Sokkeldirektoratet

Boreløyve for brønn 31/1-2 S og 31/1-2 A i utvinningsløyve 923

Plattform-mange-farger-1920px.jpg

Illustrasjonsfoto.

19.11.2020 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 31/1-2 S og 31/1-2 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnane 31/1-2 S og 31/1-2 A skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 60°57'4,92"N og 3°18'32,98"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7018/5-1 for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 960.

Boreprogrammet for brønnane 31/1-2 S og 31/1-2 A gjeld boring av undersøkingsbrønn 31/1-2 S og avgrensingsbrønn 31/1-2 A i utvinningsløyve 923. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (20 prosent), Wellesley Petroleum AS (20 prosent) og DNO Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 31/1 og 31/2. Brønnane blir bora om lag 18 kilometer sør-vest for Fram-feltet.

Utvinningsløyve 923 vart delt ut i TFO 2017. Dette er dei første to leitebrønnane som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart over brønn 31-1-2

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 11.02.2025

Siste nyheter

Oljefunn og tørr brønn i Nordsjøen (31/4-A-23 F og 31/4-A-23 G)
28.05.2025 OKEA og rettighetshaverne i utvinningstillatelse 055 har funnet olje langs østflanken av Bragefeltet.
Boreløyve for brønnbane 35/11-31 S
23.05.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 35/11-31 S i utvinningsløyve 090.
Boreløyve for brønnbanane 15/5-8 S og 15/5-8 A
22.05.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanane 15/5-8 S og 15/5-8 A i utvinningsløyve 1140.
Produksjonstal april 2025
20.05.2025 Førebels produksjonstal i april 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 030 000 fat olje, NGL og kondensat.
Oljefunn i Norskehavet (6507/5-13 S og 6507/5-13 A)
20.05.2025 Aker BP ASA og partnere har gjort et oljefunn i det såkalte E-prospektet nær Skarvfeltet.
Boreløyve for brønnbane 6406/11-2 S
19.05.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Vår Energi ASA boreløyve for brønnbane 6406/11-2 S i utvinningsløyve 586.
Boreløyve for brønnbane 7220/5-4
16.05.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 7220/5-4 i utvinningsløyve 532.
Brønnene 32/7-1 og 32/4-4 påviste velegnete egenskaper for CO2-injeksjon og lagring
14.05.2025 Equinor Low Carbon Solutions (Equinor) har boret to avgrensningsbrønner som indikerer at reservoaret egner seg for injeksjon og lagring av karbondioksid (CO2).
Boreløyve for brønnbanane 25/1-14 A, 25/1-14 B og 25/1-14 C
13.05.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbanane 25/1-14 A, 25/1-14 B og 25/1-14 C i utvinningsløyve 873 B.
Seminar om dyphavsdata på norsk sokkel
13.05.2025 Sokkeldirektoratet arrangerer seminar om havbunnsmineraler. Det dreier seg om innsamlet dyphavsdata og hvordan disse dataene gir bedre forståelse av biologi og geologi i dyphavet på norsk kontinentalsokkel.