Boreløyve for brønn 15/6-15 i utvinningsløyve 814
08.05.2019
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 15/6-15 jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 15/6-15 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 58°40'35,74"N og 01°52'22,19"A.
Boreprogrammet for brønn 15/6-15 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 814. Aker BP er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er MOL Norge AS med 30 prosent og OMV (Norge) AS med 30 prosent.
Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 15/6. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer nordaust for Gina Krog-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.
Utvinningsløyve 814 blei tildelt 5. februar 2016 (TFO 2015). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Oppdatert: 11.02.2025
Siste nyheter
Boreløyve for brønnbane 7220/7-CD-1 H
10.02.2025
Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 7220/7-CD-1 H i utvinningsløyve 532, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbane 7/1-4 S
31.01.2025
Sokkeldirektoratet har gitt Vår Energi ASA boreløyve for brønnbane 7/1-4 S i utvinningsløyve 1090, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Norskehavet (6305/10-1)
22.01.2025
Orlen Upstream Norway og partner Norske Shell har boret tørt i undersøkelsesbrønn 6305/10-1 «Tomcat» i den sørlige delen av Norskehavet.
Produksjonstal desember 2024
21.01.2025
Førebels produksjonstal i desember 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 017 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 35/6-6
21.01.2025
Sokkeldirektoratet har gitt OMV (Norge) AS boreløyve for brønnbane 35/6-6 i utvinningsløyve 1109, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Funn av gass i Barentshavet (7122/9-2)
17.01.2025
Vår Energi ASA og partnerne fant gass i prospektet «Elgol», men foreløpig beregning viser at funnet ikke er lønnsomt med dagens prisforutsetninger.
20 selskaper fikk tilbud om andeler
14.01.2025
I forhåndsdefinerte områder (TFO) 2024 har 20 selskaper fått tilbud om andeler i totalt 53 utvinningstillatelser på norsk sokkel.