Sokkeldirektoratet

Mineraltoktet vel i hamn

tokt1.JPG

Her er borekjernen på veg opp på dekk.

09.10.2020 Oljedirektoratet (OD) har igjen jakta mineral på havbotnen – denne gongen med hjelp av ny teknologi, iallfall i denne samanhengen.

Med fartøyet Island Valiant har OD vore på eit fem veker langt tokt på Mohnsryggen nordvest i Norskehavet. Tidlegare i veka la fartyet til kai på Hareid på Sunnmøre etter vellukka tokt.

På toktet har operatøren TIOS gjennomført boreoperasjonar på 3000 meter havdjup for å ta prøvar av mineralførekomstar.  Dei siste åra har OD vore på fleire kartleggingstokt, både i samarbeid med Universitetet i Bergen og på eigen kjøl.

Med hjelp av detaljerte data og prøvar frå havbotnen er det påvist fleire mineralførekomstar.

I desse førekomstane finst det metall og mineral som er viktige for mellom anna batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

Mohnsryggen er ein oseansk spreiingsrygg som skil to jordskorpeplater, og føremålet med dette toktet var å gjere undersøkingar under havbotnen med å bore grunne hol i mineralfelta og å teste ut boreteknologien på så store havdjup.

Oljedirektoratet er fagdirektorat også for mineral på havbotnen, og har fått i oppdrag av Olje-og energidepartementet å kartleggje og påvise mineralførekomstar i djuphavet. 

Banebrytande operasjonar

Boreoperasjonane blei gjort på meir enn 3000 meter djupt vatn med kveilerøyr, dette er ein samanhengande borestreng som er kveila på rull. I tillegg til TIOS har Island Offshore, Halliburton og Oceaneering vore sentrale for prosjektet. 

«Dette er eit ekte pionertokt», seier leitedirektør Torgeir Stordal i OD.

«Det er første gong det er nytta kveilerøyrteknologi på så store havdjup, og det er første gong slik boreteknologi blir brukt til utforsking av mineral på havbotnen».

«Sidan dette er upløgd mark, var vi ikkje sikre på om det ville fungere. Det har det gjort. Vi har tatt mange prøvar som blir nyttige i arbeidet framover», legg han til.

«Kompetanse som norsk industri har opparbeidd seg etter 50 års erfaring frå petroleumsbransjen gjorde at dette nybrottsarbeidet blei vellukka. Norsk teknologi og kompetanse banar veg også på dette området, og viser at vi er leiande innanfor utforsking av mineral på havbotnen».

Skal analysere

Dette er tredje gong OD utfører eigne operasjonar på djupt vatn for å kartleggje potensialet for mineral på havbotnen, og innsamla data og prøvemateriale skal nå analyserast.

«Resultata blir ein viktig del av grunnlaget for å vurdere kor store mengder mineral som finst i desse områda. Dette er ei oppgåve Olje- og energidepartementet har bede OD om å utføre», seier oljedirektør Ingrid Sølvberg.

skorstein2.jpg

Sulfidskorsteinar frå et utdøydd felt i eit område kalla Mohnsskatten.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 10.02.2025

Siste nyheter

Olje- og gassfunn i Barentshavet (7122/7-8)
04.12.2025 Vår Energi og partnerne har funnet olje og gass i prospektet «Goliat Nord».
Hvem fortjener Improved Recovery Award?
25.11.2025 Nå kan du foreslå kandidater til prisen. Den ble første gang tildelt i 1998, da under navnet Oljedirektoratets IOR-pris.
Produksjonstal oktober 2025
20.11.2025 Førebels produksjonstal i oktober 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 017 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 33/12-N-3 GH og 33/12-N-3 HH
20.11.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 33/12-N-3 GH i utvinningsløyve 037 B/152 og 33/12-N-3 HH i utvinningsløyve 037 B/277.
Tørr brønn i Nordsjøen (2/6-8 S og 2/6-8 ST2)
18.11.2025 DNO og partnerne har boret tørt i prospektet «Page» i den sørlige delen av Nordsjøen, rundt 270 kilometer fra Stavanger og 40 kilometer fra Ekofisk.
Hva vil du lære mer om på teknologidagen?
17.11.2025 Sokkeldirektoratet arrangerer teknologidag 4. juni 2026. Du kan sende inn forslag til nominasjoner allerede nå.
Nytt dashbord: Ressursbilde per selskap
14.11.2025 Et nytt dashbord gir deg oversikt over rettighetshavernes petroleumsressurser og -reserver på norsk sokkel.
Avgrensing av oljefunnet “Zagato” i Barentshavet – 7122/8-4 S
13.11.2025 Vår Energis avgrensningsbrønn 7122/8-4 S bekrefter oljefunnet 7122/8-3 S (“Zagato”), som ble påvist i februar.
Ny teknologi er god butikk ved stenging av brønner
13.11.2025 Om lag 2900 brønnbaner på norsk sokkel skal plugges og stenges ned framover, men utvikling og implementering av ny teknologi kan spare næringen og samfunnet for store kostnader.
Tørr brønn i Nordsjøen (34/6-9 S)
11.11.2025 Equinor og partnerne har boret en tørr brønn i Snorre-området i Nordsjøen.