Sokkeldirektoratet

Årsrapport: Direktoratet bidrar til utvikling av norsk sokkel

Sokkeldir-bygg

Sokkeldirektoratet har gjennom året følgt opp aktiviteten på sokkelen.

30.04.2025 Årsrapporten for 2024 tek føre seg korleis Sokkeldirektoratet løyste oppgåver og samfunnsoppdrag i fjor.

Les årsrapporten for 2024 her. 

2024 var prega av eit verdsbilete med politisk uro og konfliktar. I Europa var det stor etterspurnad etter energi sidan importen frå Russland er kraftig redusert.  

På norsk sokkel blei det sett ny rekord for sal av gass, og den samla olje- og gassproduksjonen var på det høgaste nivået sidan 2009. Om lag 30 pst. av gassen som blir brukt i Europa kjem frå Noreg, og dette viser kor viktig ressursar frå norsk sokkel er for energitryggleiken i både EU og Storbritannia. 

Samstundes var mange nye prosjekt under utbygging, noko som vil bidra til produksjonen i åra framover. Sokkeldirektoratet har gjennom året følgt opp aktiviteten på sokkelen og utarbeida faglege råd til Energidepartementet.  

Hovudmålet til direktoratet er å bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda på norsk kontinentalsokkel gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning, der det blir teke omsyn til helse, miljø, tryggleik, og til andre brukarar av havet.  

Ny strategi og organisasjonsutvikling

I 2024 har direktoratet hatt særskilt merksemd rundt arbeidet med systematisk oppfølging av aktiviteten i utvinningsløyva. Mykje av dei påviste ressursane ligg enno i felt i drift. Direktoratet arbeider derfor systematisk med å auka utvinninga frå desse ved å utfordre rettshavarane til å bore fleire produksjonsbrønnar eller å sette i verk andre tiltak.  

Sjølv om det har vore få søknader om godkjenning av nye utbyggingar i 2024, pågår det planlegging av utbygging av fleire funn. Sokkeldirektoratet legg vekt på å påverke utviklinga av desse i ei tidleg fase slik at dei endelege planane tek omsyn til god ressursforvaltning og samla verdiskaping på ein god måte.  

Eit arbeid med å utvikle ny strategi for Sokkeldirektoratet starta opp i 2023, og blei fullført før sommaren 2024. Etter sommaren har det vore gjennomført eit arbeid med å vurdere om direktoratet er organisert på ein måte som best kan realisere denne strategien. Dette arbeidet vil blir fullført i 2025.  

Framover er det venta at produksjonen frå norsk sokkel vil avta gradvis. Kor bratt dette fallet vil bli er avhengig av kor mykje nye ressursar som blir oppdaga og kort mykje av dei oppdaga ressursane som faktisk blir utvikla og sett i produksjon.  

For å unngå at fallet i produksjonen blir for bratt vil næringa sin vilje og evne til å leite etter nye ressursar, og til å setje dei i produksjon, bli svært viktig.  

Utvikling og bruk av teknologi blir truleg endå viktigare enn det har vore fram til no. Næringa arbeider godt med teknologi på mange område. Sokkeldirektoratet har identifisert område det det bør gjerast meir, og desse er nedfelt i vår eigen teknologistrategi.  

CCS og mineral

Det er stor og aukande interesse for areal til sikker lagring av CO2 på norsk sokkel. Direktoratet utviklar stadig ny kunnskap om lagringspotensialet. Vi følgjer opp at næringa etterlever regelverket, og vurderer om nye prosjekt kan bli realisert i god sameksistens med andre næringar.  

Etter at Stortinget slutta seg til å opne for aktivitet knytt til mineral på havbotnen, har direktoratet arbeidd med å utarbeide framlegg til forskrifter knytt til forvaltninga av ei slik framtidig næring. Parallelt med dette har vi halde fram med kartlegginga av havbotnen.  

Forvaltning av data frå sokkelen er ei sentral oppgåve for direktoratet. Etter at perioden der data er konfidensielle blei korta ned for nokre år sidan, blir stadig meir data tilgjengeleg. løpet av 2024 har Sokkeldirektoratet gjort om lag 3700 seismiske datasett og meir enn 3,8 millionar brønndatasett offentleg tilgjengeleg. 

Tryggingsutfordringane som kjem av mellom anna uro og krig i Europa krev ein kontinuerleg høg grad av beredskap og merksemd rundt sikring og vern mot stadig meir sofistikerte, samansette truslar. Dette set sitt preg på arbeidet både i direktoratet og i sektoren. Uroa påverkar også dei internasjonale energimarknadene, og understrekar kor viktig det er å kunne levere energi til Europa både på kort og lang sikt. Tilstrekkeleg og kontinuerleg tilgang til energi med akseptable prisar er ein føresetnad for berekraftig økonomisk framgang og velstandsutvikling. 

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 30.04.2025

Siste nyheter

Boreløyve for brønnbane 35/8-8 S
02.10.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Harbour Energy Norge AS boreløyve for brønnbane 35/8-8 S i utvinningsløyve 248 LS og 248 B.
Høring – forslag til endringer i to forskrifter
01.10.2025 Sokkeldirektoratet legger frem forslag til endringer i ressursforskriften og i forskrift om dokumentasjon ved lagring av CO₂ på sokkelen til offentlig høring.
Kurs for fiskerikyndige 2026
29.09.2025 Sokkeldirektoratet og Fiskeridirektoratet arrangerer kurs for fiskerikyndige i Bergen 20. – 22. januar 2026. Påmeldingsfrist 15. desember 2025.
Nå kan havbunnsdata fra sommerens tokt bestilles
26.09.2025 Data fra sommerens tokt i Lofotenbassenget (øst for Mohnsryggen) i Norskehavet og sørvestlig del av Knipovitsjryggen i Grønlandshavet er tilgjengelig for bestilling.
Grønt lys for gassrøreksport fra Troll B
25.09.2025 Sokkeldirektoratet gir samtykke til oppstart av tilknytning fra Troll B-plattformen til Kvitebjørn gasseksportrør.
Produksjonstal august 2025
23.09.2025 Førebels produksjonstal i august 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 124 000 fat olje, NGL og kondensat.
Populært med omvisninger i Geobank under framtidsfestivalen Ulltra
22.09.2025 I slutten av september deltok Sokkeldirektoratet på en splitter ny festival på Ullandhaug – Ulltra 2025. Her fikk påmeldte mulighet til en guidet omvisning i Geobank hos oss.
Tørr brønn i Nordsjøen (34/8-20 S)
19.09.2025
Boreløyve for brønnbane 34/4-19 S
15.09.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 34/4-19 S i utvinningsløyve 057.
Boreløyve for brønnbane 34/6-9 S
15.09.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 34/6-9 S i utvinningsløyve 554.