Produksjonstal mai 2024
20.06.2024 Førebels produksjonstal i mai 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 932 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 10,0 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,4 (GSm3) mindre enn månaden før.
Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1 689 000 fat olje, 223 000 fat NGL og 19 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Produksjonstall mai 2024
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | mai 2024 | 1,698 | 1,944 | 322,2 | 0,631 |
Prognose for | mai 2024 | 1,641 | 1,871 | 315,4 | 0,613 |
Avvik frå prognose | 0,057 | 0,073 | 6,7 | 0,018 | |
Avvik frå prognose i % | 3,5 % | 3,9 % | 2,1 % | 2,9 % | |
Produksjon | april 2024 | 1,839 | 2,091 | 346,8 | 0,679 |
Endring frå | april 2024 | -0,141 | -0,147 | -24,7 | -0,048 |
Endring i % frå | april 2024 | -7,7 % | -7 % | -7,1 % | -7,1 % |
Produksjon | mai 2023 | 1,783 | 2,002 | 276 | 0,594 |
Endring frå | mai 2023 | -0,085 | -0,058 | 46,2 | 0,037 |
Endring i % frå | mai 2023 | -4,8 % | -2,9 % | 16,7 % | 6,2 % |
Oljeproduksjon mai 2024
Væskeproduksjon mai 2024
Gassproduksjon mai 2024
Oljeproduksjonen er 2,9 prosent over Sokkeldirektoratet sin prognose for mai 2024 og 2,6 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2024.
Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2024 er om lag 103,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 43,2 MSm3 o.e olje, om lag 5,9 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 54,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 3,7 MSm3 o.e. meir enn i 2023.
Oppdatert: 20.06.2024