Oljedirektoratet

Olje- og gassfunn nær Framfeltet i Nordsjøen

deepsea-stavanger-odfjell-drilling

Brønnen blei bora av boreinnretninga Deepsea Stavanger. Foto: Odfjell Drilling.

14.03.2023 Equinor Energy AS, operatør for utvinningsløyve 827S, har avslutta boring av undersøkingsbrønn 35/10-9 på Heisenbergprospektet.

Brønnen blei bora 10 kilometer nordvest for Framfeltet og om lag 140 kilometer nordvest for Bergen.

Formålet med brønnen var å påvise petroleum i reservoarbergartar i Hordalandgruppen av paleogen alder.

Brønn 35/10-9 trefte ein gasskolonne på 6 meter over ein oljekolonne på om lag 8 meter i Hordalandgruppen i sandsteinslag på til saman 14 meter med moderate reservoareigenskapar.

Gass/oljekontakten blei treft på 1557 meter under havnivå. Olje/vasskontakten blei ikkje treft.

Førebels berekning av storleiken på funnet er mellom 3,8 og 13,3 millionar standard kubikkmeter (Sm3)utvinnbare oljeekvivalentar.

Rettshavarane vil vurdere avgrensing av funnet og tilknyting til eksisterande infrastruktur i området.

Brønnen blei ikkje formasjonstetesta, men det er utført omfattande datainnsamling og prøvetaking.

Dette er den andre leitebrønnen i utvinningsløyve 827S. Løyvet blei tildelt i TFO 2015.

Brønn 35/10-9 blei bora til eit vertikalt djup på 1794 meter under havoverflata. Brønnen blei avslutta i Rogalandgruppen av paleocen alder. Havdjupet er 368 meter. Brønnen er permanent plugga og forlaten.

Brønnen blei bora av boreinnretninga Deepsea Stavanger, som no skal bore undersøkingsbrønn 6406/5-2 i utvinningsløyve 255B i Norskehavet, der Equinor er operatør.

Kart som viser hvor brønn 35/10-9 er lokalisert.

 

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 14.03.2023

Siste nyheter

Grønt lys for Eldfisk nord
28.02.2024 Myndighetene har gitt Conoco Phillips samtykke til å starte opp Eldfisk nord i Nordsjøen.
Klarsignal for Hanz
27.02.2024 Myndighetene gir samtykke til oppstart av Hanz-forekomsten på Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen.
Hvem fortjener Improved Recovery Award?
22.02.2024 For 20. gang inviteres selskapene til å nominere kandidater til prisen for økt utvinning, nå omdøpt til Improved Recovery Award.
Boreløyve for brønn 7220/2-2
21.02.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 7220/2-2 i utvinningsløyve 1080, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Produksjonstal januar 2024
20.02.2024 Førebels produksjonstal i januar 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 071 000 fat olje, NGL og kondensat.
Ressursregnskapet for fjoråret er klart
20.02.2024 Ressursregnskapet for 2023 viser at volum av reserver og betingede ressurser har økt. De totale petroleumsressursene er noe redusert.
Tørr brønn i Nordsjøen
16.02.2024 Letebrønnen 35/11-28 S «Harden sør» i Nordsjøen viste seg å være tørr.
Endring i veileder til måleforskriften
15.02.2024 Sokkeldirektoratet har publisert et nytt vedlegg 4 til veileder til måleforskriften.
Tørre brønner i Nordsjøen
14.02.2024 Vår Energi boret tørt i brønnene 25/7-12 S og A, 200 kilometer nordvest for Stavanger.
Boreløyve for brønn 36/7-5 S
07.02.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Neptune Energy Norge AS boreløyve for brønn 36/7-5 S i utvinningsløyve 636, jf. ressursforskrifta paragraf 13.