Boreløyve for brønn 31/11-1 S i utvinningsløyve 785 S
29.01.2021 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 31/11-1 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn 31/11-1 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Atlantic i posisjon 60°06'04,87"N og 03°34'31,79"A etter opphold på verft.
Boreprogrammet for brønn 31/11-1 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 785 S. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 50 prosent. Den andre rettshavaren er Total E&P Norge AS (50 prosent).
Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 26/2 og 31/11. Brønnen blir bora 62 kilometer sør for Trollfeltet.
Utvinningsløyve 785 S blei tildelt 6. februar 2015 (TFO 2014). Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 17.10.2023