Sokkeldirektoratet

25/6-6 S

21.02.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 25/6-6 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 59°30'35,21"N og 02°54'50,74"A etter at boring av undersøkingsbrønn 36/1-3 i den nordlege delen av Nordsjøen er avslutta.

Boreprogrammet for brønn 25/6-6 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 870, der Equinor Energy AS er operatør med ein del på 80 prosent. Den andre rettshavaren er Faroe Petroleum Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 25/6, 25/9 og 26/7. Brønnen blir bora om lag 18 kilometer søraust for Skirne-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 870 blei tildelt 10. februar 2017 (TFO 2016). Dette er den fyrste leitebrønnen som blir bora i det noverande løyvet, men det er tidlegare bora to undersøkingsbrønnar innanfor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

25/6-6 S

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 11.02.2025

Siste nyheter

Vil du ha det nyeste sokkelkartet?
15.08.2025 Sokkelkartet er nå oppdatert per juli 2025. Kartet viser blant annet felt, funn, tildelte områder og åpne leteområder – og gir full oversikt over utvinningstillatelser på norsk sokkel.
Boreløyve for brønnbane 2/6-8 S
11.08.2025 Sokkeldirektoratet har gitt DNO Norge AS boreløyve for brønnbane 2/6-8 S i utvinningsløyve 1086.
Johan Castberg har en nøkkelrolle i Barentshavet
08.08.2025 Johan Castberg-feltet skal produsere olje i mange år, og nye funn kan kobles til. Feltet er viktig for den videre utviklingen i Barentshavet.
Produksjonstal juni 2025
22.07.2025 Førebels produksjonstal i juni 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 854 000 fat olje, NGL og kondensat.
Gass-/kondensatfunn i Norskehavet (6406/11-2 S)
21.07.2025 Vår Energi og partnerne har gjort et gass-/kondensatfunn i prospektet «Vidsyn».
Tørr brønn i Nordsjøen (34/6-8 S)
17.07.2025 Equinor og partnerne har boret tørt i prospektet «Garantiana NV».
Tørr brønn i Norskehavet (6606/4-1 S)
16.07.2025 OMV og partnerne har boret tørt i prospektet «Hoffmann».
Gassfunn ved Johan Castberg-feltet i Barentshavet (7220/5-4)
10.07.2025 Equinor Energy AS og partnere har gjort et gassfunn i prospektet «Skred».
Boreløyve for brønnbane 34/8-20 S og 34/8-20 A
09.07.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanane 34/8-20 S og 34/8-20 A i utvinningsløyve 554 E.
Boreløyve for brønnbane 31/4-A-15 B
30.06.2025 Sokkeldirektoratet har gitt OKEA ASA boreløyve for brønnbane 31/4-A-15 B i utvinningsløyve 055.