Sokkeldirektoratet

Boreløyve for brønn 25/7-7 i utvinningsløyve 782 S

31.07.2019 Oljedirektoratet har gitt ConocoPhillips Skandinavia AS boreløyve for brønn 25/7-7 jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 25/7-7 skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 59 18`59,95 N og 02 12`42,66 A.

Boreprogrammet for brønn 25/7-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 782 S. ConocoPhillips Skandinavia AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS (20 prosent), Aker BP ASA (20 prosent) og DEA Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 25/7 og 25/10. Brønnen blir bora om lag 17 kilometer nordvest for Balder-feltet.

Utvinningsløyve 782 S blei tildelt ut 6. februar 2015 i TFO 2014. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 25-7-7

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 11.02.2025

Siste nyheter

Fullt hus for å lære om ny teknologi
05.06.2026 Sokkeldirektoratet jobber for å få industrien til å utvikle, samarbeide tettere og i enda større grad ta i bruk ny teknologi. Til årets utgave av Teknologidagen var det rift om plassene.
Boreløyve for brønnbane 15/6-17
20.05.2026 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 15/6-17 i utvinningsløyve 979.
Produksjonstal april 2026
20.05.2026 Førebels produksjonstal i april 2026 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 158 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 34/10-56 S
08.05.2026 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 34/10-56 S i utvinningsløyve 050 HS.
Utlysning av tildeling i forhåndsdefinerte områder (TFO) 2026
05.05.2026 Energidepartementet har 5. mai 2026 lyst ut TFO 2026, som omfatter de forhåndsdefinerte områdene med blokker i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. 
Årsrapporten 2025: Frå store funn til mindre og meir krevjande prosjekt
30.04.2026 Årsrapporten for 2025 viser korleis Sokkeldirektoratet har rigga seg for ein meir krevjande kvardag på norsk sokkel: Ny organisering, digitalt løft og styrkt beredskap.
Prospektskjemaet er oppdatert
29.04.2026 Sokkeldirektoratet har oppdatert prospektskjemaet for innrapportering av prospekter, prospektmuligheter og i noen tilfeller funn.
Boreløyve for brønnbane 7220/5-EC-2 H
27.04.2026 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 7220/5-EC-2 H i utvinningsløyve 532.
Tørr brønn i Nordsjøen (34/8-A-37 H)
22.04.2026 Equinor og partnere har boret tørt i prospektene «Skoll» og «Hati», øst for Visund-feltet i Nordsjøen.
Produksjonstal mars 2026
21.04.2026 Førebels produksjonstal i mars 2026 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 152 000 fat olje, NGL og kondensat.