Sokkeldirektoratet

Boreløyve for brønnane 15/3-12 S og 15/3-12 A i utvinningsløyve 025

26.11.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnane 15/3-12 S og 15/3-12 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 15/3-12 S og 15/3-12 A skal borast frå boreinnretninga West Phoenix i posisjon 58°46'53,25"N og 1°54'13,43"A etter avslutting av boring på britisk sektor.

Boreprogrammet for brønn 15/3-12 S og 15/3-12 A gjeld boring av undersøkingsbrønnar i utvinningsløyve 025. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 36 prosent. Dei andre rettshavarane er Neptune Energy Norge AS (25 prosent), OMV (Norge) AS (24 prosent) og Repsol Norge AS (15 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 15/3. Brønnen blir bora om lag 4 kilometer sør for funnet 15/3-4 (Sigrun).

Utvinningsløyve 025 blei tildelt i 1969 i konsesjonsrunde 2-A på norsk sokkel. Dette er den tiande og ellevte leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

kart som viser brønn 15-3-12 i utvinningsløyve 025

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 11.02.2025

Siste nyheter

Gassfunn ved Johan Castberg-feltet i Barentshavet (7220/5-4)
10.07.2025 Equinor Energy AS og partnere har gjort et gassfunn i prospektet «Skred».
Boreløyve for brønnbane 34/8-20 S og 34/8-20 A
09.07.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanane 34/8-20 S og 34/8-20 A i utvinningsløyve 554 E.
Boreløyve for brønnbane 31/4-A-15 B
30.06.2025 Sokkeldirektoratet har gitt OKEA ASA boreløyve for brønnbane 31/4-A-15 B i utvinningsløyve 055.
Oljefunn ved Johan Castberg-feltet i Barentshavet (7220/7-CD-1H)
30.06.2025 Equinor og partnere har gjort et oljefunn i prospektet «Drivis Tubåen».
Se nøkkeltallene våre i nye visualiseringer!
27.06.2025 Nå kan du kjapt og enkelt hente ut nøkkeltallene knyttet til petroleumsvirksomheten på norsk sokkel i interaktive dashbord.
Boreløyve for brønnbane 6506/12-PB-3 H
26.06.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 6506/12-PB-3 H i utvinningsløyve 094.
Tørr brønn i Nordsjøen (25/11-30 S)
26.06.2025 Equinor og partnerne har boret tørt i prospektet «Lit» i Nordsjøen.
Tørr brønn i Norskehavet (6405/7-4)
25.06.2025 Aker BP og partnerne har boret tørt i prospektet «Rondeslottet» i Norskehavet.
Boreløyve for brønnbane 15/8-3 S
23.06.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 15/8-3 S i utvinningsløyve 1137.
Produksjonstal mai 2025
20.06.2025 Førebels produksjonstal i mai 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 980 000 fat olje, NGL og kondensat.