Produksjonstal juni 2023

shutterstock_1007331328.jpg

Illustrasjonsbilde: Shutterstock.

21.07.2023 Førebels produksjonstal i juni 2023 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 990 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 7,8 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,7 (GSm3) mindre enn månaden før.

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 810 000 fat olje, 173 000 fat NGL og 8 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 0,6 prosent over OD sin prognose for juni 2023 og 0,5 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2023.

Produksjonstall juni 2023

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon juni 2023 1,818 2,016 252,6 0,573
 
Prognose for juni 2023 1,800 2,002 299 0,617
Avvik frå prognose 0,018 0,014 -46,4 -0,044
Avvik frå prognose i % 1 % 0,7 % -15,5 % -7,1 %
 
Produksjon mai 2023 1,783 2,002 276 0,594
Endring frå mai 2023 0,035 0,014 -23,4 -0,021
Endring i % frå mai 2023 2 % 0,7 % -8,5 % -3,5 %
 
Produksjon juni 2022 1,329 1,540 332 0,577
Endring frå juni 2022 0,489 0,476 -79,4 -0,004
Endring i % frå juni 2022 36,8 % 30,9 % -23,9 % -0,7 %

Oljeproduksjon juni 2023

Væskeproduksjon juni 2023

Gassproduksjon juni 2023

Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2023 er om lag 116,4 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 51,7 MSm3 o.e olje, om lag 6,4 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 58,4 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,3 MSm3 o.e. meir enn i 2022.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 21.07.2023