25. konsesjonsrunde på norsk sokkel – her er søkjarane
![25.runde-kart.jpg](/globalassets/1-sodir/fakta/nyheter/generelle-nyheter/25.runde-kart.jpg)
Grønt areal er område som er opne for tildeling av utvinningsløyve (gult areal er ope areal som ikkje er tilgjengeleg for tildeling av utvinningsløyve). Areal innanfor dei raude linjene er TFO-område. Grønt areal utanfor TFO-området kan inkluderast i nummererte runder Illustrasjon: Norskpetroleum.no
25.02.2021 Sju selskap har søkt om utvinningsløyve i 25. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Søknadsfristen gjekk ut 23. februar.
I denne konsesjonsrunden blei 136 blokker eller deler av blokker lyst ut. Av desse er 11 i Norskehavet og 125 i Barentshavet.
– I denne runden er dei utlyste blokkene stort sett i umodne områder. Vi ser at store og mellomstore selskap med god teknisk og finansiell kapasitet til å drive utforsking i slike område har søkt, seier Torgeir Stordal, direktør for teknologi og sameksistens i OD.
Sju selskap har søkt om utvinningsløyve, aleine eller i grupper:
- A/S Norske Shell
- Equinor Energy AS
- Idemitsu Petroleum Norge AS
- Ineos E&P Norge AS
- Lundin Norway AS
- OMV (Norge) AS
- Vår Energi AS
Nå startar arbeidet med å evaluere søknadene. Selskap som får utvinningsløyve må ha teknisk ekspertise og god geologisk forståing. Det blir også lagt vekt på finansiell styrke og erfaring.
For å sikre ei god evaluering av søknadene er dei utlyste blokkene kartlagt av Oljedirektoratet. Olje- og energidepartementet tar sikte på å tildele utvinningsløyve i 25. konsesjonsrunde før sommaren 2021.
Les mer: Pressemelding fra Olje- og enegidepartement
Oppdatert: 25.02.2021