Boreløyve for brønn 35/11-23 i utvinningsløyve 090
14.10.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 35/11-23, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 35/11-23 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Atlantic i posisjon 61°1'14,7"N og 3°27'49,21"A.
Boreprogrammet for brønn 35/11-23 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 090. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er ExxonMobil Exploration and Production Norway AS (25 prosent), Idemitsu Petroleum Norge AS (15 prosent) og Neptune Energy Norge AS (15 prosent).
Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 35/11. Brønnen blir bora om lag sju kilometer vest for Fram-feltet.
Utvinningsløyve 090 blei tildelt 9. mars 1984 (8. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den 17. brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 14.10.2019