Oljedirektoratet

Produksjonstal april 2024

sodir-rigg-1920x1080px

22.05.2024 Førebels produksjonstal i april 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 104 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 10,4 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,9 (GSm3) mindre enn månaden før.

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 854 000 fat olje, 233 000 fat NGL og 17 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Produksjonstall april 2024

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon april 2024 1,854 2,104 346,6 0,681
 
Prognose for april 2024 1,762 1,999 323,9 0,642
Avvik frå prognose 0,092 0,105 22,7 0,039
Avvik frå prognose i % 5,2 % 5,3 % 7 % 6,1 %
 
Produksjon mars 2024 1,844 2,089 366 0,698
Endring frå mars 2024 0,010 0,015 -19,4 -0,017
Endring i % frå mars 2024 0,5 % 0,7 % -5,3 % -2,4 %
 
Produksjon april 2023 1,804 2,050 341,9 0,668
Endring frå april 2023 0,050 0,054 4,7 0,013
Endring i % frå april 2023 2,8 % 2,6 % 1,4 % 1,9 %

Oljeproduksjon april 2024

Væskeproduksjon april 2024

Gassproduksjon april 2024

Oljeproduksjonen er 5,2 prosent over Sokkeldirektoratet sin prognose for april 2024 og 2,7 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2024.

Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2024 er om lag 83,7 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 35,1 MSm3 o.e olje, om lag 4,7 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 44,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,7 MSm3 o.e. meir enn i 2023.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 22.05.2024