Boreløyve for brønn 34/4-16 S i utvinningsløyve 882

Gul-bro-trafikklys-plattform-1920px.jpg

illustrasjonsbilde

04.02.2021 Oljedirektoratet har gitt Neptune Energy AS boreløyve for brønn 34/4-16 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.

Brønn 34/4-16 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Yantai i posisjon 61°33'42,58"N og 02°02'10,59"A etter boring av utvinningsbrønnar på Gjøafeltet.

Boreprogrammet for brønn 34/4-16 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 882. Neptune Energy AS er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er Petrolia NOCA AS (20 prosent), Idemitsu Petroleum Norge AS (20 prosent), og Concedo AS (15 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 33/6 og 34/4. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer nordvest for Snorrefeltet.

Utvinningsløyve 882 vart delt ut 10.02.2017 (TFO 2016). Dette er den tredje leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart som viser hvor brønn 34/4-16 S

Kontakt
Oljedirektoratet

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 04.02.2021

Siste nyheter

Tørr brønn i Nordsjøen (34/6-7 S)
13.12.2024 Aker BP og partnerne har boret undersøkelsesbrønn 34/6-7 S («Kaldafjell») i den nordlige delen av Nordsjøen.
Avgrenset funn i Norskehavet (6507/4-5 S)
10.12.2024 Wintershall Dea (Harbour Energy) har påvist gass i avgrensingsbrønn 6507/4-5 S i Norskehavet, 270 kilometer nord for Kristiansund.
Tørr brønn i Norskehavet (6608/10-R-2 H)
03.12.2024 Prospektet «Løvmeis» i Norskehavet, boret av Equinor, viser seg å være tørt.
Oljefunn i Nordsjøen (2/6-7 S og A)
02.12.2024 DNO Norge AS og partnere har funnet olje i «Othello»-prospektet sør i Nordsjøen.
Produksjonstal oktober 2024
20.11.2024 Førebels produksjonstal i oktober 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 988 000 fat olje, NGL og kondensat.
Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/11-30 S og 35/11-30 A)
14.11.2024 Equinor og partnerne har gjort et olje- og gassfunn i undersøkelsesbrønnene 35/11-30 S og 35/11-30 A («Rhombi») i Nordsjøen.
Få med deg kva som skjer
12.11.2024 Visste du at du kan få varsel om nyheitene våre rett inn i innboksen din?
Boreløyve for brønnbane 6305/10-1
11.11.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Orlen Upstream Norway AS boreløyve for brønnbane 6305/10-1 i utvinningsløyve 1055, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønn 7122/9-2
04.11.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Vår Energi ASA boreløyve for brønnbane 7122/9-2 i utvinningsløyve 1131, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønn 31/4-A-23 F
24.10.2024 Sokkeldirektoratet har gitt OKEA ASA boreløyve for brønnbane 31/4-A-23 F i utvinningsløyve 055, jf. ressursforskrifta paragraf 13.