Boreløyve for brønn 16/5-8 S i utvinningsløyve 815
26.03.2019
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/5-8 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønnen skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 58°43'37,29"N og 02°21'11,77" A etter at boring av brønn 16/1-31 S med opsjonelle sidesteg i midtre delen av Nordsjøen er avslutta.
Boreprogrammet for brønn 16/5-8 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 815, der Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Concedo ASA, Lime Petroleum AS og Petoro 20 prosent kvar.
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 16/5. Brønnen blir bora om lag 11 kilometer søraust for 16/1-28 S på Rolvsnes-funnet i den midtre delen av Nordsjøen.
Utvinningsløyve 815 blei tildelt 05. februar 2016 (TFO 2015). Dette er den fyrste leitebrønnen som blir bora i det noverande løyvet, men det er tidlegare bora ein undersøkingsbrønn innanfor løyvet sitt areal.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Oppdatert: 11.02.2025
Siste nyheter
Meld deg på seminar om sub-basalt leting
31.08.2026
Velkommen til seminar om sub-basalt leting 15. oktober 2026 i våre lokaler. Representanter fra operatører, leverandører, akademia og myndighetene holder foredrag.
Vil noen gi Linerle en ny sjanse med EOR?
24.08.2026
Sokkeldirektoratet har foreløpig identifisert tre funn på norsk sokkel som kan egne seg for økt utvinning med avanserte metoder (EOR). Ett av dem er ledig.
Her finner du oss under ONS
21.08.2026
Sokkeldirektoratet deltar med foredrag, samtaler og stand under ONS. Vi håper du stikker innom oss!
Me produserer meir enn me finn på norsk sokkel
20.08.2026
Ressursrapport 2026: Utan større funn kan produksjonen på norsk sokkel falla bratt etter 2030. Ressursane er framleis store, men tilveksten er for låg til å halda dagens produksjonsnivå oppe over tid.
Produksjonstal juli 2026
20.08.2026
Førebels produksjonstal i juli 2026 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 976 000 fat olje, NGL og kondensat.
Arendalsuka 2026: Her møter du Sokkeldirektoratet
06.08.2026
Energi er eit viktig tema under Arendalsuka også i år. Sokkeldirektoratet skal bidra med fakta og analysar under fem ulike arrangement. Her deler me nokre perspektiv frå Ressursrapporten 2026, som blir lansert 20. august.