det er framleis mykje me ikkje veit.

Når Stortinget no har opna for leiting etter desse ressursane, er Sokkeldirektoratet overtydd om at meir kunnskap vil komme alle til gode, og dette vil gje forskarar, forvaltning, industri og politikarar det beste grunnlaget for å vurdere eventuelt vidare utvikling av minerala frå sokkelen vår.

Kunnskap og teknologi

Mineral på havbotnen representerer ei mogleg ny næring i Noreg. Mykje av kunnskapen me har tileigna oss innan olje- og gassnæringa kan nyttast og vidareutviklast. Noreg er medlem i Den internasjonale havbotnstyresmakta (ISA) (engelsk), som regulerer organisert leiting etter mineral på havbotnen i internasjonalt farvatn. Det eksisterer no 31 leitelisensar i internasjonalt havområde, og ISA er i gong med å utarbeide reglar og forskrifter for utvinning. Dei siste fem åra er det utført fleire testar av teknisk utstyr for utvinning.

Sokkeldirektoratet og universitetsmiljøa i Noreg har i sine undersøkingar og kartlegging av geologien på havbotnen brukt teknologi utvikla av olje- og gassnæringa. Vår erfaring med leiting, utbygging og drift av olje- og gassfelt blir essensiell for mogleg vidare utvikling av teknologi relatert til mineral på havbotnen.

Grushaugar og fotballbanar

Sulfidprøve, del av en forlatt skorstein, samlet inn av Sokkeldirektoratet i 2020 ved Mohnsryggen i 2020.

Sulfidprøve, del av ein samanrasa og ikkje-aktiv skorstein, samla inn av Oljedirektoratet (no: Sokkeldirektoratet) i 2020 ved Mohnsryggen.

Nokre av førekomstane av mineral på havbotnen som ein kan ta ut og nytte seg av er det ein kallar fossile eller «utdøydde» førekomstar, oftast ser dei ut som grushaugar. Dei aktive strukturane kan bli verna. Leiting etter mineral på havbotnen er vurdert til å ikkje ha stor belastning på miljøet. For å leite etter mineral på havbotnen utfører ein same type undersøkingar som når ein kartlegg miljøet.

Ved eventuelt uttak av mineral frå havbotnen vil eit utvinningsområde kanskje ikkje vere større enn nokre få fotballbanar. Så vil det gjerne vere 100 kilometer eller meir mellom kvart slikt utvinningsområde. Om det skulle bli tildelt område for utvinning av mineral, vil det og for kvart potensielle løyve bli krav om ei detaljert og prosjektspesifikk konsekvensutgreiing.

Strenge krav og stegvis tilnærming

Det er mange, tidvis sterke meiningsytringar om minerala frå havbotnen, og mange peiker nettopp på at vi veit for lite. Difor har då og våre folkevalde bestemt at me må vite nok om både dei umiddelbare og langsiktige konsekvensane av denne aktiviteten, før det er forsvarleg å gå i gong med kommersiell utvinning.

Noreg er ein hav- og kystnasjon med fantastiske naturressursar. Me har lang tradisjon for å forvalte havmiljøet og ressursane til det beste for samfunnet. Vår meir enn 50 år lange utvikling av norsk olje- og gassverksemd har skjedd stegvis og basert på kunnskap. Same mal er tenkt brukt for mineral på havbotn.

Framtidig verdiskaping er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i kyst- og havområda. Me må sørge for berekraftig bruk av ressursane frå den store sokkelen vår – og frå havet. Dei planane som no er fatta for mineralverksemd vil ivareta dette.

Les meir om mineral på havbotnen

Denne kronikken er skriven av Kjersti Dahle, direktør for teknologi, analysar og sameksistens. Han blei publisert på nettstaden altinget.no 26. januar.

 

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 26.01.2024

Siste nyheter

Avgrensningsbrønn i Nordsjøen øker anslaget (16/1-EA-4 H)
25.09.2026 Aker BP og partnere Equinor og DNO har boret en avgrensningsbrønn på funnene «Verdandi» og «Lillefix» i Nordsjøen. Brønnen øker anslaget for funnstørrelsen.
Produksjonstal august 2026
22.09.2026 Førebels produksjonstal i august 2026 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 073 000 fat olje, NGL og kondensat.
Kurs for fiskerikyndige
18.09.2026 Sokkeldirektoratet og Fiskeridirektoratet arrangerer kurs for fiskerikyndige i Bergen 3.–5. november 2026.
Aker BP har gjort et gassfunn i Nordsjøen (36/4-2) og (36/4-2 A)
16.09.2026 Foreløpige beregninger viser at størrelsen er mellom 0,15 og 2,4 millioner standard kubikkmeter utvinnbare oljeekvivalenter (Sm3 o.e.). Dette tilsvarer 1-15 millioner fat.
Boreløyve for brønnbane 25/9-5 S
15.09.2026 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 25/9-5 S i utvinningsløyve 1042.
Økende interesse for å lete
11.09.2026 Myndighetene har mottatt søknader fra 21 selskap i Tildeling i forhåndsdefinerte områder (TFO) 2026. Søknadsfristen var 1. september.
Nytt sokkelkart 2026
08.09.2026 Nå kan du laste ned eller bestille papirversjon av direktoratets nyeste sokkelkart.
Ressursrapport 2026 på engelsk
08.09.2026 Nå er ressursrapporten også tilgjengeleg på engelsk.
Ny direktør i direktoratet
04.09.2026 Siv Fagerland Christensen er på plass som direktør for staben Virksomhetsstyring, økonomi og fellestjenester. Hun er en del av Sokkeldirektoratets hovedledelse.
Meld deg på seminar om sub-basalt leting
31.08.2026 Velkommen til seminar om sub-basalt leting 15. oktober 2026 i våre lokaler. Representanter fra operatører, leverandører, akademia og myndighetene holder foredrag.