CO2-lagring
Sokkeldirektoratet hjelper og gir råd til Energidepartementet med arbeid innan injeksjon og lagring av CO₂, mellom anna ved utlysing, tildeling av areal og behandling av utbyggingsplanar.
Direktoratet følger også opp rettshavarane og ser til at regelverk og vilkår for dei tildelte løyva blir etterlevd. Andre viktige oppgåver er å formidle fakta og kunnskap om lagringspotensialet på norsk sokkel og foreslå korleis regelverket for CO₂-handtering kan utviklast.
Stort potensial for sikker lagring av CO2
Vi skal leggje til rette for sikker lagring av CO2. Fangst og lagring av klimagassen CO2 (carbon capture and storage, CCS) kan bidra til å redusere den globale oppvarminga. På norsk sokkel, djupt under havbotnen, er det mogleg å lagre store mengder CO2 på ein sikker måte.
Store geologiske formasjonar gir eigna lagringsvilkår og har eigenskapar som hindrar at CO2 bevegar seg oppover stein- og sandlaga mot havbotnen. Sokkeldirektoratet har laga eit atlas som viser at det teoretiske lagringspotensialet på norsk sokkel er på meir enn 80 milliardar tonn CO2.
Regelverket
Forskrift om utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2 og om transport av CO2 på kontinentalsokkelen gir heimel for CO2-lagring. Formålet er å leggje til rette for sikker lagring av CO2 som eit tiltak for å motverke klimaendringar.
Forskrifta fastset vilkår og rammer for mellom anna tildeling av undersøkings-, leite- og utnyttingsløyve, der prinsippet er statleg styring av og kontroll med lagringsressursane gjennom eit konsesjonssystem.
Anna relevant regelverk: Forskrift om dokumentasjon ved lagring av CO2 på sokkelen
Open dør-politikk
Søknader etter lagringsforskrifta blir behandla etter ein open dør-politikk. Det betyr at aktørar, som ønskjer eit løyve, kan søkje så fort dei meiner dei har arbeidd fram eit tilstrekkeleg godt søknadsgrunnlag.
Innkomne søknader blir fortløpande vurderte. Området som staten vurderer som aktuelt å kunne tildele vil kunngjerast med ein passande søknadsfrist dersom søknadene har tilstrekkeleg kvalitet.
Meir om CO2-lagring
Les meir om fangst, transport og lagring av CO₂ på norskpetroleum.no
Utforsk og lær meir om CO2-lagring (nettsida vart laga i samband med ONS 2024, berre på engelsk)
Oppdatert: 03.02.2025