Boreløyve for brønn 7122/6-3 S i utvinningsløyve 901
08.09.2021
Oljedirektoratet har gitt Vår Energi AS boreløyve for brønn 7122/6-3 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn 7122/6-3 S skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 71°31'34,93"N og 22°44'49,03"A etter avslutting av boring av utvinningsbrønnar på Goliatfeltet for Vår Energi AS.
Boreprogrammet for brønn 7122/6-3 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 901. Vår Energi AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Longboat Energi AS (20 prosent), Concedo AS (20 prosent) og Equinor Energy AS (10 prosent).
Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 7122/5, 7122/6 og 7123/4. Brønnen blir bora om lag 30 kilometer nordaust for Goliatfeltet og om lag 13 kilometer sør for funnbrønnen 7122/6-1.
Utvinningsløyve 901 vart delt ut 10.02.2017 (TFO 2016). Dette er den fyrste leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
![Kart over brønn 7122-6-3-S](/globalassets/1-sodir/fakta/nyheter/boreloyve/2021/7122-6-3-s.jpg)
Oppdatert: 08.09.2021
Siste nyheter
Produksjonstal juni 2024
23.07.2024
Førebels produksjonstal i juni 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 982 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 6610/7-3
11.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 6610/7-3 i utvinningsløyve 1014, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbanene 35/6-5 S
04.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbanen 35/6-5 S i utvinningsløyve 1110, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbane 31/1-4
03.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanen 31/1-4 i utvinningsløyve 923 B, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Er du vår nye IT-sikkerhetsrådgiver?
01.07.2024
Ønsker du å være med og sikre Norges data om sokkelen? Trives du i spennet mellom taktisk og operativt sikkerhetsarbeid? Da kan du være vår nye IT-sikkerhetsrådgiver.
Norsk sokkel i stadig utvikling
28.06.2024
Direktør Torgeir Stordal deler her nokre tankar om kva som har prega aktiviteten på norsk sokkel i første halvår.
Gassfunn i Barentshavet (7324/8-4)
28.06.2024
Aker BP og partnerne har funnet gass i undersøkelsesbrønn 7324/8-4 (Hassel) i Barentshavet, rundt 300 kilometer fra nordkysten av Norge.