24/9-14 A

07.02.2019 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 24/9-14 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 59°21'51,91" nord og 1°46'52,29" aust etter avslutta boring av undersøkingsbrønn 24/9-14 S i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 24/9-14 A gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 869, der Aker BP ASA er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Lundin Norway AS (20 prosent) og Point Resources AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 24/9, 24/12 og 25/7. Brønnen blir bora om lag fire kilometer nordvest for Bøyla-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 869 blei tildelt 10. februar 2017 (TFO 2016). Dette er den tredje leitebrønnen som blir bora i sjølve løyvet, men det er tidlegare bora fleire undersøkingsbrønnar innanfor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 11.02.2025

Siste nyheter

Meld deg på seminar om sub-basalt leting
31.08.2026 Velkommen til seminar om sub-basalt leting 15. oktober 2026 i våre lokaler. Representanter fra operatører, leverandører, akademia og myndighetene holder foredrag.
Okea får pris for økt utvinning på sine oljefelt
25.08.2026 Årets vinner av Sokkeldirektoratets pris «Improved Recovery Award» har systematisk arbeidet for å revitalisere feltene Draugen og Brage.
Vil noen gi Linerle en ny sjanse med EOR?
24.08.2026 Sokkeldirektoratet har foreløpig identifisert tre funn på norsk sokkel som kan egne seg for økt utvinning med avanserte metoder (EOR). Ett av dem er ledig.
Gass/kondensat-funn i Nordsjøen (25/7-13)
24.08.2026 Equinor (operatør) og Aker BP (partner) har funnet gass/kondensat i prospektet «Linga».
Her finner du oss under ONS
21.08.2026 Sokkeldirektoratet deltar med foredrag, samtaler og stand under ONS. Vi håper du stikker innom oss!
Me produserer meir enn me finn på norsk sokkel
20.08.2026 Ressursrapport 2026: Utan større funn kan produksjonen på norsk sokkel falla bratt etter 2030. Ressursane er framleis store, men tilveksten er for låg til å halda dagens produksjonsnivå oppe over tid.
Produksjonstal juli 2026
20.08.2026 Førebels produksjonstal i juli 2026 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 976 000 fat olje, NGL og kondensat.
Tørr brønn i Nordsjøen (15/6-17)
11.08.2026 Aker BP og partner Equinor har boret en tørr letebrønn, 15/6-17, i prospektet «Svarteknippa» i Nordsjøen.
Arendalsuka 2026: Her møter du Sokkeldirektoratet
06.08.2026 Energi er eit viktig tema under Arendalsuka også i år. Sokkeldirektoratet skal bidra med fakta og analysar under fem ulike arrangement. Her deler me nokre perspektiv frå Ressursrapporten 2026, som blir lansert 20. august.
Oljefunn ved Johan Castberg-feltet (7220/5-EC-2 H)
23.07.2026 Equinor og partnere har gjort et oljefunn i prospektet «Skrugard North Tubåen» i Barentshavet.