Boreløyve for brønn 6506/5-1 S i utvinningsløyve 1008
18.12.2019
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 6506/5-1 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 6506/5-1 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Nordkapp i posisjon 650 31' 26,3'' N og 60 36' 31,3'' Ø etter avslutting av boring av utvinningsbrønn på Skogul-feltet i utvinningstillatelse 460.
Boreprogrammet for brønn 6506/5-1 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 1008. Aker BP ASA er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavaran er Wellesley Petroleum AS (40 prosent).
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6506 og del av blokk 6507. Brønnen blir bora om lag 38 kilometer nordvest for Heidrun-feltet og 230 kilometer vest frå Brønnøysund.
Utvinningsløyve 1008 vart delt ut 1.3.2019 i TFO 2018 på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
![Kart over brønn 6506-5-1-S](/globalassets/1-sodir/fakta/nyheter/boreloyve/2019/6506-5-1-s.jpg)
Oppdatert: 18.12.2019
Siste nyheter
Produksjonstal juni 2024
23.07.2024
Førebels produksjonstal i juni 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 982 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 6610/7-3
11.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 6610/7-3 i utvinningsløyve 1014, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbanene 35/6-5 S
04.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbanen 35/6-5 S i utvinningsløyve 1110, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbane 31/1-4
03.07.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanen 31/1-4 i utvinningsløyve 923 B, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Er du vår nye IT-sikkerhetsrådgiver?
01.07.2024
Ønsker du å være med og sikre Norges data om sokkelen? Trives du i spennet mellom taktisk og operativt sikkerhetsarbeid? Da kan du være vår nye IT-sikkerhetsrådgiver.
Norsk sokkel i stadig utvikling
28.06.2024
Direktør Torgeir Stordal deler her nokre tankar om kva som har prega aktiviteten på norsk sokkel i første halvår.
Gassfunn i Barentshavet (7324/8-4)
28.06.2024
Aker BP og partnerne har funnet gass i undersøkelsesbrønn 7324/8-4 (Hassel) i Barentshavet, rundt 300 kilometer fra nordkysten av Norge.